Svein Harberg
Utsjånad
| Svein Harberg | |||
| | |||
| Fødd | 30. juli 1958 (67 år) Bergen | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Høgre | ||
| Yrke | politikar | ||
| Verv | Ordførar i Grimstad 2003-2007 | ||
| Føregangar | Per Svenningsen | ||
| Etterfylgjar | Hans Antonsen | ||
| Alle verv |
| ||
Svein Harberg (fødd 30. juli 1958 i Bergen) er ein norsk politikar frå Høgre. Han var ordførar i Grimstad kommune i perioden 2003 til 2007, gjennom eit valteknisk samarbeid mellom Høgre, Senterpartiet og Framstegspartiet. Han ønskte ikkje attval i 2007, men sa seg villig til å vere med i fylkespolitikken.
Harberg vart vald inn på Stortinget frå Aust-Agder fylke i 2009, og var medlem i Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité. I Stortingsvalet 2017 var han Høgre sin førstekandidat i Aust-Agder.[1]
Før han vart ordførar, dreiv Harberg eit konsulentfirma.
Stortingskomitear
[endre | endre wikiteksten]- 2009–2013 - medlem i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ valg.no Vallister og kandidatar 2017