Lyngdal kyrkje i Lyngdal
Hopp til navigering
Hopp til søk
- Sjå òg Lyngdal kyrkje i Flesberg.
Lyngdal kyrkje | |
kyrkje | |
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja |
---|---|
Bispedøme | Agder og Telemark |
Prosti | Lister |
Sokn | Lyngdal |
Fellesråd | Lyngdal |
Stad | Lyngdal |
Arkitekt | H.D.F. Linstow / Gabriel Kielland |
Material | Tre |
Innvigd | 10. september 1848 |
Tårn | I vest |
Kor | Rett avslutta |
Kyrkjegard | Ja |
Preikestol | Ole M. Hansen (1848) |
Døypefont | Av tre |
Altartavle | Ole M. Hansen (1848) |
Orgel | Olsen & Jørgensen (1907), omb. 1957 og 1980-åra (Bruno Christensen) |
Sitjeplassar | 800[1] |
Wikimedia Commons: Lyngdal kirke, Vest-Agder | |
Lyngdal kyrkje vart bygd i 1848 etter teikningar av Gabriel Kielland basert på typeteikningar av H.D.F. Linstow. Det er ei krosskyrkje med 800 sitjeplassar. Kyrkja ligg ved fylkesveg 43 i Lyngdal kommune, strategisk plassert midt mellom elvene Lygna og Litleåna.
Om lag ti meter nord for kyrkja stod tidlegare ei eldre kyrkje frå mellomalderen av stein og tre.[2] Denne kyrkja vart riven i 1847. I området finn ein òg ei rekkje gravhaugar som ein trur stammar frå eldre jarnalder og vikingtid.[3]
Nordaust for kyrkja står eit gravkapell med ei altartavle måla av Terje Grøstad i 1964.[4]
Kyrkja er prostikyrkje i Lister prosti i Agder og Telemark bispedømme.
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Kyrkjesøk. Opphavleg hadde kyrkja 1636 sitjeplassar.
- ↑ Knudsen (1998), s. 22–29.
- ↑ Knudsen (1998), s. 117–119.
- ↑ Knudsen (1998), s. 130.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Sigurd Ernst Knudsen, red. (1998). Lyngdal kirke 150 år 1848–1998. Lyngdal. ISBN 82-994729-0-3.
- Alf Henry Rasmussen (1993). «Bruflat kirke». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 576. ISBN 82-7527-022-7.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Lyngdal kirke i Arkitekturguide Vest-Agder
- Vis Lyngdal kyrkje i Lyngdal i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Lyngdal kyrkjelege fellesråd
- Oldtidsmiljøet ved Lyngdal kirke – Fylkesarkeolog Frans-Arne Stylegar.