Elsa Eikaas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Elsa Eikaas (fødd 11. januar 1937 i Sanddal i Jølster) er ein norsk tekstilkunstnar. I sitt mangeårige virke har Elsa Eikaas utfordra tradisjonar og søkt fornying, både i arbeidet med vev og kyrkjetekstilar. Sidan 1970–talet har ho levert mange monumentale tekstile utsmykkingar til offentlege bygg. Mange av verka hennar er knytt til sakrale rom: kyrkjer, kapell ved sjukehus og sjukeheim, kyrkjelydshus og vigslerom i tingretten. Frå 2000 til 2006 stod kyrkjetekstilane, i samarbeid med Myklebust Kunst & Handverk, i sentrum.[1]

Livsløp[endre | endre wikiteksten]

Elsa Eikaas vart fødd i Sanddal i Jølster. Foreldra var Engel (f. Sandal) og Kristian Eikås. I 1949 flytta familien til Vassenden der faren bygde opp og var rektor på Jølster Heimeyrkeskule. I 1954 flytta ho til Florø for å jobbe ved Bjercks konfeksjonsfabrikk. I 1957 gifta Elsa Eikaas seg med Oluf Bjerck. Dei fekk tre born, May-Elin Eikås Bjerk(1958), Stig og Dag Kristian (1961).I 1970 kjøpte Eikaas Jølstratunet på Vassenden. I 1978 vart ho skilt og flytta tilbake til Jølster ein periode. Frå slutten av 1980-talet og på store delar av 1990-talet budde ho i Bergen. I 1999 flytta Eikaas tilbake til Jølster for godt og kjøpte familiegarden Fluge.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

  • 1953-1954: Årskurs i vev ved Jølster Heimeyrkeskule.
  • 1960: Kurs i saum og finare handarbeid, Florø Husflidslag.
  • 1964: Kurs i tradisjonell biletvev, Florø Husflidslag.
  • 1965: Sveinebrev i kjole- og draktsyarfaget, Florø.
  • 1969: Eksamen ved Pedagogisk Seminar, Oslo
  • 1973: Realskuleeksamen i matematikk, norsk, tysk og engelsk.
  • 1974: Eksamen ved Statens lærarskule i forming, Oslo. Særoppgåve om klededrakt frå bronsealderen i Danmark. Rekonstruerte manns- og kvinnedrakt.
  • Studietur til London.
  • 1978: Tilbod om å vere assistent for Synnøve Anker Aurdal. Eikaas takka nei da ho ønskte å gå sin eigen veg.
  • Studietur til Hellas.
  • 1979: Kunstskule, Førdehuset og Folkeuniversitetet, to semester. Kunstnaren Inge Rotevatn var undervisningsleiar. Undervisning i teikning og farge, folk og nature morte, komposisjon og biletoppbygging.
  • 1981: Sommarkurs i biletvev ved Århus kunstakademi. Kurset hadde i følgje kursbeviset følgjande innhald: ”Skulpturelle grundformer. Komposition, farve- og materiallære. Arbejdstegninger. Billedvævsteknikker. Opsætning af trend på opretstående gobelinvæv. Konstruktion og montering.” Kursleiar var Oda Christensen.
  • 1984: Studietur til Indonesia og Thailand, i to månader. Kurs i vevd batikk og maskekunst.
  • 1986: Studietur til Roma.
  • 1987: Eksamen i kunsthistorie grunnfag ved Universitet i Bergen.
  • 1991: Eksamen i kunsthistorie mellomfag ved Universitetet i Bergen.
  • 2002: Studiereise til København. Stor utstilling av bispekåper og messehaklar opp gjennom tidene i det 70-år gamle Selskabet for kirkelig kunst i Danmark.
  • 2005: Målekurs i Balestrand leia av Ida Lorentzen.
  • Studietur til Island.
  • 2006: Studietur til Færøyane.

Yrkeserfaring[endre | endre wikiteksten]

  • 1954: Byrja å arbeide på Bjercks konfeksjonsfabrikk i Florø.
  • 1965-1968: Vikarlærar ved Jølster Heimyrkeskule. Underviste i mønsterforming, kjole- og draktsaum, modellteikning, material- og fargelære.
  • 1969-1971: Konstituert rektor ved Jølster Heimyrkjeskule. Arbeidde med vidareutvikling av skulen sitt utdanningstilbod.
  • 1974-1977: Husflidskonsulent i Sogn og Fjordane. Arrangerte kursleiarkurs i mange ulike handverksteknikkar, som vev, plantefarging av garn og bunadssaum.
  • 1975: Kursleiar i flatvev i Jølster, Sogn og Fjordane Husflidslag og Jølster Heimeyrkeskule.
  • 1977: Kursleiar i vev og bandvev i Decorah, Iowa, USA for Vesterheim - The Norwegian-American Museum og studerte museet si samling av gamle norske gjenstandar.
  • Administrator for aktivitetsleiarkurset ved Jølster Heimeyrkeskule om hausten.
  • 1978: Kursleiar i vev for vidarekomne frå Vesterheim, Akademiet i Rauland.
  • 1980-81: Vikar ved Jølster Heimeyrkeskule i tekstile fag, teikning, form og farge og saumfag.
  • 1980: Kursleiar i smettvev og Hardangersaum ved Pacific Lutheran University, i Tacoma, Washington, USA.
  • Kursleiar på ein tre vekers tur med båt frå Trondheim til Oslo med 70 amerikanske deltakarar om bord. Tema for studieturen var kunst og tekstil og den vart arrangert saman med Vesterheim.
  • 1980: Kunstnarleg konsulent for utsmykking av bygget for Vegadministrasjonen og postverket i Hermansverk, Sogn og Fjordane.
  • 1981: Kunstnarleg konsulent for utsmykkinga av Kyrkjebø alders- og sjukeheim, Sogn og Fjordane.
  • 1982: Kunstnarleg konsulent for utsmykkinga av Jølster sjukeheim, Sogn og Fjordane.
  • 1983: Forfatta artikkel om ”Vevkunsten i Jølster” til det siste bindet i Jølstrasoga av A. O. Klakegg. Han vart ved ein feil ikkje trykt i boka.
  • 1986: Søkte om midlar frå Distriktenes Utbyggingsfond til å sette opp ei bedrift i Jølstratunet som kunne vidareføre kunst- og handverkstradisjonen i Jølster. Ho såg for seg fem verkstader; ein for vev, ein for søm, stofftrykk o.l., ein for treskjering, skulptur og glasmåleri, ei smie og eit atelier for framstilling av bilete og kartongar. Produkta var tenkt nytta i kyrkjer. Prosjektet fekk ikkje støtte, så det vart skrinlagt. Ideen vart seinare delvis realisert i verksemda Myklebust Kunst & Handverk.
  • 1985-88: Konstruerte ein mekanisert Oppstadvev i stål kalla ”Elsa-veven” i lag med ingeniør Olav Jørgen Hegge frå Øystre-Slidre. I denne veven kan renninga, ved hjelp av motoren, køyrast fram og tilbake slik at ein får høve til å sjå heile arbeidet undervegs. Veven vart ikkje sett i produksjon då han var for dyr å produsere.
  • 1990-91: Dreiv Galleri Jølst i Jølstratunet og laga følgjande utstillingar:”Ode til gode jølstringar” og ”Ode til sterke jenter”. Bodil Cappelen, Carolyn Helland-Hansen, Linni Olesen, Anne-Gro Glistrup og Elsa Eikaas.
  • 1992-1998: Tidvis konsulent for utstillingar og konservering av tekstilar ved Hordamuseet.
  • 1993-1999: Dreiv "Jølsterskulen/ Elsa Eikaas kunstskole" i Bergen og Jølster. Kvar sommar heldt ho 6-7 vekeskurs heime i Jølstratunet. Elevane hadde kost og losji hos ho. Det vart lange dagar med måleri, fargelære, linjeperspektiv, råd om motiv, vinkel, utsnitt, plassering, palett, pensel og fargar. Ho nytta òg andre instruktørar til vekekursa som Gerd Frantzen, May Elin Eikås Bjerk, Hannu Kontinen og Bjørn Finne. Nokre av dei som var på kurs i Jølster om sommaren heldt fram hos ho på kunstskulen i Bergen om hausten. Der hadde ho 3-4 vaksengrupper per veke. Ho starta opp nye grupper kvar haust og vår. Elevane fekk opplæring i måleri, akvarell, croquis, teikning, modellering, collage og grafikk. Mennesket var i fokus. I Jølster gjekk det meir i natur. I nokre semester underviste ho i Barnas Hus i regi av Bergen kommune. Men i 1995 da tilbodet frå kommunen fall bort, flytta ho ungane opp til Jølster-skulen som ho dreiv i atelieret. Der hadde ho ei barnegruppe og ei ungdomsgruppe per veke. Kommunen støtta etterkvart opp om tilbodet slik at det vart underlagt det offentlege. Hausten 1998 (14 dagar) og våren 1999 dreiv ho Elsa Eikaas kunstskole på Lanzarote i Puerto del Carmen. Det var norske fastbuande som gjekk på kursa i måleri.
  • 1997: Arbeidde med eit prosjekt for å vidareforedle ull frå villsau for LyngheisenteretLygra i Lindås, Hordaland. Innlegg på fagseminar der om ”Vevkunsten i vikingtida og vår tids kunsthandverk”.
  • 2000-2005: Var med og bygde opp verksemda Myklebust Kunst & Handverk, der ho var designansvarleg innanfor kyrkjetekstil.

2005: Kursleiar i måleri, Balestrand. Landskap og interiør.

Utstillingar[endre | endre wikiteksten]

Utsmykkingsoppdrag[endre | endre wikiteksten]

2005: Utsmykkingsoppdrag til Fjordane Tingrett, Sogn og Fjordane: veven Samspel.

Kyrkjetekstildesign[endre | endre wikiteksten]

  • 2004: Grøn messehakel og stola til Norddal kyrkje, Møre og Romsdal.
  • Grøn messehakel og stola til Sylte kyrkje, Møre og Romsdal.
  • Fiolett messehakel og stola, prøvemodell ved MKH.
  • Kvitt preikestolklede til Hyen kyrkje, Sogn og Fjordane.
  • Kvit stola til prest Helene Langeland, Lærdal, Sogn og Fjordane.
  • 2005: Kvit messehakel til Haukedalen kyrkje, Sogn og Fjordane.
  • Grøn messehakel til Ålhus kyrkje, Sogn og Fjordane.
  • Grøn messehakel til Helgheim kyrkje, Sogn og Fjordane.
  • Fiolett lesepultklede til Vereide kyrkje, Sogn og Fjordane.

Medlemskap, stipend osb.[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. nb:Ingrid Norum, "Elsa Eikaas - Utsmykking og kyrkjetekstilar", Myndir nr. 2, 2007.
  2. Heimesida til Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane