Old Man

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Old Man
Singel av Neil Young
frå albumet Harvest
B-side

«The Needle and the Damage Done»

Språk engelsk
Utgjeve 17. april 1972
Innspelt januar-september, 1971
Sjanger Folkrock
Lengd 3:24
Selskap Reprise
Tekstforfattar Neil Young
Låtskrivar(ar) Neil Young
Produsent Neil Young
Elliot Mazer
Henry Lewy
Jack Nitzsche
Neil Young-kronologi 
«Heart of Gold»
(1972)
Old Man «War Song»
(1972)


«Old Man» er ein song skriven og framført av Neil Young på albumet hans Harvest frå 1972.

Songen vart skriven for vaktmeisteren på ranchen hans i Nord-California, som Yong kjøpte i 1970. Songen samanliknar livet til ein ung mann med ein gammal mann, og han viser at den ungen mannen til ein viss grad har dei same behova som den gamle. James Taylor speler seksstrengs banjo (stemnd som ein gitar) og song på songen i lag med Linda Ronstadt.

Old man look at my life,
Twenty four and there's so much more
Live alone in a paradise
That makes me think of two.

Neil Young (1972)

«Old Man» vart gjeven ut som singel våren 1972 og nådde 31. plass på den amerikanske singellista.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Bob Dylan spelte ofte songen på konsertane sine i 2002. Andre som har spelt songen er N'Dea Davenport i 1998, The Wailin' Jennys i 2004, Wilson Phillips i 2004, Lizz Wright i 2005, Grand National i 2007, Motorjesus i 2009 og Donna Loren i 2010.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]