Harry Potter og dødstalismanene - del 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Harry Potter og dødstalismanene – del 2
OpphavslandStorbritannia, USA Edit this on Wikidata
SpråkEngelsk
SjangerAction/Eventyr/Fantasy/Drama
RegissørDavid Yates Edit this on Wikidata
ProdusentDavid Heyman
David Barron
J.K. Rowling
ManusSteve Kloves
basert på ein roman av J.K. Rowling
MedverkandeDaniel Radcliffe
Rupert Grint
Emma Watson
Ralph Fiennes
Alan Rickman
Helena Bonham Carter
m.fl.
MusikkAlexandre Desplat
SjeffotografEduardo Serra
Filmformat2,35:1
Lengd130 minutt Edit this on Wikidata

Harry Potter og dødstalismanene - del 2 er ein britisk fantasy-film frå 2011, regissert av David Yates and distribuert av Warner Bros. Pictures. Det er den andre delen av filmatiseringa av romanen med same namn av J.K. Rowling. Det er den siste Harry Potter-filmen av dei åtte i serien. Han er skriven av Steve Kloves og produsert av David Heyman, David Barron og Rowling.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Fyrst Voldemort bryt seg inn i Albus Humlesnurr si grav for å stele den kraftige Oldstaven. Harry mistenker at ein malacrux kan vere i kvelvet til Bellatrix DeMons i Flirgott, så etter å ha begrave Noldus spør Harry om hjelp frå gnomen Klotak til å bryte seg inn i kvelvet med Ronny og Hermine. Harry finn Håsblåsbegeret, som viser seg å være ein malacrux. Dei tre rømmer på draken som vaktar kvelvet. Gjennom ein visjon frå Voldemort innser Harry at det også er ein malacrux på Galtvort, som er knytt til Rasla Ravnklo. Nilus Langballe fører trioen gjennom ein hemmelig gang inn til Galtvort.

Slur høyrer om at Harry har kome til Galtvort og trugar med å straffe både lærarane og elevane dersom ingen seier kva dei veit om saka. Harry viser seg for Slur, men Slur flyg vekk når Minerva McSnurp utfordrar han til duell. Harry finn Ravnklos diadem i Nødvendighetsrommet. I Mysteriekammeret øydelegg Hermine malacruxbegeret. Harry slår diademet med ei Basilisktann og Ronny sparkar det inn i Nødvendighetsrommet, der det blir ødelagt. Harry får ein ny visjon, der han ser kvar Voldemort er og finn ut at den siste malacruxen er slangen Nagini. I båthuset overhøyrer trioen at Voldemort fortèl Slur at oldstaven ikkje vil fungere skikkeleg før Slur er daud. Voldemort ber Nagini drepe Slur. Før han døyr, ber Slur Harry om å ta minnene hans til ein tanketank. I kaoset på Galtvort, har Fred, Lupus og Dult blitt drepne.

Harry får vite sanninga om Slur, og finn ut at han sjølv er den siste malacruxen. Han går til den forbudte skogen for å møte Voldemort og ofre seg sjølv. Når Voldemort tilsynelatande drep Harry, fell begge på bakken og svimar av. Harry vaknar i ingenmannsland. Han møter Humlesnurr si ande og forklarar at den delen av Voldemort i Harry blei drepen av Voldemort si eiga forbanning. Harry vender tilbake til kroppen sin, og Narissa Malfang lyg til Voldemort om at Harry er daud.

Voldemort annonserar at Harry er daud på Galtvort, og vil ha alle til å overgje seg til han. Han vil drepe alle som gjer motstand. Harry avslørar at han er i live likevel, og dei to byrjar å duellere. Nilus øydelegg den siste malacruxen, så Voldemort blir dødeleg att. Molly Wiltersen myrdar Bellatrix i Storsalen. I slutten av Harry og Voldemort sin kamp, er det Voldemort si eiga mordforbanning som blir kasta tilbake på han sjølv.

I epilogen har trioen fått born sjølve som dei sender for å byrje på Galtvort.

Under innspelinga

Roller[endre | endre wikiteksten]

Rolle Skuespiller
Harry Potter Daniel Radcliffe
Ronny Wiltersen Rupert Grint
Hermine Grang Emma Watson
Fyrst Voldemort Ralph Fiennes
Rektor Severus Slur Alan Rickman
Bellatrix DeMons Helena Bonham Carter
Minerva McSnurp Maggie Smith
Albus Humlesnurr Michael Gambon
Gulla Wiltersen Bonnie Wright
Nilus Langballe Matthew Lewis
Lulla Lunekjær Evanna Lynch
Remus Lupus David Thewlis
Nymfadora Dult Natalia Tena
Rubeus Gygrid Robbie Coltrane
Draco Malfang Tom Felton
Lucifus Malfang Jason Isaacs
Narsissa Malfang Helen McCrory
Molly Wiltersen Julie Walters
Arthur Wiltersen Mark Williams
Fred Wiltersen James Phelps
Frank Wiltersen Oliver Phelps
Rulle Wiltersen Domhnall Gleeson
Perry Wiltersen Chris Rankin
Fleur Delacour Clémence Poésy
Abriam Humlesnurr Ciarán Hinds
Herr Olivander John Hurt
Helena Ravnklo Kelly Macdonald
Klotak Warwick Davis
Nestor Bindebolt George Harris
Sirius Svaart Gary Oldman
Jakob Potter Adrian Rawlins
Lilly Potter Geraldine Somerville
Prof. Horatsion Snilehorn Jim Broadbent
Prof. Rakel Rummelfiold Emma Thompson
Cho Chang Katie Leung
Argus Nask David Bradley
Professor Pirrevimp Warwick Davis
Fenris Vargar Dave Legeno
Jokum Finnimann Devon Murray
Tommy Ding Alfie Enoch

Forskjellar frå boka[endre | endre wikiteksten]

Vista-error.png Åtvaring: Detaljar om innhaldet i boka eller filmen blir avslørt i dette avsnittet.

Her er ei liste over nokre av forskjellane mellom boka Harry Potter og dødstalismanene og filmen Harry Potter og Dødstalismanene del 2:

  • I filmen blir det aldri nemnt noko om sonen til Remus Lupus og Nymfadora Dult, Teddy, unntatt når Harry brukar oppstodesteinen og nemner "din son" til Remus, som døydde under Slaget om Galtvort.
  • Cho Chang dukkar opp fleire gongar med Galtvortuniform i filmen, noko som er rart sidan ho eigentleg ikkje lenger går på Galtvort.
  • Ariana Humlesnurrs historie om kvifor ho "døydde så ung", som Hermine seier i filmen, er ikkje med i han.
  • Når Harry til slutt drep Voldemort, står det ikkje i boka at han smuldrar opp som i filmen, men at liket av han er att.
  • I staden for at Harry knekker oldstaven og kastar den utanfor Galtvort, står det i boka at han fyrst reparerer sin egen stav og deretter knekker staven på rektors kontor på Galtvort.
  • I filmen et Fenris Vargar Lavendel Bruun, men boka nemner ingenting om det.
  • Ronny, Harry og Hermine følgjer etter Nagini for å prøve å drepe ho med basilisktenner, men i boka drep Nilus Langballe reint og pent Nagini utan at nokon andre fyrst har prøvd.
  • I filmen kyssar Ronny og Hermine kvarandre i Mysteriekammeret, medan dei i boka kyssar framfor Harry midt i borga under slaget om Galtvort.
  • I filmen tar Severus Slurs daud plass i "Båthuset", som ikkje er nemnt i bøkene, i staden for i Hylehuset der det skjer i boka.
  • Det er mange forandringar i Slurs minne som Harry ser gjennom Tanketanken.
  • I boka fortel Harry Ronny og Hermine at han er ein malacrux og må døy, Hermine fortel at ho har mistenkt det ei stund. (I motsetning til i filmen)

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Harry Potter og Dødstalismanene del 1Wikipedia på bokmål.