Bringa

Koordinatar: 62°07′28.1″N 7°7′21.5″E / 62.124472°N 7.122639°E / 62.124472; 7.122639
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

62°07′28.1″N 7°7′21.5″E / 62.124472°N 7.122639°E / 62.124472; 7.122639

Utsyn frå Geiranger sentrum. Rett over flaggstanga midt på biletet, ser ein der tunet på Bringa var lokalisert, ved elva som renn ut i Geirangerfjorden.
Foto: Juli 2004
Husa på Bringa låg heilt nede ved fjorden, på høgre sida av Bringefossen på biletet.
Foto: Juli 2016

Bringa (dialektisk: bringå - bringinne) matrikkelgard nr 108 i Stranda kommune, er ein nedlagt gard ved Geirangerfjorden i Møre og Romsdal fylke.

Om namnet: Oluf Rygh[1] trur at namnet kan skrive seg frå det norrøne ordet bringa som tyder bringe eller bryst, på folk og fe. I overført tyding skildrar namnet eit breitt, framskytande fjell eller berg, noko som høver med naturtilhøva og plasseringa av dei opphavlege husa på garden.

Bringa er lokalisert ved sjøen på nordsida av Geirangerfjorden, om lag 5 km frå Geiranger sentrum. Husa på garden låg om lag 60 moh, ved Bringefossen (òg kalla Gomsdalsfossen). Garden var rekna som tungbrukt og utsett for stein- og jordskred. Næraste grannegarden er Knivsflå som ligg om lag 2 km lenger ute i fjorden.

Det er kjent at det budde folk på Bringa i 1645[2] men både i 1724 og 1766[3] er garden oppført som øydegard. På byrjinga av 1800-talet kom der folk att og det er nemnt at dei kunne vinterfore 4-5 storfe og 30-40 geiter på garden. Bringe-Ragnhild (Ragnhild Isaksdatter 1811 -1876) var kjend for å vere ein meisterleg ølbryggjar. Ho døydde i 1876 «som følge av beskadigelse ved fald utfaar en bjergknat»[4].

Julenatta 1863 kom det eit stort jordras som gjorde stor skade på husa og der var ikkje buande for folk etter dette. Den siste brukaren var Martinus Sølfestsen (1852-1934) som selde bruket i 1878 til Gomsdal. Garden vart deretter nytta som beitområde ei tid. I dag er husa borte og berre nokre restar av husmurar viser kvar helst tunet ein gong låg.

Kjelder og utfyllande opplysningar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Norske Gaardnavne» av Oluf Rygh (Oslo, Børsum, 1969)
  2. Sunnylven og Geiranger 2: Gard og ætt (om Bringa: side 462-463) Stranda sogelag 1993.
  3. Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør av Hans Strøm (1766) - side 298
  4. Ministerialbok for Sunnylven prestegjeld Digitalarkivet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]