Lundanes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°06′59.2″N 6°57′45.4″E

Utsyn frå Ljøen ved Sunnylvsfjorden. Lundanes ligg på neset til venstre, ved innløpet til Geirangerfjorden.
Foto: 2011
Hurtigruta passerer Lundanes, på veg ut frå Geirangerfjorden.
Foto: Juni 2014

Lundanes, matrikkelgard nr 104 i Stranda kommune, er ein nedlagt fjordgard ved Sunnylvsfjorden i Møre og Romsdal fylke.

Lundanes[Note 1] ligg på eit nes ved innløpet til Geirangerfjorden. Det har budd folk på staden i uminnelege tider og der er gjort funn som er blitt datert heilt attende til yngre steinalder[1]. Garden er truleg den eldste i Sunnylven. Den eldste kjende brukaren er nemnt i 1603[2].

Ein reknar med at gardstunet i gamal tid låg oppe på «Halsen», ei flate om lag 70 moh, men seinare vart tunet flytta ned til sjøen, til nordsida av neset. Etter matrikuleringa i 1866[2] hadde garden 4 mål dyrka jord, utan om natureng og utslått, og dei vinterfora 5 storfe og 50 småfe. Tunet på Lundanes var rekna som skredsikkert, og det største problemet var dei harde vindtilhøva på staden. I 1903 tok vinden løa; ny driftsbygning vart sett opp, denne gongen godt festa med bardunar.

Lundanes hadde to setrar, den eine på øydegarden Robben og den andre høgt til fjells, i Robbedalen som ligg om lag 940 m over fjorden.

Den siste som budde på Lundanes var Ole Karl Pedersen Lundanes (1865-1930) og i 1922 selde han garden til oppsitjaren i Matvika. Husa på garden vart då fjerna, men i nyare tid er det blitt bygt ei hytte på staden.

Lundanes ligg i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap[3] som var innskrive på UNESCO si verdsarvliste den 14. juli 2005.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gardsnamnet Lundanes er samansett av orda lund og nes. Det skal finnast berre tre gardar i Noreg med dette namnet.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lundanes eldst i fjorden Sunnmørsposten 23.09.2008
  2. 2,0 2,1 Sunnylven og Geiranger 2 : Gard og ætt (om Lundanes: side 445-448) Stranda sogelag 1993.
  3. Verdsarv Vestnorsk Fjordlandskap

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]