Diva av Dana International

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Diva»
Song av Dana International
Dana International Euro.jpg
Land Israel
Språk Hebraisk
Utgjeve 1998
Sjanger Pop
Lengd 03:02
Selskap CNR Music, Dance Pool[1]
Låtskrivar(ar) Svika Pick, Joav Ginai

«Diva» (hebraisk דיווה) er ein israelsk europoplåt som vann Eurovision Song Contest 1998 for Israel. Songen vart framført av den transkjønna artisten Dana International og var komponert av Svika Pick og skriven av Joav Ginai. Dette var fyrste gongen telefonavrøysting vart brukt i stor skala i Eurovision Song Contest, og «Diva» er difor den fyrste vinnarlåten som vart vald av tv-sjåarane i Europa.[2] Songen vart framført på hebraisk i tevlinga, og fikk ein moderat kommersiell suksess etter sigeren. I Noreg nådde han ein tolvteplass på VG-lista.[3]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1997 valde den israelske kringkastaren IBA den transkjønna artisten Dana International til å representere Israel i Eurovision Song Contest 1998 i Birmingham. Avgjerda var kontroversiell i heimlandet, og vekte sterke reaksjonar blant enkelte ortodokse jødar i Israel. Blant anna mottok ho drapstrugslar, og ho vart bannlyst i nabolandet Egypt.[4]

Ein transkjønna artist var ikkje daglegdags i tevlinga i 1990-åra, og med songen «Diva» skapa ho enorm mediemerksemd i dagane før finalen i Birmingham laurdag 9. mai 1998. Overalt kvar Dana International gjekk, vart hun fotfølgd av livvaktar og eit fulltalig pressekorps.[5] Låten «Diva» er ein typisk europoplåt og ein ode til guddommelege kvinner som Kleopatra, Afrodite og gudinna Victoria.[6] Songen er komponert av Svika Pick (også stava Tzvika Pick), mens teksten er skriven av Joav Ginai (også stava Yoav Ginai).

I finalen var «Diva» det åttande bidraget på scena av 25 deltakarar. Dana International skulle eigentleg stille i eit fjør-utsmykka antrekk, signert den franske moteskaparen Jean-Paul Gaultier, men ombestemte seg i siste liten.[5] I staden stilte ho i ein gråsvart fotsid kjole, men ho skifta til det planlagte Gaultier-antrekket under vinnarreprisen.

Avrøystinga var spennande på fleire måtar. Dette var fyrste gong telefonavrøysting vart brukt i stor skala i Eurovision, også i Noreg. Telefonavrøysting hadde blitt brukt året før også, men då berre som ei forsøksordning i fem land. I 1998 fekk berre land som ikkje hadde eit velfungerande telefonnett bruke juryar.[2] Avrøystinga vart den mest spennande på mange år, og både Kroatia, Nederland, Storbritannia, Israel og Malta veksla på å liggje i leiinga. Før Makedonia som siste land skulle røyste, låg Malta og Israel likt med 166 poeng. Makedonia gav åtte poeng til Israel og ingenting til Malta, og dimed vann Israel med 174 poeng. Men ein feil i den spanske telefonavrøystinga førte til fleire endringar i poengsummane. Under sendinga gav Spania 12 poeng til Israel, mens Israel skulle hatt 10 poeng. Den korrekte poengsummen til Israel og «Diva» var difor 172 poeng.[2]

På førehand meinte fans og ekspertar at den omstridde artisten ville føre til røysteflukt i dei tradisjonelt meir konservative landa i Sør- og Aust-Europa.[7] Men situasjonen viste seg å være omvendt: «Diva» fekk høge poengsummar frå land som Spania, Portugal, Malta, Frankrike, Kypros, Hellas og Polen. Nordvest-Europa var derimot mindre gjevmilde med poenga: norske tv-sjåarar gav berre 3 poeng til «Diva», Sverige og Storbritannia gav 5 poeng, mens Nederland og Irland gav 6 poeng. Noreg gav 12 poeng til Malta.[8]

Då sigeren var eit faktum, erklærte Dana International at ho vann på vegner av alle verdas homofile.[7] Sigeren utløyste også enorm glede heime i Israel, og tusenvis av israelarar tok straks til gatene for å feire fyrsteplassen.[9] Dette var den tredje sigeren til Israel i Eurovision Song Contest.

Etter sigeren[endre | endre wikiteksten]

«Diva» fekk ein viss kommersiell suksess etter Eurovision og gjekk inn på hitlistene i fleire europeiske land. I Noreg nådde songen ein tolvteplass på VG-lista, og han plasserte seg høgt på listene i blant anna Belgia, Spania og Sverige.

Sangen var også ein av fjorten tidlegare Eurovision-låtar som deltok i jubileumsshowet Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest i København i 2005. I tevlinga vart «Diva» kåra til den 13. beste songen frå det fyrste 50 åra av Eurovision Song Contest. Dana International deltok også i Eurovision Song Contest igjen i 2011 med låten «Ding Dong», men lukkast ikkje i å kvalifisere seg frå semifinalen.[10]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (1998) Høgaste
plassering
Veker
på lista
Debutdato
Flag of Austria.svg Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[11] 37 3 28. juni 1998
Flag of Belgium (civil).svg Belgia Flandern (Ultratop)[12] 2 13 23. mai 1998
Flag of Belgium (civil).svg Belgia Vallonia (Ultratop)[13] 4 13 30. mai 1998
Flag of Finland.svg Finland (Suomen virallinen lista)[14] 7 3 Veke 22 1998
Flag of France.svg Frankrike (SNEP)[15] 59 12 30. mai 1998
Flag of Ireland.svg Irland (Irish Singles Chart)[16] 10 5 18. juni 1998
Flag of the Netherlands.svg Nederland (Single Top 100)[17] 11 12 23. mai 1998
Flag of Norway.svg Noreg (VG-lista)[3] 12 5 Veke 22 1998
Flag of Spain.svg Spania (PROMUSICAE)[18] 1 13 8. juni 1998
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia (UK Singles Chart)[19] 11 6 27. juni 1998
Flag of Switzerland.svg Sveits (Schweizer Hitparade)[20] 15 13 14. juni 1998
Flag of Sweden.svg Sverige (Sverigetopplistan)[21] 3 17 22. mai 1998
Flag of Germany.svg Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[22] 47 9 1. juni 1998

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dana International ‎– Diva». Discogs.com. Henta 26. februar 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Eurovision Song Contest 1998». eurovision.tv. Henta 26. februar 2017. 
  3. 3,0 3,1 «VG-lista for 'Diva'». VG Nett. Henta 26. februar 2017. 
  4. «Drapstruet og bannlyst». Verdens Gang. 5. mai 1998. 
  5. 5,0 5,1 «Dana-mania». Verdens Gang. 7. mai 1998. 
  6. «Diva – lyrics». The Diggiloo Thrush. Henta 26. februar 2017. 
  7. 7,0 7,1 «– Vant Grand Prix for alle homser». Verdens Gang. 10. mai 1998. 
  8. «Eurovision Song Contest 1998 – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 26. februar 2017. 
  9. «About Dana International». eurovision.tv. Henta 26. februar 2017. 
  10. «Eurovision Song Contest 2011 – semifinal 2». eurovision.tv. Arkivert frå originalen 2014-10-19. Henta 26. februar 2017. 
  11. Hung, Steffen. «Dana International – Diva». austriancharts.at. Henta 26. februar 2017. 
  12. «Diva – Ultratop». ultratop.be. Henta 26. februar 2017. 
  13. «Diva – Ultratop». ultratop.be. Henta 26. februar 2017. 
  14. «Dana International – Diva (på finsk singelliste)». finnishcharts.com. Henta 26. februar 2017. 
  15. «Dana International – Diva». lescharts.com. Henta 26. februar 2017. 
  16. http://www.fireballmedia.ie. «The Irish Charts (skriv 'Dana International' i artist-søkefeltet)». www.irishcharts.ie. Henta 26. februar 2017. 
  17. Hung, Steffen. «Dana International – Diva». dutchcharts.nl. Henta 26. februar 2017. 
  18. «Listas de superventas: 1998». Listas de superventas. 12. februar 2010. Arkivert frå originalen . Henta 26. februar 2017. 
  19. «Dana International – Chart history». Official Charts Company. Henta 26. februar 2017. 
  20. Hung, Steffen. «Dana International – Diva – hitparade.ch». www.hitparade.ch. Henta 26. februar 2017. 
  21. «Dana International – Diva (Song)». hitparad.se. Henta 26. februar 2017. 
  22. «Offisiell tysk singelliste (skriv 'Dana International' i søkefeltet)». Deutsche Offizielle Charts. Henta 26. februar 2017.