Simele

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 36°51′30″N 42°51′0.35″E
Simele
Shem'ēl

ܫܡܐܝܠ سميل

by
Sêmêl 2012 1.JPG
Simele i 2012
Land Flag of Iraq.svg Irak
Autonom region Flag of Kurdistan.svg Kurdistan[1]
Guvernement Dohuk guvernement
Koordinatar 36°51′30″N 42°51′0.35″E
Folketal 50 000

Semel
36°51′28″ N 42°50′47″ E
Wikimedia Commons: Simele

Simele (gammalsyrisk Šhem'ēl, ܫܡܐܝܠ, kurdisk: Sêmêl, arabisk سميل) er ein by i Dohuk guvernement i Irakisk Kurdistan. Byen ligg langs hovudvegen som går frå Irak og inn i Tyrkia. Han ligg 14 km vest for Dohuk. Byen er busett av kurdarar med minoritetar av assyrarar, jesidiar og armenarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historisk har regionen kring Simele vore ein del av Assyria. Byen konverterte til kristendom på 100-talet og var seinare kjend for nokre gammalsyriske manuskript. Assyrarane høyrer til både den gammalsyriske ortodokse kyrkja og den assyriske kyrkja.[2] Assyrarane tok i mot jesidiar, som slo seg ned i byen i 1800. Begge vart så massakrerte av Mir Muhammad frå Rowanduz. Seinare slo arabiske stammer seg ned i området.[2]

Simele var tidleg på 1900-talet ein særs liten kurdisk landsby. Eit større assyrisk samfunn slo seg ned i byen under fyrste verdskrigen etter masseutflytting frå Hakkari-området i Tyrkia, på grunn av det assyriske folkemordet av Det osmanske riket mot armenarar og assyrarar.

Assyrarane som budde i Simele og området kring vart utsett for ein massakre den 7. august 1933. Det vart den første statsstyrte massakren etter at Irak vart oppretta i 1921. Kring 3 000 assyrarar mista livet i massakren,[3] dei fleste av dei i Simele. Tusenvis vart tvungne på flukt til Syria, der dei i dag bur fordelt på 33 landsbyar på Khabur-slettene i Al Jazeera.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kurdistan regionale styresmakt». KRG. Henta 5. januar 2020. 
  2. 2,0 2,1 مدينة سميل في التاريخ Ankawa.com
  3. http://www.fidh.org/IMG/pdf/iq350a.pdfFIDH report on ethnic cleansing i Irak, which describes the Sumail massacre in the second paragraph of page 17.