Ingrid Fiskaa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa by Maureen Lynch.jpg
Fødd16. april 1977 (44 år)
Ringerike kommune
Statsborgar avNoreg
PartiSosialistisk Venstreparti
Yrkepolitikar, fredsaktivist, lærar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Universitetet i Stavanger

Ingrid Fiskaa (fødd 16. juli 1977) og oppvaksen på Bryne, er ein norsk politikar. Ho var organisasjonssekretær for Sosialistisk Ungdom (SU) i tida 1999-2002, og leiar for organisasjonen i perioden 2002-2004. I tida 2001-2005 var Ingrid Fiskaa første vara for Hallgeir H. Langeland til Stortinget for Sosialistisk Venstreparti (SV) i Rogaland fylke.[1]

Fiskaa var offisiell talsperson for paraplyorganisasjonen Fredsinitiativet som organiserte ei stor folkemønstring 15. februar 2003, mot den komande krigen mot Irak. Ho vart vald til leiar for organisasjonen då Fredsinitiativet vart skipa opp att i 2005. Frå 2004 har Ingrid Fiskaa vore styremedlem i Attac-Noreg, og frå 2005 har ho vore medlem av sentralstyret i SV.

Ho var statssekretær for Erik Solheim i Utanriksdepartementet i Regjeringa Stoltenberg II frå 20. november 2009 til 30. mars 2012.[2]

Fiskaa var vararepresentant til Stortinget frå Rogaland 1997–2005 og frå 2009 til 2013. Ho har sidan 2021 representert Rogaland og Sosialistisk Venstreparti på Stortinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fiskaa, Ingrid (1977-)». Stortinget.no. Henta 12. juli 2017. 
  2. «Jens Stoltenbergs andre regjering». Regjeringa.no. Henta 12. juli 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]