Sverre Myrli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sverre Myrli
none
Fødd 26. august 1971

Nes

Sverre Myrli (fødd 26. august 1971 i Nes i Akershus) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han sat på Stortinget for Akershus fylke frå 1997 til 2001, deretter var han vararepresentant frå 2001 til 2005, og igjen valt inn på eige mandat i 2005 og 2009.

Myrli er utdann bachelor i offentleg styring frå HiO 2002–2005. Han har arbeidde i LO, Arbeidaranes Ungdomsfylking, Norsk Folkehjelp og Forsvarsbygg. Han var medlem av Nes kommunestyre 1991–1997 og 2003–2007, og av Akershus fylkesting 1991–1997. Han hadde ei rekkje styreverv i si tid i fylkestinget, mellom anna som styreformann i Stor-Oslo Lokaltrafikk 1995–1996.

Sverre Myrli var leiar av Akershus AUF 1991–1993 og fylkesleiar i Sosialdemokratar mot EU 1993–1994. Medlem av landsstyret til Arbeidarpartiet sidan 2002. Han var politisk rådgivar i Samferdselsdepartementet under Regjeringa Jagland frå 31. oktober 1996 til 17. oktober 1997.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]