Sylteviklia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°04′48.9″N 7°01′32.2″E Sylteviklia er ein øydegard ved Geirangerfjorden, i Stranda kommune i Møre og Romsdal fylke.

Om namnet: sjå Syltavik.

Sylteviklia er nemnt i matrikkelen for 1666[1] som sjølvstendig gard. I 1737 vart husa på garden øydelagt, dels av brann og dels av snøfonn. Siste brukaren er nemnt i 1738[1] og etter den tida budde der ikkje folk på garden og han vart brukt saman med Syltavik. I «Beskrivelse over Fogderiet Søndmør»[2] (1766) er garden «Sylteviig Lie» oppført som øydegard.

Garden ligg høgt oppe i fjellsida ovanfor Syltavik, om lag 400 moh., med tilkomst via ein lang og bratt gangsti. Jørgen Gjerding[3] sin kommentar: «Ein kan berre undrast på at nokon kunde finne på å busetje seg på ein slik stad».

207 Geirangerfjord.jpg
Verne- og miljøstatus for Geirangerfjorden:
Landskapsvernområde Geiranger-Herdalen
UNESCO Verdsarv-liste Vestnorsk Fjordlandskap
Miljødirektoratet Søk i Naturbase for Stranda

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Sunnylven og Geiranger 2: Gard og ætt (om Sylteviklia: side 588) Stranda sogelag 1993.
  2. Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør av Hans Strøm (1766) - side 290
  3. «Øydebruk i Sunnylven og Geiranger», side 55

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]