We Are the Champions

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
We Are the Champions
Singel av Queen
frå albumet News of the World
B-side

«We Will Rock You»

Språk engelsk
Utgjeve 7. oktober 1977
Innspelt 1977
Sjanger rock, hardrock
Lengd 2:59
Selskap EMI (UK)
Elektra (US)
Komponist Freddie Mercury
Tekstforfattar Freddie Mercury
Låtskrivar(ar) Freddie Mercury
Produsent Queen med hjelp frå Mike «Clay» Stone
Queen-kronologi 
«Long Away»
(1977)
We Are the Champions «Spread Your Wings»
(1978)


«We Are the Champions» er ein song av det britiske rockebandet Queen, først gjeven ut i 1977 på albumet News of the World.[1] Han var skriven av Freddie Mercury og er ein av dei mest populære songane til Queen og ein av dei mest kjende rockeanthemane.[2]

Songen vart ein hit verda over og nådde andreplassen på UK Singles Chart, og fjerdeplassen på Billboard Hot 100 i USA.[3][4] I 2009 vart «We Are the Champions» innlemma i Grammy Hall of Fame,[5] og vart stemma fram som favorittsongen i verda i ei verdsomfattande undersøking i 2005 av Sony Ericsson.[6]

«We Are the Champions» har vorte ein sports-anthem for sigrande lag under idrettsarrangement,[2] og var mellom anna offisiell kjenningsmelodi for fotball-VM 1994. Songen er òg ofte nytta eller referert til i popkulturen og har blitt spelt av mange andre artistar.

Queen-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Songen var skriven av Freddie Mercury med tanke på å få respons frå publikum. Brian May sa: «Me ønskte at publikum skulle vinke og synge. Han er særs samlande og positiv».[7]

Musikalsk er han basert kring pianopartiet til Mercury, medan Roger Taylor og John Deacon spelar trommer og bassgitar. May la til noko gitar, i starten berre subtilt, men etter kvart kjem ein «solo» som vert spelt samstundes med det siste refrenget. Mercury brukte mange jazzakkordar og refrenget består av fire eller fem stemmer med vokalharmoniar. Solovokalen er krevjande, og den høgaste tonen er C5. Ein av dei mest kjende framføringane av songen fann stad under Live Aid-konserten på Wembley Stadium i London i 1985.[8]

B-sida til singelen var «We Will Rock You», og dei to songane følgde kvarandre på albumet, og vart òg ofte spelt etter kvarandre som avslutningsnummer på konsertane til Queen. Stundom vert dei spelt i lag på radio òg.[2] Songen vart framført som avslutningsnummer i 1992 på Freddie Mercury Tribute Concert der alle artistane dukka opp på scenen og song bak solovokalisten Liza Minnelli.[2]

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Videoen til songen vart filma i New London Theatre Centre den 6. oktober 1977 og vart regissert av Derek Burbridge. Ein alternativ versjon som byrjar i svartkvitt, før han glir over i fargar når trommene og gitaren kjem inn, vart sendt på Top of the Pops 2 og består av andre videoopptak frå den same dagen.

Lister[endre | endre wikiteksten]

I 1977–1978 vart «We Are the Champions» gjeven ut på singel i mange land, og nådde andreplassen på UK Singles Chart.[3] fjerdeplassen på Billboard i USA,[4] topp 10 i Irland, Nederland og Noreg, og topp 15 i Tyskland, Austerrike og Sverige.[9][10]

I 1992, 1993 og 1998 vart singelen gjeven ut på ny i Frankrike, og lågt totalt 45 veker inne på singellista der, og nådde høvesvis 19., 14. og 10. plass, siste gongen under fotball-VM 1998.[10]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7" single (1977)
  1. «We Are the Champions» – 3:00
  2. «We Will Rock You» – 2:00
3" CD-singel (1988)
  1. «We Are the Champions» – 3:02
  2. «We Will Rock You» – 2:02
  3. «Fat Bottomed Girls» – 3:23

CD-singel (1992)
  1. «We Are the Champions» – 2:59
  2. «We Will Rock You / We Are the Champions» – 5:00

Lister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977–78) Plassering
Australia KMR[11] 8
Den austerrikske singellista[10] 12
Canadian RPM Top Singles[12] 3
Nederlandsk Topp 40 2
Den tyske singellista[10] 13
Irish Singles Chart[9] 3
VG-lista[10] 6
Sverige[10] 14
UK Singles Chart[3] 2
US Billboard Hot 100[4] 4
Liste (1993/94) Plassering
Nederlandsk Mega Top 100[10] 27
Den franske singellista[10] 14
Liste (1998) Plassering
Den franske singellista[10] 10
Liste (2006) Plassering
US Billboard Hot Digital Songs[4] 61

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Rank
Australia[11] 57
Den austerrikske singellista[13] 25
Canadian Top Singles[14] 27
U.S. Billboard Hot 100[15] 25
Liste (1998) Plassering
Den franske singellista[16] 72

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[17] Gull + Gold 874,000[17]
Storbritannia (BPI)[18] Gull 500 000^
USA (RIAA)[19] 2× Platina + Platina 4,000,000^
Totalt sal: 5,374,000

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Crazy Frog-versjon[endre | endre wikiteksten]

We Are the Champions (Ding a Dang Dong)
Singel av Crazy Frog
frå albumet Crazy Frog Presents More Crazy Hits
Språk engelsk
Utgjeve 5. juni 2006
Innspelt 2005
Sjanger Dance, electronica
Lengd 3:03
Selskap Ministry of Sound
Komponist Freddie Mercury
Tekstforfattar Freddie Mercury
Produsent Erik Wernquist
Crazy Frog-kronologi 
«Jingle Bells/U Can't Touch This»
(2005)
We Are the Champions (Ding a Dang Dong) «Last Christmas»
(2006)


«We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» er ein song frå 2006 av Crazy Frog, inspirert av Queen sin versjon. Han vart gjeven ut som singel den 5. juni 2006. Samstundes vart det gjeve ut ein coverversjon av Queen sin song med same namn, i samband med fotball-VM . Vokalarrangementet inneheld ein sampling frå originalutgåva til Queen.

Singelen hadde størst suksess i Frankrike, der han gjekk rett inn på førsteplassen den 10. juni 2006, og låg på toppen i fem veker. Singelen selde til gullplate i Frankrike etter to månader, og vart den 15. bestseljande singelen i landet det året.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

CD-singel
  1. «We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» (radio edit) – 2:57
  2. «We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» (club mix) – 5:49
Maxi-singel
  1. «We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» (radio edit) – 2:57
  2. «We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» (house mix) – 6:04
  3. «We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» (club mix) – 5:51
  4. «We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» (club mix dub) – 5:17
  5. «We Are the Champions (Ding a Dang Dong)» (video)

Salstrofé og lister[endre | endre wikiteksten]

Land Salstrofé Dato Grense Fysisk sal
Belgia[20] Gull 9. september 2006 20 000
Frankrike[21] Gull 30. august 2006 200 000 205 908[22]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2006) Plassering
Australia[23] 13
Den austerrikske singellista[23] 4
Belgia (Flandern)[23] 10
Belgia (Wallonia)[23] 2
Den danske singellista[23] 3
Nederlandsk Mega Top 100[23] 100
Eurochart Hot 100 2
Den finske singellista[23] 10
Den franske singellista[23] 1
Den tyske singellista[24] 10
Irish IRMA Singles Chart[24] 23
Den italienske singellista[23] 13
New Zealand RIANZ[23] 20
Den spanske singellista[23] 2
Den svenske singellista[23] 11
Den sveitsiske singellista[23] 5
UK Singles Chart[24] 11

Årsliste (2006) Plassering
Den austerrikske singellista[25] 44
Belgia (Flandern) [26] 36
Belgia (Wallonia) [27] 12
Den franske singellista[28] 15

Andre versjonar og samplingar[endre | endre wikiteksten]

Live-versjonar[endre | endre wikiteksten]

Forsking som er publisert av The Daily Mail[endre | endre wikiteksten]

I 2011 skreiv The Daily Mail om at ei gruppe forskarar kåra songen til den mest fengande i popmusikkhistoria;[34] Artikkelen nemnde ikkje namnet på forskarane eller namnet på forskergruppa.

I 2011 konkluderte ei gruppe forskarar at songen var den mest fengande i popmusikkhistoria, trass i at han ikkje hadde nådd toppen av salslistene nokon stad. Dr. Daniel Mullensiefen sa om studiet, «Alle musikalske hittar baserer seg på matte, vitskap, lydteknikk og teknologi; frå fysikken og frekvensane i lyden som avgjer tonehøgd og harmoni, til dei høgteknologiske digitale prosessorane og synthesizerane som kan legge til effektar for å gjere songen meir fengande. Me oppdaga at det finst ein vitskap bak allsongen og spesielle kombinasjonar av nevrologi, matte og kognitiv psykologi kan produsere ein unngåande elliksir av den perfekte allsong-songen.»[34]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. BRITs 25 Song Award: We Are The Champions – Queen BBC Henta 29. juni 2016
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 We Are the Champions: Song Review AllMusic Henta 29. juni 2016
  3. 3,0 3,1 3,2 UK Singles Chart Chartstats.com (Henta 29. juli 2008)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Billboard allmusic.com (Henta 29. juli 2008)
  5. Grammy Hall of Fame Award Arkivert 2011-02-19 ved Wayback Machine. Grammy.org Henta 29. juni 2016
  6. Haines, Lester (29. september 2005) 'We Are The Champions' voted world's fave song (Sony Ericsson world music poll) Henta 29. juni 2016
  7. For the first time ever...Queen: Ten great hits from the sensational rock band Mail Online Henta 29. juni 2016
  8. Sacha Baron Cohen to play Freddie Mercury BBC News Henta 22. januar 2011
  9. 9,0 9,1 Irish Single Chart Irishcharts.ie (Henta 29. juli 2008)
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 10,5 10,6 10,7 10,8 "We Are the Champions», in various singles charts Lescharts.com (Henta 29. juli 2008)
  11. 11,0 11,1 http://australian-charts.com/forum.asp?todo=viewthread&id=35092
  12. https://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?&file_num=nlc008388.5544a&type=1&interval=50&PHPSESSID=0flcu0mhhc1sk28jf451pc66k1
  13. 1978 Den austerrikske singellista Austerrikencharts.at (Henta 29. juli 2008)
  14. https://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?&file_num=nlc008388.0070a&type=1&interval=50&PHPSESSID=0flcu0mhhc1sk28jf451pc66k1
  15. http://www.musicoutfitters.com/topsongs/1978.htm
  16. 1998 Den franske singellista Disqueenfrance.com (Henta 29. juli 2008)
  17. 17,0 17,1 French certifications and sales:
  18. «British single salstrofé – Queen – We Are the Champions». British Phonographic Industry. Henta December 27, 2015.  Enter We Are the Champions in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  19. «American single salstrofé – Queen – We Are the Champions». Recording Industry Association of America. Henta December 27, 2015.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
  20. Belgian certifications Ultratop.be (Henta 11. august 2008)
  21. French certifications Disqueenfrance.com Arkivert 2012-03-07 ved Wayback Machine. (Henta 10. juni 2016)
  22. 2006 Den franske singellista Fanofmusic.free.fr (Henta 10. juni 2016)
  23. 23,00 23,01 23,02 23,03 23,04 23,05 23,06 23,07 23,08 23,09 23,10 23,11 23,12 "We Are the Champions (Ding a Dang Dong)», in various singles charts Lescharts.com (Henta 10. juni 2016)
  24. 24,0 24,1 24,2 "We Are the Champions (Ding a Dang Dong)», in various singles charts Acharts.us (Henta 29. juli 2008)
  25. 2006 Den austerrikske singellista Austerrikencharts.at (Henta 17. mai 2008)
  26. 2006 Belgian (Flandern) Singles Chart Ultratop.be (Henta 29. juli 2008)
  27. 2006 Belgian (Wallonia) Singles Chart Ultratop.be (Henta 29. juli 2008)
  28. 2006 Den franske singellista Disqueenfrance.com Arkivert 2012-04-04 ved Wayback Machine. (Henta 10. juni 2016)
  29. Soundtrack for «A Knight's Tale". Internet Movie Database.
  30. Live 8 accounts: Berlin BBC. Henta 11. juli 2011
  31. «Green Day American Idiot". BBC. Henta 4. mars 2015
  32. 'The Voice': Christina Aguilera, Blake Shelton, Adam Levine, Cee Lo Green Perform Queen Medley The Hollywood Reporter. Henta 16. mars 2012
  33. «Katy Perry Parties Out In London After Summertime Ball 2012 Performance". Capital FM. Henta 20. juni 2012
  34. 34,0 34,1 We Are The Champions voted catchiest pop song of all time... by scientists, The Daily Mail, 29. september 2011

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]