Gomsdal

Koordinatar: 62°07′51.6″N 7°7′2.9″E / 62.131000°N 7.117472°E / 62.131000; 7.117472
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

62°07′51.6″N 7°7′2.9″E / 62.131000°N 7.117472°E / 62.131000; 7.117472

På veg inn Geirangerfjorden. Til venstre i biletet ser ein hengedalen Gomsdalen og elvefaret til Bringeelva som endar med Bringefossen nede ved fjorden.
På den høgre sida av fjorden ser ein fjellgarden Skageflå.
Foto: 2016
Biletet viser Geirangerfjorden med Ørnevegen oppe til høgre og tunet av øydegarden Gomsdal nede til venstre.
Foto: A.Furseth 2016
Gardstuna i Gomsdal: biletet viser murane etter dei to tuna og den restaurerte stova i Oppigard, slik dei ser ut i dag.
Foto: A.Furseth (2016)

Gomsdal eller Gausdal, matrikkelgard nr 109 i Stranda kommune, er ein nedlagt gard ved Geirangerfjorden i Møre og Romsdal fylke.

Om namnet[endre | endre wikiteksten]

Oluf Rygh[1] trur at det kan vere tale to ulike namn: «Gausdal» som kan kome frå eit gamalt namn på elva; Gaus eller Gausa. Namnet «Goms» kan ha samanheng med det norrøne ordet gumpr som kan tyde sete eller søkk (dalsøkk).

Garden og folket[endre | endre wikiteksten]

Gomsdal ligg på nordsida av Geirangerfjorden, i ein hengedal 620 moh., rett opp for øydegarden Bringa. Garden som til sume tider har vore øydegard, er først nemnt i 1645[2]. I 1744 låg han øyde men t.d. i «Beskrivelse over Fogderiet Søndmør» (1766)[3] er «Gumsdal» oppført med éin «gaardmand». Det har truleg vore busetnad på Gomsdal frå dei eldste tider, og ein har gjort funn som kan skrive seg frå steinalderen[2]. Husa låg i livd av ein fjellknaus, ikkje langt frå dei bratte stupa ned mot Geirangerfjorden. Gardsvegen opp frå fjorden, er på 600 høgdemeter og er særs bratt og krokut. Ein kan òg nå Gomsdal frå Oaldsbygda (5-6 km) og frå Korsmyra ved Ørnevegen (4 km).

Gomsdalen ligg om lag på tregrensa og der var lite skog, slik at dei måtte nytte torv til brensel. Kornavlen var på det uvisse og krøterhald var viktigaste næringsgrunnlaget. I 1843 er det nemnt til saman 12 storfe og 32 småfe på dei to bruka. Dette året vart garden delt i to jamstore bruk: Nedistova (bnr 1) og Oppistova (bnr 2). I 1878 kjøpte dei to brukarane kvar sin halvpart av den fråflytta garden Bringa nede ved fjorden og dei nytta i hovudsak markane der til vinterbeite for sauer og geiter.

Vinteren 1907 vart sagt å ha vore den verste fonnvinteren i manns minne, og mellom andre er nemnt Vesteråsfonnene[4] 22. og 23. februar i Geiranger, der tretten personar omkom, og Øvstegardsfonna 23. februar i Oaldsbygda, som gjorde stor skade[5]. Fonnefaren var òg stor i Gomsdalen og etter denne vinteren vart brukarane i begge tuna samde om å flytte. Sumaren 1907 flytta dei ut samstundes, og dei vart dei siste som budde fast på Gomsdal. Ei tid heldt dei fram med å slå der; graset vart sendt med løypestreng ned til Bringa ved fjorden og derifrå frakta vidare med robåt.

Det siste huset som stod att på Gomsdal, vart restaurert i 1990/1991 av den ideelle foreininga «Storfjordens Venner»[6] - sjå bilete.

Jordmorruta[endre | endre wikiteksten]

Ei særmerkt kvinne frå Gomsdal var Kristianne Halsteinsdotter [7] (1815-1904) frå Oppistova. Juledag 1892 gjekk ho, 77 år gamal, frå Gomsdal til Knivsflå (om lag 3 km) langs særs bratte fjellsider og i rasfarleg terreng, for å hjelpe til med ein barnefødsel. Vegen som Kristianne gjekk denne juledagen, blir etter henne kalla «Jordmorruta» og er særs krevjande, sjølv på sumars dag. Det er òg fortalt om henne at ho i pinsa 1904 gjekk ned den bratte vegen til fjorden for å fare til kyrkje i Geiranger, og ho gjekk opp att den same dagen[8]. I august det året døydde ho, 89 år gamal.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Norske Gaardnavne» av Oluf Rygh (Oslo, Børsum, 1969)
  2. 2,0 2,1 Sunnylven og Geiranger 2 : Gard og ætt (om Gomsdalen: side 465) Stranda sogelag 1993.
  3. Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør av Hans Strøm (1766) - side 290
  4. Skrednett NVE (Vesteråsfonna i Geiranger)
  5. Skrednett NVE (Øvstegardsfonna i Oaldsbygda)
  6. Storfjordens venner
  7. Sjå: «Lagnader langs fjorden» side 92-114
  8. Sjå: «Eld som slokna» side 78

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]