Friedrich von Hayek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Friedrich von Hayek

Fødd8. mai 1899
Wien
Død23. mars 1992
Freiburg im Breisgau
NasjonalitetAusterrike, Storbritannia
Områdesamfunnsøkonomi, filosofi, politisk filosofi, økonomisk teori, liberalisme, sosialfilosofi, kognitiv vitskap
Yrkesamfunnsøkonom, filosof, historikar, statsvitar, universitetslærar
InstitusjonarSalzburg universitet
Albert-Ludwigs-Universität
New York University
University of Chicago
London School of Economics
Alma materUniversitetet i Wien
Universitetet i Wien
Universitetet i Wien
DoktorgradsrettleiarLudwig von Mises
Friedrich von Wieser
EktefelleHelen Berta Maria von Fritsch, Helene Bitterlich
BarnLaurence Hayek, Christine von Hayek
MedlemMont Pelerin Society
Econometric Society

Friedrich August von Hayek (8. mai 189923. mars 1992) var ein austerriksk sosialøkonom. Han var ved sida av Ludwig von Mises den viktigaste representanten for den austerrikske skulen innan nasjonaløkonomi. Han var kjend for sine konservative oppfatningar og kritikk av den keynesianske velferdstaten. Han var òg ein ivrig antikommunist. Han vart tildelt Nobelprisen i økonomi i 1974.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Friedrich von Hayek var fødd i Wien og døydde i Freiburg im Breisgau i Tyskland. Hayek studerte frå 1918 ved Universität Wien. Formelt studerte han jus, men han følgde oftare kursa i nasjonaløkonomi og psykologi. Sidan han frykta at det kunne bli vanskeleg å få arbeid innan psykologien, fordjupa han seg etterkvart i økonomien, særleg hos sin Doktorvater Friedrich von Wieser.

Hayek var i byrjinga begeistra for dei planøkonomiske tankane til den tyske politikaren Walther Rathenau, men etter å ha lese boka Die Gemeinwirtschaft av Ludwig von Mises, vende han seg bort frå sosialistiske idéar. Han deltok regelmessig på Mises’ privatseminar, og han var rekna som Mises’ mønsterelev. Han tok doktorgraden i 1923.

Frå 1927 leidde han saman med Mises Österreichisches Institut für Konjunkturforschung. Hayek forska, etter ynskje frå Mises, særleg på konjunktursvingningar. I 1931 fekk han ei stilling ved London School of Economics, der han på 1930- og 1940-talet var rekna som den mest framståande representanten for «den austerrikske skulen» og motstandar av John Maynard Keynes.

I 1950 vart han knytt til universitetet i Chicago, og i 1962 vart han professor ved Albert-Ludwigs-Universität i Freiburg im Breisgau i Tyskland. Kort etter vart han styremedlem i Walter Eucken Institut. I 1967 vart han emeritert, men han underviste vidare fram til 1969. For innsatsen i grenseområdet mellom politikk og økonomi vart han i 1974, saman med Gunnar Myrdal, heidra med Nobelprisen i økonomi.


Etter eit gjesteprofessorat ved universitetet i Salzburg reiste han tilbake til Freiburg i 1977, der han arbeidde til han døydde. Eit år han døydde, mottok han Presidential Medal of Freedom.

Teori[endre | endre wikiteksten]

Hayek framhevar at ein fri marknad fungerer som ein problemløysingsmekanisme som tillèt bruk av desentralisert kunne og preferansar. Dette systemet er å føretrekkje på grunn av effektiviteten, men endå meir er det å føretrekkje sidan den kulturelle evolusjonen har forandra samfunnet frå stammesamfunn til dei store abstrakte samfunna av vår tid. I eit abstrakt samfunn skal menneske arbeide saman sjølv om dei ikkje kjenner kvarandre, og samfunnet har difor ikkje grunnlag for konkret solidaritet. Likeeins kjenner den einskilde berre litt til resultat og ringverknader av alle vala dei og andre gjer.

Desse grunnvilkåra avgjer karakteren av dei reglane som koordinerer samarbeidet. Reglane må vere upartiske og dei må tillate dei einskilde samfunnsmedlemmer å gjere fornuftig bruk av deira eiga lokale kunne. Det finst berre eitt sett av reglar som oppfyller desse vilkåra, meiner Hayek, og det er dei reglane som sikrar den mest utstrakte vernet av den private eigedomsretten.

Hayek reknar den spontane ordenen som blir danna av marknaden som moralsk overlegen, fordi alle avgjerder i marknaden siste instansen byggjer på upartiske prinsipp. Det er annleis med politiske vedtak, som vert fatta etter avveging av motståande interesser og maktressursar. Den farlegaste politiske impulsen er førestillinga om sosial rettferd, meiner Hayek; trongen til sosial rettferd er ein leivning frå stammesamfunnet.

I eit samfunn der alle kjenner kvarandre og det utviklar seg ein gjensidig solidaritet, kan ein forsøkje å løne kvar enkelt etter forteneste. I eit stort og abstrakt samfunn leier likevel dette strevet etter sosial rettferd til prinsipplaus politikk. Spørsmålet om kor mykje kvart medlem av eit abstrakt samfunn moralsk sett fortener å få er altfor komplekst til at noko menneske kan svare på det.

Dei som likevel freistar, sosialistane, overvurderer seg sjølv og leier ifølgje Hayek samfunnet til trældom.

Viktige verk[endre | endre wikiteksten]

  • The Road to Serfdom (1944), tysk utg.: Der Weg zur Knechtschaft (seinaste utg. Olzog, München 2003. ISBN 3-7892-8118-2)
  • Die Verfassung der Freiheit (seinaste utg.: Mohr Siebeck, Tübingen 1991. ISBN 3-16-145844-3)
  • Recht, Gesetz und Freiheit (seinaste utg.: Mohr Siebeck, Tübingen 2003. ISBN 3-16-147878-9)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Friedrich von Hayek