Hestad kapell
- For Hæstad kapell i Dønna, sjå Hæstad kyrkje
| Hestad kapell | |||
| kyrkje | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestland | ||
| Kommune | Sunnfjord | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Bjørgvin | ||
| Prosti | Sunnfjord | ||
| Sokn | Viksdalen | ||
| Fellesråd | Gaular | ||
| Lengd | Utvendig: 13 m x 5,5 m m | ||
| Type | Langkyrkje | ||
| Teknikk | Lafta | ||
| Innvigd | 1805 | ||
| • Endringar | Tak og tårn endra i 1864, etter stormskade | ||
| Sitjeplassar | 60 | ||
| Diverse | Eigd av Fortidsminneforeninga | ||
![]() Hestad kapell 61°19′45″N 5°56′11″E / 61.3292°N 5.9363°E | |||
| Wikimedia Commons: Hestad kapell | |||
Hestad kapell, lokalt òg kalla Øyrakyrkja, står på den smale Øyratangen som skil Hestadfjorden frå Viksdalsvatnet i Sunnfjord kommune i Vestland, og er ei lita langkyrkje frå 1805. Delar av den førre kyrkja, ei stavkyrkje frå mellomalderen, vart brukt då kapellet vart sett opp.[1]
Skipet og koret er lafta medan våpenhuset er stavbygd. Kapellet er truleg sett opp på dugnad av bygdefolket.[2]
Det tidlegaste ein finn Hestad-kapellet nemnd i kjeldene er 1327. Då vert det omtald som Capella de herstadum i eit paveleg rekneskap. I Bergen Kalvskinn frå kring 1350 står Hedinstada kirkia nemnd.[2]
Kapellet har sidan 1917 vore eigd av Fortidsminneforeninga, og det fungerer som museumskyrkje i tillegg til at det plar verte halde nokre få faste gudstenester i det om året. Det kan òg haldast bryllaup og dåpsgudstenester der.[3]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Jan Anders Timberlid: «Hestad kapell» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- Kart over som viser grensene til prestegjelda i 1801, på nettstaden digitalarkivet.no Arkivert 2007-10-30 ved Wayback Machine.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ ««Omattbrukte stavkyrkjedelar» på nettstaden til Fortidsminneforeninga, Sogn og Fjordane avdeling». Vitja 27. desember 2008
- 1 2 ««Hestad kapell» på nettstaden til Fortidsminneforeninga, Sogn og Fjordane avdeling». Vitja 27. desember 2008
- ↑ ««Hestad kapell» på nettstaden til Fortidsminneforeningen». Vitja 27. desember 2008
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om Hestad kapell på nettstaden til Gaular kommune Arkivert 2005-12-18 ved Wayback Machine.
- «Hestad kapell» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
- Eldre fotografi av Hestad kapell på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- Oversyn over gravminne i Gaular kommune på nettstaden disnorge.no
- Skanna kyrkjebøker på nettstaden til Arkivverket
- Hestad kapell i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Hestad kapell». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
