Nicole Seibert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nicole Seibert, kjend som Nicole, (fødd Nicole Hohloch25. oktober 1964 i Saarbrücken) er ein tysk songar.

Ein Lied für Harrogate[endre | endre wikiteksten]

20. mars 1982 deltok Nicole i Ein Lied für Harrogate med songen «Ein bißchen Frieden». Ho vann tevlinga med 5 116 røyster og fekk representere Vest-Tyskland i Eurovision Song Contest 1982.

Eurovision Song Contest 1982[endre | endre wikiteksten]

Nicole starta som nummer 18 i finalen, etter Irland med «Here Today Gone Tomorrow» av The Duskeys. Bidraget fekk tolv poeng frå Portugal, Tyrkia, Sveits, Kypros, Spania, Danmark, Jugoslavia, Israel og Irland, ti poeng frå Noreg, Finland og Belgia, åtte poeng frå Storbritannia og Sverige, seks poeng frå Nederland og eitt poeng frå Austerrike. Vest-Tyskland fekk til saman 161 poeng og vann av totalt 18 bidrag. I tevlinga framførde ho songen på tysk, men under vinnarframføringa song ho på tysk, engelsk, fransk og nederlandsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]