Sweetheart Like You

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sweetheart Like You
av Bob Dylan
frå albumet Infidels
B-side

«Union Sundown»

Utgjeve Desember 1983
Innspelt 18. april 1983
Power Station i New York City
Sjanger Rock
Lengd 4:31
Selskap Columbia Records
Komponist Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Mark Knopfler
Bob Dylan
Bob Dylan-kronologi 
«I and I»
(1983)
Sweetheart Like You «Jokerman»
(1984)


«Sweetheart Like You» er ein song av Bob Dylan som kom ut i 1983 på albumet Infidels.[1][2] Songen vart spelt inn 18. april 1983[3] og kom ut på singel i desember 1983 med «Union Sundown» som B-side.[4]

«Sweetheart Like You» nådde 55. plassen på Billboard Hot 100 den 28. januar 1984, og låg på lista i totalt ni veker.[5] Songen gjekk òg inn på ARIA-lista i Australia, der han nådde 74. plassen.

Det vart laga musikkvideo til songen med Steve Ripley og Carla Olson.[6] Fram til no (2018) har Dylan aldri spelt songen på konsert.[1][7]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til Dylan spelar Mark Knopfler og Mick Taylor gitar på songen, Alan Clark spelar klaverinstrument, Robbie Shakespeare er på bass og Sly Dunbar spelar trommer.[3]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Rolling Stone rangerte songen på 75. plassen på lista si over dei 100 beste Bob Dylan-songane,[8] og kåra songen til ein av dei beste songane hans frå 1980-åra.[9] Dei omtalte songen som «den typen kjærleikssong som berre Bob Dylan kan skrive».[7]

Songen fekk kritikk for tekstlinja «a woman like you should be at home/That's where you belong»[7] («ei kvinne som deg skulle vore heime/Det er der du høyrer til») I samanheng med resten av teksten er det klart at det er ei kvinne som går på gata og som Dylan syng heller burde vere heime.[10]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Craig Finn frå The Hold Steady spelte inn songen på hyllestalbumet Bob Dylan in the 80s: Volume One.[11] Songen er òg blitt spelt av artistar som Rod Stewart, på albumetA Spanner in the Works.[12] Songen er med i skodespelet Girl from the North Country.[13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Sweetheart Like You | The Official Bob Dylan Site». www.bobdylan.com (på engelsk). Henta 3. desember 2018. 
  2. «Sweetheart Like You - Bob Dylan | Song Info | AllMusic». AllMusic. Henta 3. desember 2018. 
  3. 3,0 3,1 «1983 Sessions». www.bjorner.com. Henta 3. desember 2018. 
  4. «Bob Dylan Discography - USA - Page 2 - 45cat». www.45cat.com. Henta 3. desember 2018. 
  5. «Bob Dylan Sweetheart Like You Chart History». Billboard. Henta 3. desember 2018. 
  6. BobDylanVEVO (25. oktober 2009), Bob Dylan - Sweetheart Like You, henta 3. desember 2018 
  7. 7,0 7,1 7,2 Greene, Andy (17. juni 2015). «Readers' Poll: The 10 Best Bob Dylan Songs of the 1980s». Rolling Stone (på engelsk). Henta 3. desember 2018. 
  8. Stone, Rolling (24. mai 2016). «100 Greatest Bob Dylan Songs». Rolling Stone (på engelsk). Henta 3. desember 2018. 
  9. Stone, Rolling (15. august 2012). «Bob Dylan's Greatest Songs of the 1980s». Rolling Stone (på engelsk). Henta 3. desember 2018. 
  10. Dettmar, Kevin J. H. (19. februar 2009). The Cambridge Companion to Bob Dylan (på engelsk). Cambridge University Press. s. 164. ISBN 9781139828437. 
  11. «Dylan in the Eighties». The New Yorker (på engelsk). Henta 3. desember 2018. 
  12. «A Spanner in the Works». EW.com (på engelsk). Henta 3. desember 2018. 
  13. «Listen to Songs from Bob Dylan Musical Girl From the North Country». Spin. 3. mai 2017. Henta 3. desember 2018.