Dirty Work

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dirty Work
Studioalbum av The Rolling Stones
Utgjeve 24. mars 1986
Innspelt 5. april – 17. juni, 16. juli – 17. august 1985, 10. september - 15. oktober 1985
Sjanger Hardrock, poprock
Lengd 40:03
Selskap Rolling Stones, Columbia
Produsent Steve Lillywhite, The Glimmer Twins
The Rolling Stones-kronologi
Undercover
(1983)
Dirty Work Steel Wheels
(1989)
Singlar frå Dirty Work
  1. «Harlem Shuffle»
    Utgjeve: 28. februar 1986
  2. «One Hit (To the Body)»
    Utgjeve: 9. mai 1986
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Christgau's Record GuideA[2]
MusicHound2.5/5[3]
The Rolling Stone Album Guide4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[4]
Uncut3/5[5]

Dirty Work er det 18. studioalbumet til The Rolling Stones (eller 20. amerikanske album). Det kom ut 24. mars 1986Rolling Stones Records. Det vart produsert av Steve Lillywhite og vart innspelt i ein periode der forholdet mellom Mick Jagger og Keith Richards var dårleg. Albumet vert ofte trekt fram som det verste albumet dei laga.[6]

Albumet inneheldt ein hit, «Harlem Shuffle», og hadde med fleire gjesteartistar som Tom Waits, Jimmy Page, Patti Scialfa og Bobby Womack.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga starta i april 1985 i Paris og pågjekk i to månader, før dei tok ein kort pause.[7] Mick Jagger hadde nettopp gjeve ut det første soloalbumet sitt, She's the Boss, til Richards sin store irritasjon, som meinte at Jagger ikkje la nok innsats inn i bandet, men fokuserte meir på solokarrieren. Jagger var ofte borte frå innspelinga, medan Richards i lag med Ronnie Wood, Bill Wyman og Charlie Watts gjorde grovarbeidet. Vokalen til Jagger vart lagt på seinare. Skiljet mellom Jagger og Richards vart tydeleg 13. juli 1985 då Jagger spelte solo på Live Aid, medan Richards og Wood spelte akustisk gitar for Bob Dylan på same konsert.

Charlie Watts medverka heller ikkje stort. I 1993 fortalte han Ed Bradley60 Minutes at han i 1980-åra var avhengig av heroin og alkohol og at dette medførte at han vart erstatta av andre trommeslagarar på både Undercover og Dirty Work. Steve Jordan og Anton Fig speler begge trommer på nokre av songane, medan Ronnie Wood spelar trommer på «Sleep Tonight».

Fire av dei åtte originale songane på albumet er tilskriven Jagger/Richards/Wood og ein til Jagger/Richards/Chuck Leavell. Berre tre er tilskriven Jagger/Richards, det lågaste talet sidan Out of Our Heads (1965). Dirty Work er det første Rolling Stones-albumet der Richards syng solovokal på meir enn ein song («Too Rude» og «Sleep Tonight»).

12. desember 1985 døydde brått Ian Stewart, eit av medlemmene som grunnla the Rolling Stones og som hadde spelt piano og vore turnemanageren deira sidan den gong. Han vart 47 år gammal. Til minne om venen deira la dei til eit skult spor på slutten av albumet der Stewart spelar Big Bill Broonzy sin «Key to the Highway».

I mars 1986 vart coverversjonen av «Harlem Shuffle» gjeven ut som singel, den første hovudsingelen deira frå eit studioalbum som ikkje var tilskriven Jagger/Richards sidan tidleg i 60-åra. Singelen fekk grei mottaking og nådde 13. plass i Storbritannia og 5. plass i USA. Oppfølgjaren var «One Hit (to the Body)», som nådde Topp 30.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Dirty Work vart gjeven ut ei veke etter «Harlem Shuffle», og nådde fjerdeplass i Storbritannia og USA, og tredjeplass i Noreg. Kritikarane var ikkje like entusiastiske. Enkelte meinte at Jagger hadde spart dei beste songane for soloalbumet sitt, og at songane på Dirty Work rett og slett ikkje var gode nok. Denne haldninga har ikkje endra seg særleg i nyare tid, noko som truleg kjem av mangelen på sterke songar og den plastiske 80-talsproduksjonen.[6][8][8]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «One Hit (To the Body)»  Mick Jagger, Keith Richards, Ronnie Wood 4:44
2. «Fight»  Jagger, Richards, Wood 3:09
3. «Harlem Shuffle»  Bob Relf, Ernest Nelson 3:23
4. «Hold Back»  Jagger, Richards 3:53
5. «Too Rude»  Lindon Roberts 3:11
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
6. «Winning Ugly»  Jagger, Richards 4:32
7. «Back to Zero»  Jagger, Richards, Chuck Leavell 4:00
8. «Dirty Work»  Jagger, Richards, Wood 3:53
9. «Had It with You»  Jagger, Richards, Wood 3:19
10. «Sleep Tonight»  Jagger, Richards 5:10
11. «Løynd spor» (utdrag frå «Key to the Highway»)  0:33

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Rolling Stones

Andre medverkande

Produksjon

  • Lydteknikar: Dave Jerden, Steve Parker
  • Assisterande lydteknikar – Tom Crich, Mike Krowiak
  • Innspeling i Pathe Marconi Studios Paris
  • Miksa i R.P.M. og Right Track Studios N.Y.C.
  • Kunstnarisk leiar og design – Janet Perr
  • Kunstnarisk leiar og fotografi – Annie Leibovitz
  • Kunst inne i omslaget – Mark Marek

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1986) Plassering
Australske Kent Music Report[10] 2
Den austerrikske albumlista[11] 4
Canadian RPM Albums Chart[12] 2
Den nederlandske albumlista[13] 1
Den franske SNEP-lista[14] 9
Den tyske Media Control-lista[15] 2
Den italienske albumlista[16] 3
Den japanske Oricon-lista[17] 6
Den newzealandske albumlista[18] 3
Noreg - VG-lista[19] 3
Den spanske albumlista[20] 2
Den svenske albumlista[21] 4
Den sveitsiske albumlista[22] 1
UK Albums Chart[23] 4
US Billboard 200[24] 4

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Liste Plassering
1986 «Harlem Shuffle» The Billboard Hot 100[25] 5
Mainstream Rock Tracks[25] 2
Hot Dance Music/Club Play[25] 4
Hot Dance Music/Maxi-Single Sales[25] 5
UK Top 100 Singles[26] 13
«One Hit (To the Body)» Mainstream Rock Tracks[25] 3
The Billboard Hot 100[25] 28
UK Top 100 Singles[26] 80
«Winning Ugly» Mainstream Rock Tracks[25] 10

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1986) Plassering
Den australske albumlista[10] 23
Den austerrikske albumlista[27] 28
Den kanadiske albumlista[28] 20
Den nederlandske albumlista[29] 28
Den franske albumlista[30] 26
Den italienske albumlista[16] 21
US Billboard 200[31] 79

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[32] Platina 100 000^
Frankrike (SNEP)[33] Gull 231,800[34]
Tyskland (BVMI)[35] Gull 250 000^
Nederland (NVPI)[36] Gull 50 000^
Storbritannia (BPI)[37] Gull 100 000^
USA (RIAA)[38] Platina 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic
  2. «Robert Christgau: CG: rolling stone». http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?name=rolling%20stone. Henta 29. mars 2018. 
  3. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 952. ISBN 1-57859-061-2. 
  4. «The Rolling Stones: Album Guide». rollingstone.com. Henta 29. mars 2018.
  5. «The Rolling Stones - Dirty Work/Steel Wheels/Voodoo Lounge And More - Uncut». http://www.uncut.co.uk/reviews/album/the-rolling-stones-dirty-worksteel-wheelsvoodoo-lounge-and-more. Henta 29. mars 2018. 
  6. 6,0 6,1 «Rolling Stone’s 15 Worst albums By Great Bands». Rolling Stone Magazine. http://www.rollingstone.com/rockdaily/index.php/2007/05/14/rolling-stones-15-worst-albums-by-great-bands/. 
  7. Zentgraf, Nico. «The Complete Works of the Rolling Stones 1962-2008». http://www.nzentgraf.de/books/tcw/works1.htm. Henta 2008-03-20. 
  8. 8,0 8,1 Soto, Alfred (September 2004). «On Second Thought: Rolling Stones - Dirty Work». Stylus Magazine. http://www.stylusmagazine.com/articles/on_second_thought/rolling-stones-dirty-work.htm. 
  9. Saulnier, Jason (8. april 2010). «Chuck Leavell Interview». Music Legends. http://musiclegends.ca/interviews/chuck-leavell-interview-rolling-stones/. Henta 6. mai 2013. 
  10. 10,0 10,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  11. «The Rolling Stones – Dirty Work – austriancharts.at» (ASP). http://austriancharts.at/showitem.asp?interpret=The+Rolling+Stones&titel=Dirty+Work&cat=a. Henta 29. mars 2018. 
  12. «Top Albums/CDs - Volume 44, No. 5, 26. april 1986». RPM. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?&file_num=nlc008388.0663&type=1&interval=50&PHPSESSID=c6btf3r8hs459qqt5ln3o3dcv5. Henta 29. mars 2018. 
  13. «dutchcharts.nl The Rolling Stones – Dirty Work» (på nederlandsk) (ASP). Hung Medien. MegaCharts. http://dutchcharts.nl/showitem.asp?interpret=The+Rolling+Stones&titel=Dirty+Work&cat=a. Henta 29. mars 2018. 
  14. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen den 26. januar 2016. https://web.archive.org/web/20160126084927/http://infodisc.fr/Album_R.php. Henta 29. mars 2018. Note: user must select 'The Rolling Stones' from drop-down.
  15. «Album Search: The Rolling Stones – Dirty Work» (på tysk) (ASP). Media Control. http://www.officialcharts.de/album.asp?artist=The+Rolling+Stones&title=Dirty+Work&cat=a&country=de. Henta 29. mars 2018. 
  16. 16,0 16,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1986» (på Italian). hitparadeitalia.it. http://www.hitparadeitalia.it/hp_yenda/lpe1986.htm. Henta 29. mars 2018. 
  17. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  18. «charts.org.nz The Rolling Stones – Dirty Work» (ASP). Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. http://charts.org.nz/showitem.asp?interpret=The+Rolling+Stones&titel=Dirty+Work&cat=a. Henta 29. mars 2018. 
  19. «norwegiancharts.com The Rolling Stones – Dirty Work» (ASP). http://norwegiancharts.com/showitem.asp?interpret=The+Rolling+Stones&titel=Dirty+Work&cat=a. Henta 29. mars 2018. 
  20. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  21. «swedishcharts.com The Rolling Stones – Dirty Work» (ASP). Sverigetopplistan. http://swedishcharts.com/showitem.asp?interpret=The+Rolling+Stones&titel=Dirty+Work&cat=a. Henta 29. mars 2018. 
  22. «The Rolling Stones – Dirty Work – hitparade.ch» (på tysk) (ASP). Hung Medien. Swiss Music Charts. http://hitparade.ch/showitem.asp?interpret=The+Rolling+Stones&titel=Dirty+Work&cat=a. Henta 29. mars 2018. 
  23. «The Rolling Stones > Artists > Official Charts». UK Albums Chart. http://www.officialcharts.com/artist/_/Rolling%20Stones. Henta 29. mars 2018. 
  24. «Allmusic: Dirty Work : Charts & Awards : Billboard Albums». allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/r16815/charts-awards. Henta 29. mars 2018. 
  25. 25,0 25,1 25,2 25,3 25,4 25,5 25,6 «Rolling Stones Billboard Hot 100 history». Rovi Corporation / Billboard. http://www.allmusic.com/artist/R16815/charts-awards/billboard-singles. Henta 29. mars 2018. 
  26. 26,0 26,1 «Rolling Stone singles history – UK charts archive». http://www.chartstats.com/artistinfo.php?id=730. Henta 29. mars 2018. 
  27. «Austriancharts.at - Jahreshitparade 1986». Hung Medien. Arkivert frå originalen den 9. november 2010. https://web.archive.org/web/20101109091446/http://austriancharts.at/1986_album.asp. Henta 29. mars 2018. 
  28. «RPM Top 100 Albums of 1986». RPM. 27. desember 1986. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?&file_num=nlc008388.8824&type=1&interval=20&PHPSESSID=c6btf3r8hs459qqt5ln3o3dcv5. Henta 29. mars 2018. 
  29. «Dutch charts jaaroverzichten 1986» (på nederlandsk) (ASP). Arkivert frå originalen den 21. august 2014. https://web.archive.org/web/20140821215733/http://dutchcharts.nl/jaaroverzichten.asp?year=1986&cat=a. Henta 29. mars 2018. 
  30. «Les Albums (CD) de 1986 par InfoDisc» (på fransk) (PHP). infodisc.fr. Arkivert frå originalen den 9. februar 2012. https://web.archive.org/web/20120209201025/http://www.infodisc.fr/B-CD_1986.php. Henta 29. mars 2018. 
  31. Billboard Magazine – 1986: The Year in Music & Video. Billboard (Nielsen Business Media). 27. desember 1986. 
  32. «Canadian album salstrofé – The Rolling Stones – Dirty Work». Music Canada. http://www.musiccanada.com/gold-platinum/#!/gp_search=%22Dirty+Work%22%20%22The+Rolling+Stones%22. Henta 29. mars 2018. 
  33. «French album salstrofé – The Rolling Stones – Dirty Work» (på French). InfoDisc. http://www.infodisc.fr/Certif_Album.php.  Select THE ROLLING STONES and click OK
  34. «Les Albums Or :» (på fransk). Infodisc.fr. Arkivert frå originalen den 24. april 2014. https://web.archive.org/web/20140424210606/http://www.infodisc.fr/CDCertif_O.php?debut=2327. Henta 21. august 2013. 
  35. «Gold-/Platin-Datenbank (The Rolling Stones; 'Dirty Work')» (på German). Bundesverband Musikindustrie. http://www.musikindustrie.de/gold_platin_datenbank/?action=suche&strTitel=Dirty+Work&strInterpret=The+Rolling+Stones&strTtArt=alben&strAwards=checked. Henta 29. mars 2018. 
  36. «Dutch album salstrofé – The Rolling Stones – Dirty Work» (på Dutch). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. http://www.ifpi.nl/nvpi/pagina.asp?pagkey=60463. Henta 29. mars 2018. 
  37. «British album salstrofé – The Rolling Stones – Dirty Work». British Phonographic Industry. http://www.bpi.co.uk/certified-awards.aspx. Henta 29. mars 2018.  Enter Dirty Work in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  38. «American album salstrofé – The Rolling Stones – Dirty Work». Recording Industry Association of America. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?artist=%22Dirty+Work%22. Henta 29. mars 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH