Hopp til innhald

Tettstader i Buskerud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det er 47 tettstader i Buskerud fylke (2023). Av dei er desse byar: Drammen, Hønefoss, Kongsberg og Svelvik. I Buskerud kallar også Hokksund seg by, men er ikkje teken med på desse listene, fordi Hokksund i dag vert rekna som ein del av tettstaden Drammen.

Ca. 82 % av dei som bur i Buskerud bur i tettstadene, omtrent som landsgjennomsnittet på 83 %.[1] Nær 66 % av folkesetnaden budde i ein av dei fem største tettstadene i 2023.

Flå kommune har ingen tettstad som møter kriteria til Statistisk sentralbyrå, alle øvrige 17 kommunar i Buskerud fylke har minst ein tettstad. Kort gjengjeve er SSB sin definisjon på tettstad ein stad med over 200 busette, der avstanden mellom husa ikkje er meir enn 50 meter. Sjå artikkelen tettstad for meir informasjon om tettstadomgrepet.

Liste over tettstadane i Buskerud fylke

[endre | endre wikiteksten]
Sentrale delar av Drammen sett frå aust.
Foto: Kjetil Lenes
Storgata i Hokksund. Hokksund er ein del av tettstaden Drammen.
Møllergata i Kongsberg.
Nordlege delen av Hønefoss.
Slemmestad, ein del av tettstaden Oslo.
Foto: Kjetil Lenes
Tofte sett frå Oslofjorden.
Storgata i Vestfossen.
Frå Vikersund sentrum.
Ål
Nesbyen
Foto: John Erling Blad
Frå Sokna.
Sundvollen og Kroksund på kvar si side av Steinsfjorden
Rødberg
Verket i Hurum, ein del av tettstaden Svelvik.

Tettstaden Oslo strekk seg inn i Lier kommune. Sidan dette berre representerer ein marginal del av folkesetnaden i Oslo, er ikkje Oslo tatt med i oversynet her.

TettstadnrTettstadFolketalAreal km²KommunarStatus[2]
2003Drammen124 54052,69Drammen kommune, Asker kommune, Lier kommune,
Øvre Eiker kommune, Holmestrand kommune
By
2015Kongsberg23 56913,21Kongsberg kommuneBy
2033Hønefoss17 0849,13Ringerike kommuneBy
2114Åmot/Geithus7 0395,99Øvre Eiker kommune, Modum kommune
2144Tranby5 3202,15Lier kommune
2562Svelvik4 2352,33Drammen kommune, Asker kommuneBy
2061Gol3 3433,92Gol kommune
2113Vikersund3 2502,47Modum kommune
2122Vestfossen3 2662,3Øvre Eiker kommune
2092Geilo2 5863,19Hol kommune
2081Ål2 6153,02Ål kommune
2025Haugsbygda2 5281,66Ringerike kommune
2051Nesbyen2 1452,66Nesbyen kommune
2041Steinsåsen2 0871,23Hole kommune
2125Ormåsen2 0620,83Øvre Eiker kommune
2028Tyristrand1 2231,41Ringerike kommune
2045Sundvollen1 2030,8Hole kommune
2011Hvittingfoss1 1221,13Kongsberg kommune
2561Berger1 0950,87Drammen kommune, Holmestrand kommune
2563Nesbygda1 0360,74Drammen kommune
2071Hemsedal1 0011,01Hemsedal kommune
2030Hallingby8880,65Ringerike kommune
2143Sylling7600,59Lier kommune
2124Skotselv7660,82Øvre Eiker kommune, Modum kommune
2121Darbu6790,64Øvre Eiker kommune
2072Svøo6160,74Hemsedal kommune
2029Sokna6300,66Ringerike kommune
2042Helgelandsmoen6070,6Ringerike kommune, Hole kommune
2201Lampeland6200,65Flesberg kommune
2101Krøderen5890,77Krødsherad kommune
2148Askgrenda5180,15Lier kommune
2171Rødberg5040,7Nore og Uvdal kommune
2191Prestfoss5200,71Sigdal kommune
2145Oddevall/Sjåstad4290,4Lier kommune
2146Fagerliåsen/Poverudbyen3980,27Lier kommune
2082Torpo4090,72Ål kommune
2043Gomnes3660,26Hole kommune
2202Svene3910,36Flesberg kommune
2102Noresund3740,55Krødsherad kommune
2034Nakkerud3550,42Ringerike kommune
2211Veggli3620,68Rollag kommune
2149Nordal3450,18Lier kommune
2032Norderhov3230,37Ringerike kommune, Hole kommune
2044Kroksund3410,22Hole kommune
2091Hol2960,39Hol kommune
2035Nymoen2720,25Ringerike kommune
2115Sysle2410,22Modum kommune

Tettstader i Buskerud, etter kommune slik kommuneinndelinga var før 2020

[endre | endre wikiteksten]

Drammen

Flesberg

Flå
Det er ingen stader i Flå kommune som fell inn under SSB sin definisjon av tettstad.

Gol

Hemsedal

Hol

Hole

Hurum

Kongsberg

Krødsherad

Lier

Modum

Nedre Eiker

Nes

Nore og Uvdal

Ringerike

Rollag

Sigdal

Øvre Eiker

Ål

Tidlegare tettstader

[endre | endre wikiteksten]

Desse stadene har tidlegare vore definerte som tettstader av SSB, men er det ikkje lenger no:

Referansar

[endre | endre wikiteksten]