Hopp til innhald

Trondheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trondheim
Tråante
by
Flagg
byvåpen
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Trondheim
Areal 59,29 km²
Folketal 196 948  (2016)
Folketettleik 3 322 / km²
Ordførar Kent Ranum (H)
 •  Varaordførar Erling Moe (V)
Innbyggjarnamn trondheimar, trondhjemmar
Preposisjon i Trondheim
Kart
Trondheim
63°26′N 10°24′E / 63.44°N 10.4°E / 63.44; 10.4
Wikimedia Commons: Trondheim
Nettstad: www.trondheim.kommune.no

Trondheim (sørsamisk Tråante[1]) er ein by og administrasjonssenteret i Trondheim kommune i Trøndelag fylke. Byen ligg kring munningen av Nidelva og er den tredje største byen i Noreg med 207 015 inbyggjarar (per 1. oktober 2020).[2]

Byen vart ifølgje sagaforteljingar grunnlagd av Olav Tryggvason i år 997, og var hovudstad i Noreg mellom 997 og 1217. I 1997 feira byen tusenårsjubileum.

Trondheim er sete for fylkesordføraren i Trøndelag fylke og er eit etablert regionsenter for Trøndelag. På Tyholt ligg distriktskontora til NRK. Byen har det nest største universitetet i Noreg; Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) og fleire vidaregåande skular. I Trondheim ligg Nidarosdomen, Kristiansten festning, St. Olavs hospital og Rockheim. Gråkallbanen i byen er den einaste noverande trikkelina i Noreg utanfor Oslo og Bergen.

Kaupang er eit gamalt namn på byen, men Nidaros er nok betre kjent. Nidaros viser til at byen låg ved oset eller utløpet til Nidelva. I mellomalderen nytta ein både Nidaros og Trondheimen om staden. Under det danske styret vart ei fordanska kortform av namnet, Trondhjem, teken i bruk. Det norrøne namnet Nidaros vart gjeve tilbake til byen 1. januar 1930, då han skifte namn frå Trondhjem. Etter ein bitter namnestrid vart han døypt om til Trondheim året etter. Mange innbyggjarar kallar han likevel framleis Trondhjem eller Trånnhjæm med lokal uttale.[3]

Byen har namn på fleire anerkjende minoritetsspråk i Noreg. På det lokale samiske språket sørsamisk blir byen kalla Tråante, på nordsamisk Troandin,[4] og på kvensk Tronjami.[5]

Byen har òg ein særleg, men utdatert, skrivemåte på tysk: Drontheim.[3]

Trondheim
Nidarosdomen
Kaptein Bloms kart over Trondhjem (1830)

Tradisjonen seier at Olav Tryggvason grunnla byen i 997, men det er mykje som tyder på at det då allereie var ein tettstad på staden. Bygginga av Nidarosdomen tok til i 1070, over grava til Heilag-Olav, og kyrkja stod ferdig om lag 1320. Byen var hovudstad i Noreg mellom 1030 og 1217.

Trondheim har hatt fleire store bybrannar, den mest kjende er Hornemansbrannen den 19. april 1681. Etter denne brannen kom Johan Caspar von Cicignon frå Luxembourg for å laga ein ny plan for byen. Han braut heilt med den gamle bystrukturen frå mellomalderen og dreiv igjennom vide, rette gater for å hindra fleire slike storbrannar. Denne planen pregar framleis bybiletet. Diverre var ikkje dette nok, husa var framleis av tre og tok like lett fyr. Ein ny brann i 1708 øydela heile sentrum i byen. Etter to storbrannar i 1841 og 1842 innførte bystyret murtvang, det vil seie at bygningane vart bygde i mur heller enn tre, og det vart slutt på store bybrannar.

Opphavleg var Trondheim by området på byhalvøya, medan områda rundt høyrde til Strinda herad. Han vart utvida fleire gonger og fekk grensa han no har i 1964, då kommunane Strinda, Byneset, Leinstrand og Tiller blei slegne saman til den nye kommunen Trondheim.

Offentlege institusjonar

[endre | endre wikiteksten]

Trondheim er sete for biskopen i Nidaros og sidan 2011 òg for primas for Den norske Kyrkja. Viktige statlege institusjonar i Trondheim er Direktoratet for arbeidstilsynet, Miljødirektoratet og Domstoladministrasjonen.

Trondheim er eit viktig skule- og utdanningssentrum. Byen har fleire vidaregåande skular med mange studieretningar. Under Noregs teknisk- naturvitskapelege universitet (NTNU), som vart oppretta ved ei omorganisering av Universitetet i Trondheim i 1996, høyrer dei tidlegare institusjonane: Den allmennvitenskapelige høgskolen, Norges tekniske høgskole, Det medisinske fakultet, Vitenskapsmuseet, Kunstakademiet i Trondheim og Trøndelag musikkonservatorium. I Trondheim ligg òg Norges geologiske undersøkelse, Det kongelige norske videskabers selskab og Statsarkivet i Trondheim, som utanom Trøndelag òg dekkjer Møre og Romsdal og Nordland. I Trondheim ligg universitetssjukehuset St. Olavs Hospital, under det divisjon Psykisk helsevern med avdelingane Østmarka, Haukåsen og Brøset.[6]

Adresseavisen, lokalt kalla Adressa, er den eldste dagsavisa i Noreg og kjem ut i Trondheim. På Tyholt held distriktskontoret for NRK Trøndelag til, og her er òg administrasjonen for rikskanalane P1 og P3 lokalisert. Kulturtilboda elles omfattar mellom anna Trondheim Symfoniorkester, Trondheimsolistene, Trøndelag Teater, Trondhjems kunstforening og Trondheim kunstmuseum, Nordenfjeldske kunstindustrimuseum og Olavshallen (konserthus). Trondheim kino vart oppretta i 1918 og har to kinosenter; Nova med 11 salar og Prinsen med 8 salar. På Brattøra ligg Norges nasjonale opplevingssenter for pop og rock, Rockheim. Under olsok blir dei årlege Olavsfestdagene arrangert.

Trondheim har omkring 25 museum, samlingar eller bygningar av museal karakter.[6]

Samferdsle

[endre | endre wikiteksten]

Trondheim er eit kommunikasjonsknutepunkt med gode samband til distrikta omkring og andre delar av landet. E 6 går i retning sør over Dovre og Gudbrandsdalen, og gjev samband heilt til Oslo. E 6 fører nordover til Nord-Trøndelag og vidare til Nord-Noreg. I byen er det eit omfattande nett med bussruter. Den interne bussdrifta er driven av busselkapet AtB.

Jarnbana kom til Trondheim i 1864 da Størenbana vart opna. I dag fører Rørosbana og Dovrebana sørover til Austlandet, og Nordlandsbana fører nordover til Bodø. Frå Nordlandsbana tek Meråkerbana av ved Hell i Stjørdal og går vidare til Sverige.

Trondheim hamn er ei viktig import- og eksporthamn, og Hurtigruta kjem innom både på nord- og sørgåande ferd.

Trondheim lufthamn, Værnes ligg 37 kilometer aust for bysenteret, i Stjørdal kommune, og har tidgjengde avgangar til inn- og utland.

Verd å vitja

[endre | endre wikiteksten]

Kjende personar frå Trondheim

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Samisk namn på Røros og Trondheim», Regjeringa.no (Kommunal- og distriktsdepartementet), 9. september 2022, henta 9. september 2022 
  2. SSB kommunefakta for Trondheim
  3. 3,0 3,1 «Fakta om Trondheim». bysiden.no. Henta 17. juni 2013. 
  4. «Troandin». Wikipedia, friddja diehtosátnegirji (på nordsamisk). 3. oktober 2019. 
  5. «Kvenske stedsnavn», www.kvenskestedsnavn.no, henta 25. august 2020 
  6. 6,0 6,1 «Trondheim». Store norske leksikon. 02.08.2016. Henta 11. september 2016. 
  7. Hilmar Fredriksen. Store norske leksikon. Vitja 14. juli 2020

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]


63°25′47″N 10°23′36″E / 63.42972°N 10.39333°E / 63.42972; 10.39333