Oaldsbygda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Oaldsbygda er ei fråflytt grend på austsida av SunnylvsfjordenSunnmøre. Ho ligg 12 kilometer ut fjorden frå Hellesylt. Så tidleg nokon veit hadde bygda tre gardar: Seljeflot, Midgard og Øvstegard. Seinare, ein gong før år 1600, vart garden Stokke teken i bruk. Ved frådeling vart det på det meste ni bruk i bygda. I 1801 budde her 51 personar. Kring 1910 var folketalet opp i 70.

Folket her har stort set vore sjølvforsynte, også med korn. Våren kjem tidleg. Det gjorde at dei ikkje trong fore dyra inne så lenge som andre stader i distriktet. I liene og på fjellet var godt beite. Jakt og fisk var viktig for livberginga.

Oaldsbygda er brattlendt og manglar heilt køyreveg. All transport skjedde på manneryggen. På slutten av tida her budde folk fekk alle gardane løypestreng frå sjøen til tunet. Til å heise varer opp løypestrengen brukte dei først handemakt. Etter kvart tok dei i bruk vasskraft eller dei skaffa seg motor.

Oaldsbygda postopneri vart opna i 1897. Til postopneriet høyrde og gardane på Åkneset. Før dei fekk kai, i 1932, rodde dei ut til rutebåten med og etter folk, varer og post. Skulehuset vart bygt i 1924. Tidlegare hadde det vore omgangsskule. Det største fellesløfet som oaldsbygdarane gjorde var å skaffe seg telefonsamband. I 1930 stod lina til Eidsdal ferdig. Ved dugnad drog dei på plass alle telefonstolpane. Det gjorde dei med handemakt. Nokre stolpar vart frakta opp til 1400 moh. Med telefonlina fekk dei god dugnadshjelp frå folk i Eidsdal.

Etter andre verdskrigen tok fråflytting til. Dei siste familiane flytte i 1953. Etter det har jorda vorte brukt til sauebeite og husa til feriebustadar.

Oaldsbygda har vore lite råka av naturøydeleggingar. Men i februar 1907 vart garden Øvstegard teken av snøfonn. Tre menneske vart tekne, men alle berga livet. Husa vart i stor grad knuste og mange husdyr vart drepne. Etter snøskredet vart eine bruket fråflytt. På dei andre to bruka tok nye brukarar over. For å få seg opp nye hus måtte mellom anna alle materiala berast opp frå sjøen til tunet som ligg 400 moh.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]