Spanish Harlem Incident

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
«Spanish Harlem Incident»
song av Bob Dylan
frå albumet Another Side of Bob Dylan
Utgjeve 8. august 1964
Innspelt 9. juni 1964
Sjanger Folk
Lengd 2:23
Selskap Columbia Records
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Tom Wilson

«Spanish Harlem Incident» er ein song skriven av Bob Dylan og gjeven ut på albumet hans Another Side of Bob Dylan i 1964.[1]

Songen har skildra som «ein strålande vignett» av kritikarar[2] og hylla for dei mange poetiske dimensjonane.[3] Då Dylan sjølv vart spurt om kva songen handlar om innrømde han at han ikkje hadde noko aning.[4] Forfattar Paul Williams skildrar songen som eit portrett av ei sigøynarjente som Dylan berre har sett i det fjerne, men som likevel har fengsla han fullstendig.[2]

Songen vart spelt av The Byrds på debutalbumet deira Mr. Tambourine Man i 1965,[5]. Songen var ein av fire Dylan-songar på dette albumet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Trager, Oliver (2004). Keys to the Rain: The Definitive Bob Dylan Encyclopedia. Billboard Books. ISBN 0-8230-7974-0
  2. 2,0 2,1 Williams, Paul (1990). Performing Artist: Book One 1960 -1973. Xanadu Publications Ltd. ISBN 1-85480-044-2
  3. Grey, Michael (2000). Song & Dance Man III: The Art of Bob Dylan. Continuum International Publishing Group. ISBN 0-30470-7627-0
  4. www.allmusic.com[1]
  5. Rogan, Johnny (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited. Rogan House. ISBN 0-9529540-1-X

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]