Hitchhiker av Neil Young

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hitchhiker
Studioalbum av Neil Young
Språk engelsk
Utgjeve 8. september 2017[1]
Innspelt 11. august 1976
Studio Indigo Ranch Recording Studio i Malibu i California[1]
Sjanger Rock
Lengd 33:44
Selskap Reprise
Produsent Neil Young & David Briggs; John Hanlon [1]
Neil Young-kronologi 
Peace Trail
(2016)
Hitchhiker The Visitor
(2017)


Singlar frå Hitchhiker
  1. «Hitchhiker»
    Utgjeve: 4. august 2017

Hitchhiker er eit studioalbum av den kanadiske musikaren Neil Young, gjeve ut den 8. september 2017 på Reprise Records. Det er den niande utgjevinga i arkivserien til Young og den første i Special Release-serien.

Albumet vart produsert av Young og David Briggs med postproduksjon av John Hanlon og det vart opphavleg spelt inn 11. august 1976 på Indigo Ranch Recording Studio i Malibu i California.[1] Young meinte å gje ut albumet kort tid etter det vart spelt inn, men sjefane i Reprise meinte at «det ikkje var eit verkeleg album, men ei samling av demoar» og rådde Young til å spele dei inn med eit band.[2]

Åtte av dei ti songane på Hitchhiker kom ut på forskjellige andre studioalbum av Neil Young dei neste tre tiåra, men hovudsakleg som andre konsert- eller studioinnspelingar. Tre songar frå albumet («Captain Kennedy», «Pocahontas» og «Campaigner») kom ut nesten identiske som versjonane på Hitchhiker. To av songane («Hawaii» og «Give Me Strength») er aldri blitt gjeve ut andre stader enn på dette albumet.

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Mellom 1975 og 1977 spelte Young og produsenten David Briggs ofte inn musikk på Indigo Ranch på kveldar med fullmåne. Desse innspelingane vart gjort i ein særskild produktiv periode for Young og gav songar som «Will to Love» og «Stringman.» Briggs sa om denne tida «Han snudde seg mot meg og sa 'Eg tenkjer eg skal skru på krana' - og så kom 'Powderfinger,' 'Pocahontas,' 'Out of the Blue,' 'Ride My Llama' ut. To dagar, ein dag. Eg snakkar ikkje om å sitje seg ned med penn og papir. Eg snakkar om å ta opp ein gitar, sitte der og sjå rett på meg og på tjue minuttar—'Pocahontas'.»[3]

Songane på albumet vart spelte inn på ei natt. I memoarane sine, Special Deluxe, skildrar Young innspelinga: «Det var eit fullstendig stykke, sjølv om eg var ganske stein då, og du kan høyre det på framføringa mi. Eg la ned alle songane på rekkje og tok berre pause for gras, øl eller kokain. Briggs var i kontrollrommet og miksa på direkten med favorittkonsollen hans.»[4] Mange av songane dukka opp att på framtidige Young-album: «Pocahontas» er det same opptaket som vart nytta på Rust Never Sleeps utan overdubbar, «Captain Kennedy» er i røynda uendra frå Hawks & Doves; «Campaigner» er presentert uredigert med eit ekstra vers, slik han kom ut på den første tyske utgåvene av Decade, men er elles heilt lik. Songane som kom ut på American Stars 'n Bars, Comes a Time, Rust Never Sleeps og Le Noise, er andre innspelingar. Hitchhiker inneheld òg eit par songar som ikkje var gjevne ut før: «Hawaii» og «Give Me Strength». Sistnemnde har stundom blitt framført på konsertane til Young.[1]

Kritikarar[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic88/100[5]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[6]
The A.V. ClubB+[7]
Pitchfork8.4/10[8]

Hitchhiker kom ut fekk det generelt god kritikk. På samlenettsida Metacritic har albumet ein gjennomsnittleg score på 88 av 100, basert på 13 meldingar.[5]

Allmusic gav albumet fire av fem stjerner og Stephen Thomas Erlewine skreiv «På Hitchhiker er Young ikkje heilt sikker enno på om han har drive ut dei vonde åndene, og den uroa gjev akkurat nok kompleksitet til den beroligande flyten på albumet .»[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Kjelde:[1]

Nr.TittelOriginal utgjevingLengd
1.«Pocahontas»Rust Never Sleeps (1979), med overdubbar3:27
2.«Powderfinger»Rust Never Sleeps (1979), spelt inn live med Crazy Horse3:22
3.«Captain Kennedy»Hawks & Doves (1980)2:51
4.«Hawaii»ikkje utgjeven før2:38
5.«Give Me Strength»ikkje utgjeven før3:40
6.«Ride My Llama»Rust Never Sleeps (1979), solokonsertopptak1:50
7.«Hitchhiker»Le Noise (2010), med elektrisk gitar4:37
8.«Campaigner»Decade (1977), manglar eit vers4:19
9.«Human Highway»Comes a Time (1978), spelt inn med band3:16
10.«The Old Country Waltz»American Stars 'n Bars (1977), spelt inn med Crazy Horse og The Bullets3:37

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2017) Plassering
Australske album (ARIA)[9] 22
Austerrikske album (Ö3 Austria)[10] 9
Belgiske album (Ultratop Flandern)[11] 9
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[12] 13
Kanadiske album (Billboard)[13] 23
Danske album (Hitlisten)[14] 26
Nederlandske album (MegaCharts)[15] 14
Finske album (Suomen virallinen lista)[16] 6
Franske album (SNEP)[17] 18
Tyske album (Offizielle Top 100)[18] 8
Irske album (IRMA)[19] 7
Italienske album (FIMI)[20] 31
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[21] 18
Norske album (VG-lista)[22] 10
Portugisiske album (AFP)[23] 36
Skotske album (OCC)[24] 2
Spanske album (PROMUSICAE)[25] 15
Svenske album (Sverigetopplistan)[26] 7
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[27] 13
Britiske album (OCC)[28] 6
US Billboard 200[29] 20
US Top Rock Albums (Billboard)[30] 5

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2017) Plassering
Belgiske album (Ultratop Flandern)[31] 192

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Neil Young Details Lost Acoustic Album 'Hitchhiker' (Young collects results of 1976 session in Malibu, including two previously unreleased songs, on new album) (by Elias Leight)». Rolling Stone magazine. 4. august 2017. Henta 25. februar 2019. [daud lenkje]
  2. Young, Neil (31. august 2017). «Facebook video». Facebook. Henta 25. februar 2019. 
  3. McDonough, Jimmy (2002). «Harpoon Dodger». Shakey: Neil Young's Biography (First utg.). Anchor. ISBN 978-1-4000-7544-7. 
  4. Young, Neil (14. oktober 2014). Special Deluxe: A Memoir of Life & Cars (First utg.). Plume. ISBN 978-0399172083. 
  5. 5,0 5,1 «Reviews and Tracks for Hitchhiker by Neil Young». CBS Interactive. Henta 25. februar 2019. 
  6. 6,0 6,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Hitchhiker - Neil Young | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 25. februar 2019. 
  7. Modell, Josh (4. august 2017). «Neil Young digs deep, finds unreleased gold». The A.V. Club. Henta 25. februar 2019. 
  8. Sodomsky, Sam (25. februar 2019). «Neil Young: Hitchhiker». Pitchfork. Henta 25. februar 2019. 
  9. "Neil Young – Hitchhiker". Australiancharts.com. Hung Medien. Henta 25. februar 2019.
  10. "Neil Young - Hitchhiker" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 25. februar 2019.
  11. "Neil Young – Hitchhiker" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 25. februar 2019.
  12. "Neil Young – Hitchhiker" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 25. februar 2019.
  13. "Neil Young Album & Song Chart History" Billboard Canadian Albums Chart for Neil Young. Prometheus Global Media. Henta 25. februar 2019.
  14. "Neil Young – Hitchhiker". Danishcharts.com. Hung Medien. Henta 25. februar 2019.
  15. "Neil Young – Hitchhiker". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 25. februar 2019.
  16. "Neil Young: Hitchhiker" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 25. februar 2019.
  17. "Neil Young – Hitchhiker". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 25. februar 2019.
  18. "Offiziellecharts.de – Neil Young – Hitchhiker" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 25. februar 2019.
  19. "Neil Young – {{{album}}}". Irishcharts.com. Hung Medien. Henta 25. februar 2019.
  20. "Neil Young – Hitchhiker". Italiancharts.com. Hung Medien. Henta 25. februar 2019.
  21. "Neil Young – Hitchhiker". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 25. februar 2019.
  22. "Neil Young – Hitchhiker". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 25. februar 2019.
  23. "Neil Young – Hitchhiker". Portuguesecharts.com. Hung Medien. Henta 25. februar 2019.
  24. "20170915 Top 40 Skotske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 25. februar 2019.
  25. «Top 100 Álbumes — Semana 37: del 08.09.2017 al 14.09.2017» (på spansk). Productores de Música de España. Henta 25. februar 2019. 
  26. «Sverigetopplistan – Sveriges Officiella Topplista». Sverigetopplistan. Henta 25. februar 2019.  Click on «Veckans albumlista».
  27. "Neil Young – Hitchhiker". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 25. februar 2019.
  28. "20170915 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 25. februar 2019.
  29. "Neil Young Album & Song Chart History" Billboard 200 for Neil Young. Prometheus Global Media. Henta 25. februar 2019.
  30. "Neil Young Album & Song Chart History" Billboard Top Rock Albums for Neil Young. Prometheus Global Media. Henta 25. februar 2019.
  31. «Jaaroverzichten 2017: Albums» (in Dutch). Ultratop Flandern. Henta 6. august 2018.