Gyland kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gyland kyrkje
kyrkje

Foto: Jan Gustav Åtland

Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Flekkefjord
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Lister og Mandal
Sokn Gyland
Fellesråd Flekkefjord
Material Tre
Innvigd 1815
 - Endringar Rest. 1929 og 1965
Klokker 2, Jacob Rendler (1744)
Kyrkjegard Nei
Preikestol Ca. 1665
Døypefont Av tre, ca. 1665
Altartavle Kross
Sitjeplassar 300
Diverse Krusifiks frå Limoges
Kart
Gyland kyrkje
58°24′41″N 6°47′30″E / 58.41142389°N 6.79161111°E / 58.41142389; 6.79161111
Wikimedia Commons: Gyland kirke
Foto: Jan Gustav Åtland

Gyland kyrkje er ei lafta krosskyrkje frå 1815 på Nuland i Gyland, ei bygd i Flekkefjord kommune i Agder fylke. Kyrkja har 300 sitjeplassar.

Flyttinga av Gyland kyrkje[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjestaden for Gyland var frå mellomalderen ved Gyland gard. Der stod i si tid ei langkyrkje som vart avløyst av dagens kyrkje i 1815. Denne kyrkja vart flytta til Sandvikodden ved Nuland i 1929.

Kyrkjegarden er framleis på den gamle kyrkjestaden, der det i 1970 vart oppført eit kapell.

Krusifikset frå Limoges[endre | endre wikiteksten]

Flyttinga tok to år, og vart ferdigstilt i 1929. Under prosessen vart det funne eit krusifiks, som vart sendt til Kunstindustrimuseet (no Nasjonalmuseet). Etter ynskje frå Gyland kyrkjelydsråd vart krusifikset tilbakeført til kyrkja i 2012.[1]

Klokker[endre | endre wikiteksten]

Klokketårnet har to klokker, som framleis vert ringt manuelt (ikkje mekanisert).

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Limoges-krusifikset i Gyland kirke

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Gyland kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren