Ljøen

Koordinatar: 62°07′10.3″N 6°55′24.2″E / 62.119528°N 6.923389°E / 62.119528; 6.923389
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

62°07′10.3″N 6°55′24.2″E / 62.119528°N 6.923389°E / 62.119528; 6.923389

Ljøen (dialektisk: ljø'n, dativ ljønå) er ei grend som ligg på vestsida av Sunnylvsfjorden, om lag 5 km frå Hellesylt, og høyrer til i Stranda kommune i Møre og Romsdal fylke.

Om namnet[endre | endre wikiteksten]

Oluf Rygh[1] opplyser at namnet er blitt skrive på mange ulike måtar gjennom tidene (Lyam, «Lyann», Lionne, Øffuerliån, Nedre Liån, og fleire). Namnet kan tyde noko som gir le eller vern, og kan ha samanheng med det norrøne ordet hle som tyder livd eller le-side. Namnet høver med den geografiske lokaliseringa av staden. Presten Hans Strøm nemner i «Beskrivelse over Fogderiet Søndmør»[2] namna Liaaviig, Nedre-Liaa og Øvre-Liaa

Grenda[endre | endre wikiteksten]

På Ljøen var der frå gamalt av to gardar, Øvre Ljøen (eller Øv-Ljøen)[3] matrikkelgard nr 92, og Nedre Ljøen (eller Ner-Ljøen)[3], matrikkelgard nr 93. På dei to hovudgardane bur der framleis folk. Gardane er mellom dei eldste i regionen, og truleg har der budd folk alt frå steinalderen. Eldste brukar ein kjenner til, er nemnt i 1600. Under hovudbruka har det gjennom tidene vore etablert mange plassar og andre bustadar, der det i dag ikkje lenger er fast busetnad.

Området ved Ljøen har rik edellauvskog og lokaliteten er ein viktig del av dei gamle skogane som strekkjer seg samanhengande på vestsida av Storfjorden og Sunnylvsfjorden[4][5].

Ljøen ligg i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap[6] som var innskrive på UNESCO si verdsarvliste den 14. juli 2005.

Ljøvik
Småbruket låg nær sjøen og fiske var truleg ein viktig del av levevegen. Det hadde tidlegare eigen matrikkel og var kanskje den staden som var tidlegast busett på Ljøen[7]. Ein brukar er nemnt i 1606 og den siste brukaren flytta ut før 1801. I dag er det berre få spor etter busetnaden der.

Ljøfoss
Den første brukaren, Anders Knutsen, fekk feste på eigedomen i 1800. Sonen hans vart kalla Foss-Nils og han dreiv mellom anna med båtbygging[3]. Nils A. Liaaen flytta seinare til Ålesund og starta den verksemda som utvikla seg til A. M. Liaaens Skipsverft og mekaniske verkstad[8] (etablert 1861). Den siste brukaren på Ljøfoss flytta ut mot slutten av 1800-talet, etter at det hadde gått steinskred i nærleiken av husa.

Naustberget
var ein plass under Nedre Ljøen. Der budde folk frå slutten av 1800-talet og den siste brukaren flytta ut i 1920.

Kvieplassen (Kvien)
Plassen var bruk nr 2 under Nedre Ljøen. Brukarar er nemnt på 1800-talet og den siste brukaren reiste til Amerika omkring 1900.

Lindane
Dette var eit bygselbruk under Nedre Ljøen og låg tett ved Ljøvegen som gjekk ned til Naustberget. I juli 1893 kom ei fonn av snø, stein og vatn som tok stovehuset og førte det heilt ned i fjorden[9]. Ei mor og ein treåring vart tekne av skredet, men dei overlevde. Folk har ikkje budd på staden etter den tida.

Bjørkneset
Plassen var bruk nr 4 under Øvre Ljøen og første brukaren er nemnt i 1666. Eit steinskred i juli 1845 gjorde skade på husa og 3 born miste livet[10]. Den siste brukaren døydde i 1896.

Kleivane
Dette var bruk nr 2 som var utskilt som ein bygselplass under Øvre Ljøen. Plassen vart skyldsett i 1879, men hadde vore bygselplass lenge før. Vinteren 1902 tok snøfonna fehusa og dyra på garden og siste brukaren flytta ut i 1907.

Nakhammar (Hammaren)
Staden ligg langt frå sjøen, med ein bratt og tung sjøveg. Ein brukar er nemnt i 1606. Omkring 1610 tok ei snøfonn husa og truleg omkom folket som budde der[11]. Garden er nemnt som øydebruk både i 1620 og i 1700, og folk har ikkje budd der seinare.

Vegløysing[endre | endre wikiteksten]

Ljøen var stasjon på den den gamle postvegen frå Bergen til Trondheim (Den trondhjemske postveg[12]). Før 1962 var postvegen det einaste vegsambandet dei hadde med omverda. Det var brukarane på Nedre Ljøen som var tilsett som postberar og han hadde ansvaret for etappen mellom Hellesylt og Sløgstad i Stranda. Frå Hellesylt måtte ein først i båt, ein rotur på om lag 5 km ut til landingsvoren ved Ljøen, deretter gjekk vegen opp den bratte Ljøbrekka med 21 sikksakksvingar, over Løfjellet i nær 800 m høgd og vidare ned den stupbratte Herdalsbrekka til Strandadalen. Der var det så bratt at dei farande måtte entre seg opp eller ned etter ei trosse som var festa i fjellsida. Den eldste vegen var mest berre ei dyrerås, men tidleg i 1860-åra vart det bygt ein noko betre veg[Note 1]. Postvegen er registrert i Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner[13].

På slutten av 1930-åra og fram mot 1940 vart det sett i gang arbeid med eit vegsamband mellom Stranda og Hellesylt, men ved krigsutbrotet stogga arbeidet. Først i 1962 opna eit nytt, ferjefritt samband (fylkesveg 60) frå Hellesylt via Ljøen til Stranda[14], med tunnel frå Ljøen til Herdal. Ljøen fekk dermed fast vegsamband, noko som truleg gjorde sitt til at folk vart buande i den elles veglause grenda.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Alt i 1868 vart ruta lagt ned som postveg og dampbåten hadde teke over posttransporten.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Norske Gaardnavne» av O. Rygh (Oslo, Børsum, 1969)
  2. Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør av Hans Strøm (1766) - side 296
  3. 3,0 3,1 3,2 Sunnylven og Geiranger 2: Gard og ætt (om Ljøen: side 394-406) Stranda sogelag 1993.
  4. Nedre Ljøen Naturbase, Miljødirektoratet
  5. Ljøvika-Hammaren Naturbase, Miljødirektoratet
  6. Verdsarv Vestnorsk Fjordlandskap
  7. «Øydebruk i Sunnylven og Geiranger» side 7
  8. Odd Volland (1961). A.M. Liaaen. Ålesund. 
  9. Skrednett Sørpeskred, Lindane
  10. Skrednett Fjellskred, Bjørkneset
  11. Skrednett Snøfonn, Hammaren
  12. Den Trondhjemske Postveg Digitalt museum
  13. Kultur og miljø Arkivert 2017-11-07 ved Wayback Machine. Statens Vegvesen
  14. Ljøvegen i Stranda kommune Arkivert 2017-11-07 ved Wayback Machine. opna i 1962 (PDF)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]