Isflå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°12′45.2″N 7°02′30.6″E

Rasstaden der øydegarden Isflå låg, ved Sunnylvsfjorden i Stranda kommune.
Foto: Nov 2008

Isflå eller Isflåen (dialektisk: isflåna), matrikkelgard nr 98 i Stranda kommune, er ein nedlagt gard som ligg på austsida av Sunnylvsfjorden i Møre og Romsdal.

Om namnet[endre | endre wikiteksten]

Oluf Rygh[1] har inga god forklaring på namnet då dei eldre formene er mange og sterkt avvikande, som til dømes «Hirdtzflåen» og «Hirsflåen». Han trur helst at ein må tolke namnet som halvemål, med andre ord Hisflå (då har første namnelekken ikkje noko med «is» å gjere).[Note 1]

Garden og folket[endre | endre wikiteksten]

I gamal tid var Isflå gard nr 1 i Sunnylven skipreide og i eldgamal tid høyrde strekninga frå Ospahjellneset (i Norddalsfjorden) til Isflå, til Stranda. Då dette landskapet gjekk over til Norddal kommune, vart Isflå verande att. Av praktiske grunnar kom då garden til å ligge under Sunnylven, sjølv om kommungrensa skulle tilseie at han høyrde til Norddal. Eigarane av Isflå var oftast frå Stranda[2]

Dei få husa på garden, truleg eit stovehus, ein fjøs og kanskje ei løe, låg i bratt lende, om lag 150 m frå sjøen og i livd av ein liten hammar. Første brukar som er nemnt på Isflå, er Sifuert[3] som drog ut til Kalmarkrigen i 1611. Det er nemnt at det var brukarar på garden fram til om lag 1740[Note 2]. Presten Hans Strøm omtala garden i «Beskrivelse over Fogderiet Søndmør»[4] som kom ut i 1766. Han skreiv at soknet i Sunnylven byrja ved denne garden som han kalla «Iisflaae» eller «Hirtzflaae», og at der då var éin gardmann og éin husmann.

Etter den tida ser det ut til at garden låg øyde resten av 1700-talet[Note 3]. Omkring 1801 kom der nye folk. Det er nemnt at der var brukarar i 1818, men dei vart truleg dei siste som budde på Isflå. I 1847 vart garden delt i to jamstore bruk og ved matrikuleringa i 1866 vart det skrive at garden låg øyde[3].

Skredet[endre | endre wikiteksten]

Frå dalføret Isflåkoppen kom der 27. november 2008 eit steinskred [5] (og kanskje jordskred) som gjekk over øydegarden Isflå. Skredet gjekk heilt til sjøs, men laga ikkje flodbølgjer.

Forfattaren Arild Flydal var på tur til Isflå i 2003 og i boka «Fjordfolket» (sjå ref.) skildra han med tekst og bilete ein triveleg stad med mange spor etter folket som hadde budd der. Av det gamle tunet på garden var berre restar murane att og det einaste huset på staden var ei lita hytte nede ved sjøen.

I skredet i 2008 vart hytta totalt øydelagt, landskapet vart endra og staden er ikkje lenger brukande til bustad.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. På vestsida av Sunnylvsfjorden, rett over for Isflå, er der eit anna flå-namn: «Gaddeflærne» (fleirtal av flå). Dersom namnet «Isflå» er halvemål, slik som O. Rygh trur, må rette namnet vere «Hisflå». Det er då nærliggande å drøfte ei tyding der den første namnelekken har samanheng med det norrøne orde hizig, som kan tyde «på den andre sida» (hisset). Sett frå Gaddeflærne, kan namnet Hisflå såleis tydast til: flåa på den andre sida.
  2. Det er nemnt at dei i 1724 fora 2 kyr, 2 ungfe og 8 geiter og sauer.
  3. For året 1790 er det nemnt at garden hadde vore øyde i 50 år.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norske Gaardnavne av O. Rygh om Hisflaaen side 109
  2. Gerhard Kjølås (1961). Liv og lagnad, Stranda bygdebok. Stranda: Stranda kommune. s. 19. 
  3. 3,0 3,1 Sunnylven og Geiranger 2 : Gard og ætt (om Isflå: side 420-421) Stranda sogelag 1993.
  4. Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør av Hans Strøm (1766) - side 276 og 296
  5. NVE Atlas Skrednett, sjå: Isflåen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]