Steel Wheels

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Steel Wheels
Studioalbum av The Rolling Stones
Utgjeve 29. august 1989
Innspelt 29. mars – 5. mai, 15. mai – 29. juni 1989
Studio Air StudiosMontserrat
Sjanger Rock, hardrock
Lengd 53:03
Selskap
Produsent Chris Kimsey, The Glimmer Twins
The Rolling Stones-kronologi
Dirty Work
(1986)
Steel Wheels Voodoo Lounge
(1994)
Singlar frå Steel Wheels
  1. «Mixed Emotions»
    Utgjeve: 17. august 1989
  2. «Rock and a Hard Place»
    Utgjeve: 4. november 1989
  3. «Almost Hear You Sigh»
    Utgjeve: Januar 1990
  4. «Terrifying»
    Utgjeve: 1990
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Robert ChristgauB–[2]
The Great Rock Discography6/10[3]
MusicHound2.5/5[4]
Q4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[5]
Record Collector3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[5]
Rolling Stone4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[6]
The Rolling Stone Album Guide3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[7]
Virgin Encyclopedia of Popular Music3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]

Steel Wheels er eit album av The Rolling Stones frå 1989. Det vart utropt som eit stort comeback då det kom ut og er kjend for at Mick Jagger og Keith Richards vart vener igjen under innspelinga, at bandet gjekk tilbake til den meir opphavlege stilen deira og for at albumet vart etterfølgd av den største verdsturneen bandet hadde hatt til då. Det var òg det siste albumet som bassist Bill Wyman spelte på med The Rolling Stones, då han trekte seg frå bandet i januar 1993.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter Dirty Work frå 1986 og Jagger sitt sideløp som soloartist hadde forholdet mellom han og Richards vorte særs dårleg. Medan Jagger gav ut Primitive Cool i 1987 til lunken mottaking, gav Richards ut det første soloalbumet sitt, Talk is Cheap, i 1988 til begeistra kritikk. Åra frå kvarande såg ut til å ha hjelpt så pass på forholdet deira at dei no kunne halde fram partnarskapet sitt og bandkarrieren.

Dei møttest igjen i januar 1989, like før The Rolling Stones vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame og kjemien mellom Jagger og Richards overstrålte skilnadane dei hadde. Dei komponerte om lag femti songar på berre nokre veker, og Ronnie Wood, Bill Wyman og Charlie Watts vart tilkalla for å starte innspelinga av det som vart Steel Wheels. Chris Kimsey vart hyrt inn som medprodusent, som han hadde vore på Undercover.

Plata vart spelt inn i Montserrat og London i løpet av våren med tanke på at Steel Wheels skulle ha den klassiske Rolling Stones-stilen og vere i plate utan den keisame produksjonen og svake songmaterialet som mange følte hadde skjemd dei førre platene, som Dirty Work. Den einaste songen som dreiv i ei anna retning var «Continental Drift», som var inspirert av austleg musikk og som var ein hyllest til Brian Jones. Jagger og Richards la fortida bak seg og innspelinga av Steel Wheels gjekk forholdsvis harmonisk for seg.

Den massive Steel Wheels-turneen starta i august 1989, samstundes med at Steel Wheels' kom ut i lag med første singelen «Mixed Emotions». Singelen vart den siste store hitten deira i USA, der han nådde femteplassen. Kritikarane tok godt i mot albumet og Steel Wheels nådde andreplassen i Storbritannia, tredjeplassen i USA og førsteplassen i Noreg. Oppfølgjarsinglane var «Rock and a Hard Place», «Almost Hear You Sigh» og «Terrifying». Den gigantiske Steel Wheels-turneen, som enda på sommaren 1990, etter å ha skifta namn til Urban Jungle Tour, vart ein enorm økonomisk suksess, og The Rolling Stones var tilbake for fullt. I 1990 filma Fox ein 3-D spesial for TV. Ein IMAX-film frå turneen kom ut året etter.

Albumet vart det første Rolling Stones gjorde digitalt.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Sad Sad Sad»   3:35
2. «Mixed Emotions»   4:39
3. «Terrifying»   4:53
4. «Hold On To Your Hat»   3:32
5. «Hearts For Sale»   4:40
6. «Blinded By Love»   4:37
7. «Rock and a Hard Place»   5:25
8. «Can't Be Seen»   4:10
9. «Almost Hear You Sigh» (Mick Jagger/Keith Richards/Steve Jordan) 4:37
10. «Continental Drift»   5:14
11. «Break the Spell»   3:07
12. «Slipping Away»   4:30

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Rolling Stones

  • Mick Jagger – solo- og korvokal, elektrisk og akustisk gitar; munnspel, perkusjon, klaverinstrument på «Continental Drift»
  • Keith Richards – elektrisk, akustisk og klassisk gitar, korvokal; solovokal på «Can't Be Seen» og «Slipping Away»; sykkelspiler på «Continental Drift»
  • Ronnie Wood – elektrisk og akustisk gitar, bassgitar og akustisk bass, korvokal, dobro
  • Bill Wyman – bassgitar
  • Charlie Watts – trommer

Andre medverkande

Teknisk

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1989–90) Plassering
Den australske ARIA-lista[9] 7
Den austerrikske albumlista[10] 1
Canadian RPM Albums Chart[11] 1
Den nederlandske albumlista[12] 2
Den franske SNEP-lista[13] 6
Den tyske Media Control-lista[14] 2
Den italienske albumlista[15] 5
Japanese Oricon Albums Chart[16] 5
Den newzealandske albumlista[17] 3
Noreg - VG-lista[18] 1
Den spanske albumlista[19] 6
Den svenske albumlista[20] 2
Den sveitsiske albumlista[21] 2
UK Albums Chart[22] 2
US Billboard 200[23] 3

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1989) Plassering
Den kanadiske albumlista[24] 13
Den nederlandske albumlista[25] 37
Den franske albumlista[26] 36
Den italienske albumlista[15] 40
Den japanske albumlista[27] 89
Liste (1990) Plassering
Den kanadiske albumlista[28] 45
Den nederlandske albumlista[29] 66
US Billboard 200[30] 50

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Austerrike (IFPI Austerrike)[31] Gull 25 000x
Canada (Music Canada)[32] 3× Platina 300 000^
Finland (Musiikkituottajat)[33] Gull 25,227[33]
Frankrike (SNEP)[34] 2× Gull 271,800[35]
Tyskland (BVMI)[36] Gull 250 000^
Japan (RIAJ)[37] Gull 167,000[38]
Nederland (NVPI)[39] Gull 50 000^
Spania(PROMUSICAE)[40] Gull 50 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[41] Gull 25 000x
Storbritannia (BPI)[42] Gull 100 000^
USA (RIAA)[43] 2× Platina 2 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. AllMusic review
  2. Robert Christgau
  3. 3,0 3,1 «The Rolling Stones Steel Wheels». Acclaimed Music. Henta 29. mars 2018. 
  4. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 952. ISBN 1-57859-061-2. 
  5. 5,0 5,1 «The Rolling Stones – Steel Wheels CD». CD Universe/Muze. Henta 29. mars 2018. 
  6. Rolling Stone review
  7. "The Rolling Stones: Album Guide". rollingstone.com. Henta 29. mars 2018.
  8. Saulnier, Jason (8. april 2010). «Chuck Leavell Interview». Music Legends. Henta 29. mars 2018. 
  9. «australian-charts.com The Rolling Stones – Steel Wheels» (ASP). Australian Recording Industry Association. Henta 29. mars 2018. 
  10. «austriancharts.at The Rolling Stones – Steel Wheels» (ASP). Hung Medien (på tysk). Henta 29. mars 2018. 
  11. «Top Albums/CDs – Volume 50, No. 22» (PHP). RPM. 25. september 1989. Henta 29. mars 2018. 
  12. «dutchcharts.nl The Rolling Stones – Steel Wheels» (ASP). Hung Medien. MegaCharts. Henta 29. mars 2018. 
  13. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen 26. januar 2016. Henta 29. mars 2018. 
  14. «Album Search: The Rolling Stones – Steel Wheels» (på tysk). Media Control. Henta 29. mars 2018. 
  15. 15,0 15,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1989» (på Italian). hitparadeitalia.it. Henta 29. mars 2018. 
  16. «ヴードゥー・ラウンジ/ザ・ローリング・ストーンズ-リリース-ORICON STYLE-ミュージック» [Highest position and charting weeks of Steel Wheels by The Rolling Stones]. oricon.co.jp (på Japanese). Oricon Style. Henta 29. mars 2018. 
  17. «charts.org.nz The Rolling Stones – Steel Wheels» (ASP). Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Henta 29. mars 2018. 
  18. «norwegiancharts.com The Rolling Stones – Steel Wheels» (ASP). Henta 29. mars 2018. 
  19. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  20. «swedishcharts.com The Rolling Stones – Steel Wheels» (ASP) (på svensk). Henta 29. mars 2018. 
  21. «The Rolling Stones – Steel Wheels – hitparade.ch» (ASP). Hung Medien (på tysk). Swiss Music Charts. Henta 29. mars 2018. 
  22. «The Rolling Stones > Artists > Official Charts». UK Albums Chart. Henta 29. mars 2018. 
  23. «allmusic ((( Steel Wheels > Charts & Awards > Billboard Albums )))». allmusic.com. Henta 29. mars 2018. 
  24. «RPM Top 100 Albums of 1989». RPM. Henta 29. mars 2018. 
  25. «Dutch charts jaaroverzichten 1989» (ASP) (på nederlandsk). Henta 2. april 2014. 
  26. «Les Albums (CD) de 1989 par InfoDisc» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 23. oktober 2014. Henta 29. mars 2018. 
  27. «1989年 アルバム年間TOP100» [Oricon Year-end Albums Chart of 1989] (på Japanese). Henta 29. mars 2018. 
  28. «Top 100 Albums of 1990». RPM. 22. desember 1990. Henta 29. mars 2018. 
  29. «Dutch charts jaaroverzichten 1990» (ASP) (på nederlandsk). Henta 2. april 2014. 
  30. «Billboard.BIZ – Year-end Charts – Billboard 200 – 1990». billboard.biz. Henta 18. september 2011. 
  31. «Austrian album salstrofé – The Rolling Stones – Steel Wheels» (på tysk). IFPI Austerrike. Henta 29. mars 2018.  Enter The Rolling Stones in the field Interpret. Enter Steel Wheels in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  32. «Canadian album salstrofé – The Rolling Stones – Steel Wheels». Music Canada. Henta 29. mars 2018. 
  33. 33,0 33,1 The first web page presents the sales figures, the second presents the certification limits:
  34. «French album salstrofé – The Rolling Stones – Steel Wheels» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  35. «Les Albums Double Or». infodisc.fr (på fransk). SNEP. Arkivert frå originalen 10. november 2013. Henta 29. mars 2018. 
  36. «Gold-/Platin-Datenbank (The Rolling Stones; 'Steel Wheels')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 29. mars 2018. 
  37. «Japanese album salstrofé – ザ・ローリング・ストーンズ – スティール・ホイールズ» (på japansk). Recording Industry Association of Japan. 
  38. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  39. «Dutch album salstrofé – The Rolling Stones – Steel Wheels» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. Henta 29. mars 2018. 
  40. «Solo Exitos 1959–2002 Ano A Ano: Certificados 1991–1995». Solo Exitos 1959–2002 Ano A Ano. ISBN 8480486392. 
  41. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (The Rolling Stones; 'Steel Wheels')». Hung Medien. Henta 29. mars 2018. 
  42. «British album salstrofé – The Rolling Stones – Steel Wheels». British Phonographic Industry. Henta 29. mars 2018.  Enter Steel Wheels in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  43. «American album salstrofé – The Rolling Stones – Steel Wheels». Recording Industry Association of America. Henta 29. mars 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH