Undercover

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Undercover
Studioalbum av The Rolling Stones
Utgjeve 7. november 1983
Innspelt 11. november til 17. desember 1982,
Mai 1983,
seint i juni til 1. august 1983
Sjanger Rock
Lengd 45:00
Selskap Rolling Stones/Virgin
Produsent The Glimmer Twins
og Chris Kimsey
Kritikk
The Rolling Stones-kronologi
"Still Life" (American Concert 1981)
(1982)
Undercover Dirty Work
(1986)

Undercover er eit album av The Rolling Stones frå 1983. Etter det førre studioalbumet deira, Tattoo You, som hovudsakleg var ei samling av tidlegare innspelingar, var Undercover det første albumet deira med nye songar spelt inn i 1980-åra. Etter kvart som MTV-generasjonen var på god veg fram, prøvde The Rolling Stones å tilpasse seg den nye æraen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

På grunn av framsteg innan innspelingsteknologi slo The Glimmer Twins (som var Mick Jagger og Keith Richards) seg offisielt i saman med produsent Chris Kimsey, den første produsenten dei nytta seg av sidan Jimmy Miller, om lag 10 år tidlegare. Innspelinga starta i november 1982 i Paris. Dei gjorde ferdig albumet sommaren etter i New York City.

Innspelinga av Undercover var ein vanskeleg prosess, hovudsakleg fordi striden mellom Jagger og Richards no var i full gang. Jagger ønskte å eksperimentere med nye stilartar, medan Richards ønskte å halde bandet til rock og bluesrøter. Dette førte til mykje gnissingar og spaning mellom dei to frontmennene i The Rolling Stones dei neste åra.

Tekstane på Undercover er av dei mest makabre Mick Jagger har skrive og hovudsingelen «Undercover of the Night» hadde mange uhyggelege tema og var ein sjeldan politisk song om Sør-Amerika. Det same hadde songane «Tie You Up (The Pain Of Love)» og «Too Much Blood». Undercover er ei blanding av hardrock, reggae og new wave, og syner tautrekkinga mellom Jagger og Richards. «Pretty Beat Up» er hovudsakleg ein song av Ronnie Wood og Jagger og Richards var visstnok begge motvillige til å ta han med på albumet.

Undercover kom ut i november 1983 og fekk generelt god kritikk. Han nådde tredjeplassen i Storbritannia og Noreg, og fjerdeplassen i USA. Albumet var det første etter åtte førsteplassar på rad i USA (utanom samlinga og konsertalbum), og hadde heller ikkje nokre store hitsinglar.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Undercover deler framleis kritikarar og tilhengjarar. Sjølv om det vart hylla av fleire kritikarar då det kom ut, reknar mange tilhengjarar albumet som eit av deira svakaste, eit syn Jagger sjølv har delt i intervju seinare. Enkelte kritikarar har trekt fram produksjonen som eit svakt punkt. Andre har sett dei ufyselege tekstane i samanheng med striden mellom Jagger og Richards. Albumet var det siste seriøse forsøket bandet hadde på å ta bandet i ei ny musikalsk retning, og seinare (og meir populære) album har gått meir tilbake til den opphavlege rock- og bluesstilen frå tidleg i 1970-åra.

I 2005 hadde musikkmagasinet Q songen «Undercover of the Night» på lista si «Ten Terrible Records by Great Bands» («Ti grufulle songar av store band»).

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Undercover of the Night»   4:32
2. «She Was Hot»   4:41
3. «Tie You Up (The Pain Of Love)»   4:16
4. «Wanna Hold You»   4:37
5. «Feel On Baby»   5:07
6. «Too Much Blood»   6:14
7. «Pretty Beat Up» (Mick Jagger/Keith Richards/Ronnie Wood) 4:04
8. «Too Tough»   3:52
9. «All The Way Down»   3:14
10. «It Must Be Hell»   5:04

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]