Dana International

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dana International

Dana International fra «Kdam Eurovision 2008»
Fødd2. februar 1972
FødestadTel Aviv i Israel
FødenamnSharon Cohen
(hebraisk: שרון כהן)
AliasDana International
(hebraisk: דנה אינטרנשיונל)
OpphavIsrael
Aktiv1992–i dag
Sjangerpop
Instrumentvokal, kontrabass
Stemmetypealt
PlateselskapHed Arzi Music
Verka somsongar-låtskrivar, plateartist, songar
PrisarVinner av Eurovision Song Contest
Eurovision
Tevla for Israel
01 (F) 1998 Artist
05 (SF 1) 2008 Låtskrivar
09 (F) 2008 Låtskrivar
13 (1) 50 år «Diva»
15 (SF 2) 2011 Artist og låtskrivar
60 år Artist og låtskrivar

Sharon Cohen (fødd Yaron Cohen2. februar 1972), kjend som Dana International, er ein israelsk songar. Karrieren hennar byrja i 1992 og har sidan omfatta åtte album og ytterlegare tre samlealbum, og ho vert rekna mellom ein av dei mest vellukka musikarane i Israel gjennom tidene. Ho vart fødd som mann, og er i dag ein av dei mest kjende transseksuelle kjendisane i verda.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

1990–1993: Dana International[endre | endre wikiteksten]

Dana vart, som 18 åring då ho fortsett var mann, den fyrste israelaren som levde som drag queen og parodierte kjende kvinnelege songarar. Under ein av opptredane sine vart ho oppdaga av Offer Nissim, ein kjend israelsk DJ, som produserte debutsingelen hennar, «Saida Sultana», ein satirisk versjon av «My Name Is Not Susan», ein song av Whitney Houston.[1] Songen fekk tydeleg eksponering og hjelpte ho med å lansere si karriere som proffesjonell songar.[1]

I 1993 reiste Dana International til London for å ein mann-til-kvinne operasjon og endra namn frå Yaron Cohen til Sharon Cohen.[2] Same år som ho kom heim med sitt nye namn gav ho ut sitt fyrste album, Danna International, i Israel. Kort tid etter vart albumet òg gjeve ut i fleire andre land, mellom anna Hellas, Jordan og Egypt. I Jordan og Egypt vart albumet seld ulovleg. Artistnamnet til Sharon, Dana International, kjem frå albumtittelen, og vart opphavleg skriven med to n-er. Albumet selde seinare til gull i Israel.[3]

1994: Umpatampa og Beste kvinnelege artist[endre | endre wikiteksten]

I 1994 gav Dana ut sitt andre album, Umpatampa, som bygde på sukessen til debutalbumet og som inneheldt fleire nye hitsinglar.[4] Albumet vart selde til platina i Israel og har seld meir enn 50 000 kopiar. På grunn av populæriteten hennar og suksessen med albumet Umpatampa vann ho prisen for Beste kvinnelege artist i Israel.

1995: Kdam Eurovision[endre | endre wikiteksten]

I 1995 ville Dana oppfylgje borndomsdraumen sin og delta i Eurovision Song Contest.[5] Ho deltok i Kdam Eurovision 1995, den israelske uttakinga, med songen «Layla Tov, Eropa». Sjølv om ho ikkje vann vart songen populær, og i slutten av 1995 gav ho ut ein EP, E.P. Tampa, med tre nye songar og fire remiksar og ulike versjonar av dei tidlegare songane hennar.

1996–1997: Fortsett populær[endre | endre wikiteksten]

I 1996 gav Dana ut sitt tredje album, Maganuna. Sjølv om albumet vart mindre populært enn dei to andre selde det til gull i Israel. Albumet inneheldt mellom anna dei populære songane «Don Quixote», «Waving» og «Cinque Milla». I 1997 samarbeida ho med den israelske songaren Eran Zur på albumet hans, Ata Havera Sheli, og dei song duett på songane «Shir Kdam-Shnati (Sex Acher)» og «Pre-Bed Song (A Different Kind of Sex)».[6]

1998: Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Dana vart vald til å representere Israel i Eurovision Song Contest 1998 i Birmingham i Storbritannia med songen «Diva». Ortodokse jødar og andre med konservativt syn prøvde å stanse deltakinga hennar i Eurovision Song Contest. I mai 1998 gjekk ho på scena i Birmingham og vann tevlinga. Ho vart ein internasjonal superstjerne, og vart intervjua av CNN, BBC, Sky News og MTV der dei for det meste spurde om livet som transseksuell før ho vann. Dana sine eigne ord «the message of reconciliation» var; «My victory proves God is on my side. I want to send my critics a message of forgiveness and say to them: try to accept me and the kind of life I lead. I am what I am and this does not mean I don't believe in God, and I am part of the Jewish Nation».[7]

Songen starta som nummer åtte i finalen etter Polen med «To takie proste» av Sixteen og før Tyskland med «Guildo hat euch lieb!» av Guildo Horn. Bidraget fekk tolv poeng frå Frankrike, Malta og Portugal, ti poeng frå Hellas, Spania, Sveits, Polen, Kypros, Belgia og Finland, åtte poeng frå Makedonia, sju poeng frå Tyskland, Slovenia, Romania og Estland, seks poeng frå Irland og Nederland, fem poeng frå Storbritannia, Sverige og Tyrkia og tre poeng frå Noreg. Israel fekk til saman 172 poeng og vann av totalt 25 bidrag.

Dana gav ut songen i Europa og den vart ein hit, og låg mellom anna som #11 i Storbritannia og på topp ti i Sverige, Belgia, Finland, Irland og Nederland.[8]

1999–2001: Eurovision Song Contest-fall, Streisand-cover og nye album[endre | endre wikiteksten]

Under Eurovision Song Contest 1999 i Jerusalem i Israel deltok ho i pausenummeret der ho song «Free», ein song av Stevie Wonder. Ho skulle òg gje vinnartroféet til vinnaren frå Sverige, men ein av dei svenske låtskrivarene klårte å trakke på kjolen hennar då ho bar det tunge troféet, så ho fall på scena – framfor eit stor publikum og eit fjernsynspublikum på om lag éin milliard eller meir. Augeblinken er dimed eit av dei mest minneverdege augeblinka i den om lag 60 år lange historia til tevlinga.

2002–2006: Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest og Sony[endre | endre wikiteksten]

«Diva» vart vald ut som ein av dei 14 beste songane i Eurovision Song Contest før Eurovision Song Contest feira 50 år i 2005. Det vart halde eit jubilemsshow kalla Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest i København i Danmark. Songen fekk til slutt 39 poeng og enda på 13. plass. I tillegg til å framføre «Diva», fekk ho òg lov til å framføre det luxembourgske bidraget frå 1978, «Parlez-Vous Francais?».

2007–i dag: Kdam Eurovision og Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

I 2008 skreiv ho songen «Ke'ilu Kan» saman med Shai Kerem som ho sendte inn til Kdam Eurovision 2008. Songen vart vald ut til å delta i tevlinga og vart sungen av den førehandsvalde artisten Boaz Mauda. Boaz Mauda vann med songen til Dana og fekk representere Israel i Euroision Song Contest 2008 i Beograd i Serbia.

Ho deltok som låtskrivar i Eurovision Song Contest 2008. «Ke'ilu Kan» vart framført på engelsk og hebraisk under det engelske namnet «The Fire in Your Eyes». Songen starta som nummer to i den fyrste semifinalen etter Monentgro med «Zauvijek volim te» av Stefan Filipović og før Estland med «Leto svet» av Kreisiraadio. Bidraget fekk ti poeng frå Aserbajdsjan, Noreg og Finland, åtte poeng frå Makedonia, sju poeng frå Tyskland, Slovenia, Romania og Estland, seks poeng frå Irland og Nederland, fem poeng frå Storbritannia, Sverige og Tyrkia og tre poeng frå Noreg. Israel fekk til saman 104 poeng og enda på femteplass av totalt 19 bidrag. Det israelske bidraget gjekk dimed vidare til finalen.

I finalen starta songen som nummer sju etter Bosnia-Hercegovina med «Pokušaj» av Laka og før Finland med «Missä miehet ratsastaa» av Teräsbetoni. Bidraget fekk ti poeng frå San Marino, åtte poeng frå Finland, sju poeng frå Aserbajdsjan og Serbia, seks poeng frå Romania, Armenia, Frankrike, Russland og Moldova, fem poeng frå Bosnia-Hercegovina, Polen, Ukraina, Montenegro og Belgia, fire poeng frå Albania og Kviterussland, tre poeng frå Tyskland, Georgia, Noreg, Slovenia, Nederland, Litauen og Ungarn, to poeng frå Kroatia, Bulgaria og Kypros og eitt poeng frå Hellas og Sveits. Israel fekk til saman 124 poeng og enda på niandeplass av totalt 25 bidrag.

I 2011 sendte Dana inn eit bidrag til Kdam Eurovision 2011 og vart vald ut til å delta i den direktesendte finalen. Songen, «Ding Dong», vann tevlinga og Dana fekk representere Israel i Eurovision Song Contest for andre gong som artist.

Dana deltok med «Ding Dong» i Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland. Songen starta som nummer to i den andre semifinalen etter Makedonia med «Rusinka» av Vlatko Ilievski og før Slovenia med «No One» av Maja Keuc. Bidraget fekk sju poeng frå Makedonia og Frankrike, seks poeng frå Kviterussland, fem poeng frå Nederland og Sverige, fire poeng frå Romania, to poeng frå Belgia og eitt poeng frå Kypros og Italia. Israel fekk til saman 38 poeng og enda på 15. plass av totalt 19 bidrag. Det israelske bidraget gjekk dimed ikkje vidare til finalen. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget fått 51 poeng og enda på ellevteplass og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget fått 36 poeng og enda på 16. plass. Ho er dimed den fyrste og førebels einaste som ikkje har klårt å kvalifisere seg til finalen etter å ha vunne tevlinga tidlegare. Det var òg fyrste gong sidan 1958 og andre gong i historia to tidlegare vinnarar deltok same år; den andre vinnaren som deltok i 2011 var Lena som vann i 2010.

Israel fekk delta i den andre semifinalen 12. mai 2011 av di den fyrste semfinalen 10. mai 2011 vart halden på same dag som minnedagen for falne israelske soldatar og ofre for terrorisme. Hadde landet vorte tildelt ein plass i den fyrste semifinalen hadde dei trekt seg frå tevlinga.[9]

Eurovision Song Contest's Greatest Hits[endre | endre wikiteksten]

Dana International vart invitert til å framføre «Diva» under 60-årsjubiléet til Eurovision Song Contest, Eurovision Song Contest's Greatest Hits.[10] I tillegg til å framføre vinnarsongen frå 1998 framførte ho òg «Waterloo», fyrst éin del med Conchita Wurst, og så resten saman med dei andre artistane som deltok på jubiléet.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Billboard (på engelsk). 23. mai 1998. Henta 17. november 2012. 
  2. Out (på engelsk). Henta 17. november 2012. 
  3. Thomas Peele. Queer popular culture: literature, media, film, and television. Henta August 22, 2011. 
  4. John Shepherd (2005). Continuum encyclopedia of popular music of the world (på engelsk). Henta 17. november 2012. 
  5. Lee Walzer (15. april 2000). Between Sodom and Eden: a gay journey through today's changing Israel (på engelsk). Henta 17. november 2012. 
  6. Richard Middleton. Voicing the popular: on the subjects of popular music (på engelsk). Henta 17. november 2012. 
  7. Jeffrey Heyman. «Dana International - the most famous transsexual in the world» (på engelsk). Arkivert frå originalen 5. april 2012. Henta 17. november 2012. 
  8. John Snelson. Andrew Lloyd Webber (på engelsk). Henta 17. november 2012. 
  9. Barak, Itamar (21. september 2010). «Israel to participate in 2nd semifinal of 2011» (på engelsk). ESCToday. Arkivert frå originalen 23. september 2010. Henta 17. november 2012. 
  10. «Final acts revealed for 60th Anniversary Event» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 8. april 2015. 
  11. «'Eurovision's Greatest Hits' Concert Finds Conchita, Dana International Performing 'Waterloo' (PICTURES)» (på engelsk). Huffington Post. 1. april 2015. Henta 8. april 2015.