The Monsanto Years

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Monsanto Years
Studioalbum av Neil Young og Promise of the Real
Utgjeve 29. juni 2015
Innspelt Januar og februar 2015
Studio Teatro theater, Oxnard i California i USA
Sjanger Rock
Lengd 50:54
Selskap Reprise
Produsent Neil Young & John Hanlon
Neil Young-kronologi
Storytone
(2014)
The Monsanto Years Bluenote Café
(2015)
Promise of the Real-kronologi
Wasted
(2012)
The Monsanto Years Something Real
(2016)


The Monsanto Years er det 39. albumet til den kanadiske musikaren Neil Young, spelt inn i lag med den amerikanske rockegruppa Promise of the Real og gjeve ut 29. juni 2015 på Reprise Records. Det er eit konseptalbum som kritiserer jordbruksføretaket Monsanto.[1] Promise of the Real er fronta av sonen til Willie Nelson, Lukas, og broren til Lukas, Micah, spelar òg på albumet.[2]

Albumet vart produsert av både Young og John Hanlon og innspelingsprosessen vart filma.

Innspeling og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Young hadde eit langvarig venskap med Willie Nelson og sønene hans, Lukas og Micah og jamma med bandet til Lukas i Lukas Nelson & Promise of the Real etter Farm Aid i 2014.[2] Innspelinga for dette albumet i januar året etter. Young annonserte at han spelte inn eit album med bandet - inkludert Micah Nelson, som ikkje var medlem av bandet - i ein gammal kino, Teatro, i Oxnard i California. Dette var same staden som Willie Nelson spelte inn Teatro.[3] Young sendte ein CD til bandet med demoar slik at dei kunne lære seg songane før dei kom for å spele dei inn i lag.[2]

Innspelinga vart filma av Don Hannah i lag med live-øvingar i april 2015 for ein film som òg fekk namnet The Monsanto Years.[2]

Musikkvideoen for «Wolf Moon» hadde premiere den 10. juni 2015.[4]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic60/100[5]
Karakter
KjeldeKarakter
The A.V. ClubC[6]
The Guardian5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[7]
Rolling Stone3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[8]
Stuff.co.nz4/4 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svg[9]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

I ei særs positiv melding for The Guardian gav Jon Dennis albumet fem av fem stjerner. Han hylla bidraga frå Promise of the Real og skreiv: «Bandet høyrest ikkje så forskjellig ut frå Crazy Horse, og bidreg med store riff, styrtande dur-akkordar og harmoniar som har karakterisert dei beste platene til Young dei siste fem tiåra»[7] Zach Schonfeld i The A.V. Club gav albumet karaktere «C» og meinte konseptet og utføringa var «underprodusert, uferdig og kjem truleg ikkje til å ta opp meir enn eit par månader med marknadsføring av Young før han går vidare til neste prosjekt». Han meinte derimot det var nokre høgdepunkt blant dei hardare songane.[6]

Sal[endre | endre wikiteksten]

Albumet debuterte på 21. plassen på Billboard 200 den første veka det kom ut,[10] og selde kring 98 000 eksemplar i USA den første veka. Det gjekk òg inn på fjerdeplassen på Billboard's Rock Albums-lista.[11] og andreplassen på Folk Albums-lista.[12] I juni 2016 hadde albumet selt 300 000 eksemplar i USA.[13]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLengd
1.«A New Day for Love»5:52
2.«Wolf Moon»3:52
3.«People Want to Hear About Love»6:19
4.«Big Box»8:17
5.«A Rock Star Bucks a Coffee Shop»5:00
6.«Workin' Man»4:43
7.«Rules of Change»4:39
8.«Monsanto Years»7:46
9.«If I Don't Know»4:26

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk personell
  • Johnnie Burik – assisterande lydteknikar
  • Alberto Hernandez – assisterande lydteknikar
  • John Hanlon – produsent, lydteknikar
  • John Hausmann – scene- og monitorteknikar
  • Chris Kasych – scene- og monitorteknikar
  • Keith «Moby» Lanoux – gitarteknikar
  • Bob Ludwig – mastering
  • Jeff Pinn – lydteknikar
  • Jimmy Sloan – assisterande lydteknikar, produksjonskoordinering
Plateomslag
  • Gary Burden – kunstnarisk leiar
  • Howard Chandler Christy – måleri i heftet
  • Jenice Heo – kunstnarisk leiar
  • Eric Johnson – kunst, lettering
  • Other Shoe Fotografi – fotografi

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2015) Plassering
Australia (ARIA)[14] 23
Belgiske album (Ultratop Flandern)[15] 24
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[16] 32
Nederlandske album (MegaCharts)[17] 14
Finske album (Suomen virallinen lista)[18] 23
Tyske album (Media Control)[19] 13
Greske album (IFPI)[20] 6
Ungarske album (MAHASZ)[21] 1
Italienske album (FIMI)[22] 27
Norske album (VG-lista)[23] 38
Svenske album (Sverigetopplistan)[24] 47
Britiske album (OCC)[25] 24
US Billboard 200[26] 21
US Folk Albums (Billboard)[27] 2
US Top Rock Albums (Billboard)[28] 1
US Top Tastemaker Albums (Billboard)[29] 2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Monsanto Years - Neil Young,Lukas Nelson & Promise of the Real | Songs, Reviews, Credits | AllMusic». AllMusic. Henta 19. mars 2019. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Greene, Andy (1. mai 2015). «Behind the Scenes of Neil Young's New Protest Album The Monsanto Years». Rolling Stone. 
  3. Greene, Andy (8. januar 2015). «Neil Young Recording New Album With Willie Nelson's Sons». Rolling Stone. 
  4. Levine, Nick (10. juni 2015). «Neil Young Debuts New Song and Video 'Wolf Moon' – Watch». NME. IPC Media – Inspire (Time Inc.). 
  5. «Reviews for The Monsanto Years by Neil Young». Metacritic. Henta 19. mars 2019. 
  6. 6,0 6,1 Schonfeld, Zach (16. juni 2015). «Neil Young Rants About Agriculture on The Monsanto Years». The A.V. Club. 
  7. 7,0 7,1 Jon Dennis. «Neil Young + Promise of the Real: The Monsanto Years review – on angry, brilliant form | Music». The Guardian. Henta 19. mars 2019. 
  8. Dolan, Jon (16. juni 2015). «Neil Young and Promise of the Real The Monsanto Years Album Review». Rolling Stone. Henta 19. mars 2019. 
  9. «Neil Young takes no prisoners on new album The Monsanto Years». Stuff.co.nz. Henta 19. mars 2019. 
  10. «Billboard 200». Billboard. 18. juli 2015. 
  11. «Rock Albums». Billboard. 18. juli 2015. 
  12. «Folk Albums». Billboard. 18. juli 2015. 
  13. «Upcoming Releases». Hits Daily Double. HITS Digital Ventures. Arkivert frå originalen 2. juni 2016. 
  14. «ARIA Den australske Topp 50-lista Chart». Australian Recording Industry Association. 13. juli 2015. Henta 19. mars 2019. 
  15. "Neil Young + Promise of the Real – The Monsanto Years" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 19. mars 2019.
  16. "Neil Young + Promise of the Real – The Monsanto Years" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 19. mars 2019.
  17. "Neil Young + Promise of the Real – The Monsanto Years". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 19. mars 2019.
  18. "Neil Young + Promise of the Real: The Monsanto Years" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 19. mars 2019.
  19. "Longplay-Chartverfolgung at Musicline". Musicline.de. Media Control. Henta 19. mars 2019.
  20. "Neil Young + Promise of the Real – The Monsanto Years". Greekcharts.com. Hung Medien. Henta 19. mars 2019.
  21. "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ – Magyar Hangfelvétel-kiadók Szövetsége". Mahasz.hu. LightMedia. Henta 19. mars 2019.
  22. "Neil Young + Promise of the Real – The Monsanto Years". Italiancharts.com. Hung Medien. Henta 19. mars 2019.
  23. "Neil Young + Promise of the Real – The Monsanto Years". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 19. mars 2019.
  24. "Neil Young + Promise of the Real – The Monsanto Years". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 19. mars 2019.
  25. juli 2015 "9. juli 2015 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 19. mars 2019.
  26. "Neil Young Album & Song Chart History" Billboard 200 for Neil Young. Prometheus Global Media.
  27. "Neil Young Album & Song Chart History" Billboard Folk Albums for Neil Young. Prometheus Global Media.
  28. "Neil Young Album & Song Chart History" Billboard Top Rock Albums for Neil Young. Prometheus Global Media.
  29. "Neil Young Album & Song Chart History" Billboard Top Tastemaker Albums for Neil Young. Prometheus Global Media.