Furnes i Stranda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°08′40.76″N 6°59′59.1″E

Tunet på øydegarden Furnes ved Sunnylvsfjorden, teke frå Åkerneset på den andre sida av fjorden.
Foto: A.Furseth (2008)

Furnes eller Furneset (dialektisk: furnæse), matrikkelgard nr 127 i Stranda kommune, er ein nedlagt gard ved Sunnylvsfjorden i Møre og Romsdal fylke.

Om namnet[endre | endre wikiteksten]

Oluf Rygh[1] reknar med at namnet har samanheng med treslaget furu og viser til at namnet òg finst andre stader i landet. Ein må rekne med at då dei første busette seg på staden, var neset tilvakse med furuskog.

Garden og folket[endre | endre wikiteksten]

Furnes ligg på austsida av Sunnylvsfjorden, om lag 3 km sør for Oaldsbygda. Gardstunet er lokalisert høgt oppe på ei flate, om lag 440 moh. På motsett side av fjorden ligg øydegarden Timbjørgane og nede ved fjorden finn ein bustaden Almane. Stien frå fjorden (båtstøa) og opp til garden er særs lang og bratt; om lag ein og ein halv time gange. Garden vart omtala som tungbrukt og utsett for stein- og snøskred, men hadde overlag god hamnegang. Det høgaste fjellet bak garden, er Furneshornet (1335 moh) og Geitfjellet (1615) og dei hadde seter ved Furnesvatnet i Furnesdalen (820 moh).

Ein reknar med at der må ha budd folk på garden i tidlegare tider[2], men den første brukaren er nemnt i 1603. Seinare ser det ut til at det jamt budde folk på garden heilt fram til slutten av 1800-talet. Presten Hans Strøm nemner i «Beskrivelse over Fogderiet Søndmør»[3] at på garden «Furnæss» var der éin «Gaardmand» i 1766. Av matrikuleringa i 1866[2], ser ein at dei på garden fôra 7 storfe, 46 småfe og ein gris. Det var då 10 personar på garden, mann og kone, to kårfolk og 6 born.

Etter skredulukka i 1868 (sjå nedanfor) flytta folket på garden til Almane nede ved fjorden. Der hadde dei vinterbustad og om vårane flytta dei opp at til Furnes. Nokre år heldt dei på slik, til dei flytta ut for godt. I 1895 er garden rekna som nedlagt[2].

Furnes ligg i verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap[4] som vart innskrive på UNESCO si Verdsarvliste 14. juli 2005, og staden høyrer òg inn under Geiranger-Herdalen landskapsverneområde[5].

Skredåret 1868[endre | endre wikiteksten]

I 1860-åra var det eit unormalt kaldt og rått vêrlag i det meste av Noreg. Det var rimfrost og kuldegrader om sumrane og om vintrane kom det uvanleg mykje snø. For kvart år som gjekk, vart det verre og verre, fram mot vinteren 1868 som vart den store ulukkesvinteren. I store deler av landet kom det i februar 1868 så mange skadefonner at det i dag er uråd å få full oversikt[6]. Den største snøskredulykka i Noreg, skredet på Klevgardane i Oppdal i Sør-Trøndelag[7], skjedde i februar dette året; der omkom 32 personar. Ein reknar med at i ein kort periode denne månaden omkom 161 personar i snøskred i Noreg.

Natta til 6. februar 1868 gjekk ei stor skadefonn på Furnes[8]. Kårstova og fjøset vart tekne av fonna, dei to som budde i kårstova miste livet og mest all buskapen på garden strauk med. Taket på stovehuset var øydelagt, men ein kjempestein bakom huset tok av for det meste av fonna, og ingen av dei inne vart skadde. Utan om dei to som omkom, vart tre andre personar tekne av raset, men dei vart gravne fram i live, den siste etter 22 timar under snøen.

Etter denne hendinga, var det ikkje buande på Furnes. Stovehuset vart reparert, men dei andre husa vart ikkje bygt opp att, og ingen har budd der vinterstid seinare.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Norske Gaardnavne» av Oluf Rygh (Oslo, Børsum, 1969)
  2. 2,0 2,1 2,2 Sunnylven og Geiranger 2: Gard og ætt (om Furnes: side 442-444) Stranda sogelag 1993.
  3. Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør av Hans Strøm (1766) - side 296
  4. Verdsarv Vestnorsk Fjordlandskap
  5. Geiranger-Herdalen Landskapsvernområde
  6. Skredulykker i Norge, side 102-110
  7. Skredulykker i Norge, om Klevgardane side 105
  8. NVE Atlas Skrednett, sjå: Furneset

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]