Den italienske renessansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
'Gud skapar Adam' av Michelangelo.

Italiensk renessanse var den tidlegaste fasen av renessansen, som var overgangsperioden mellom mellomalderen og tidleg moderne tid (frå slutten av 1300-talet til kring 1600). Omgrepet renessanse er hovudsakleg moderne og kom i bruk på 1800-talet, i arbeida til historikarar som eksempelvis Jacob Burckhardt. Det er vanleg å dela renessansen inn i tidleg renessanse (òg kalla quattrocento) og høgrenessansen. Seinrenessansen blir gjerne kalla for manierismen.

Sjølv om opphavet til retninga, som hovudsakleg var avgrensa til den litterære kulturen, kan sporast attende til første del av 1300-talet, blei mange sider ved italiensk kultur og samfunn verande mellomalderske: renessansen kom ikkje fullt i gang før på slutten av hundreåret. Ordet «renessanse» (rinascimentoitaliensk) tyder 'gjenføding', og tida er mest kjent for den fornya interessa for den antikke oldtidskulturen, som oppstod etter den perioden som humanistane til renessansen kalla nedsettande for «den mørke tidsalderen» eller «mellomalderen», det vil seia perioden mellom antikken og deira eiga tid. Sjølv om endringane var betydelege var dei konsentrert til eliten og dei øvste klassane i samfunnet, og for den store majoriteten av folkesetnaden var livet lite endra frå mellomalderen.

Den italienske renessansen byrja i Toscana, og var sentrert rundt byar som Firenze og Siena. Han hadde seinare ein betydeleg innverknad på Venezia, der levninger frå antikk gresk kultur blei samla og tilførte nye impulsar til humanistiske forskarar. Renessansen hadde seinare òg ein betydeleg effekt på Roma, som blei utsmykka med nokre strukturar i den nye moten all'antico, og deretter ombygd av pavane på 1500-talet. Den italienske renessansen hadde eit høgdepunkt på slutten av 1400-talet. På denne tida sende utanlandske invasjonar sende regionen inn i kaos og uro (Dei italienske krigane). Likevel spreidde idene og ideala frå den italienske renessansen seg til resten av Europa og utløyste den nordlege renessansen, sentrert om Fontainebleau i Frankrike og Antwerpen i dagens Belgia, og den engelske renessansen.

Den italienske renessansen er best kjent for dei kulturelle manifestasjonane sine. Dei inkluderer litterære verk av forfattarar som Francesco Petrarca, Baldassare Castiglione, og Niccolò Machiavelli. Italia fekk òg store arkitektoniske meisterverk, som domkyrkja i Firenze og ikkje minst Peterskyrkja i Roma. Dagens historikarar ser tidsepoken som ein økonomisk tilbakegang, og liten framgang skjedde innan vitskapen, som gjorde store hopp framover i den protestantiske kulturen på 1600-talet.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Det nordlege Italia ved slutten av mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Sankt Markus’ hestar i bronse som står ved Markuskyrkja blei erobra i Konstantinopel i 1204 og frakta til Venezia som trofé og triumfsymbol, og kan sjåast på som eit monument over Venezia si sjømakt, ein av betingelsane for renessansen.

Ved slutten av mellomalderen var det sentrale og sørlege Italia, som hadde vore hjartet av Romarriket, mykje fattigare enn det nordlege Italia. Roma var ein by som hovudsakleg låg i ruinar, og Kyrkjestaten var eit laust administrert område med lite lov og orden, ettersom paven hadde flytta til Avignon i Frankrike etter press frå kong Filip IV av Frankrike. Napoli, Sicilia og Sardinia hadde då ei tid vore under utanlandsk herredømme.

Det nordlege Italia var langt meir velståande, og bystatane der var blant dei rikaste i Europa. Krosstoga hadde gjeve varige handelssamband med Midtausten, og det fjerde krosstoget hadde gjort mykje for å øydeleggja Austromarriket som ein kommersiell rival til Venezia og Genova. Dei viktigaste handelsrutene frå aust gjekk gjennom Astromarriket eller arabiske land og til hamnene som var knytte til Genova, Pisa og Venezia. Luksusvarer som krydder, fargestoff og silke kom frå Midtausten og blei selde vidare til resten av Europa. Innlandet i Nord-Italia, som Podalen, hadde rike jordbruksareal. Frå Frankrike, Tyskland og Nederland blei det frakta varer som ull, kveite og verdifulle metall inn til området, på handelsruter som gjekk over land og langs elver. Den omfattande handelen strekte seg frå Egypt til Austersjøen og gav betydeleg overskot, som igjen tillét store investeringar i bergverksdrift og jordbruk. Nord-Italia var ikkje rikare i ressursar enn andre delar av Europa, men utviklinga, stimulert av handelen, gjorde at området kunne bløma. Firenze var ein av dei rikaste byane i Nord-Italia, hovudsakleg på ulltekstilindustrien under overoppsyn av det dominerande handelslauger Arte della Lana. Ull blei importert frå Nord-Europa (og på 1500-talet frå Spania)[1] og fargestoff frå aust blei brukt i produksjonen av tekstil av høgaste kvalitet.

Dei italienske handelsrutene som dekte Middelhavet og bortanfor var òg betydelege kanalar for kultur og kunnskap. I mellomalderen kom verk som var prega av klassisk lærdom frå grekarane til Europa, via arabiske omsetjingar og avhandlingar, frå Toledo og Palermo. Krossfararar førte til ein del europisk kontakt med den klassiske lærdomen, som var ivareteken av arabarane, men viktigare enn dette var den spanske reconquistaen[a] på 1400-talet og omsetjingar av arabiskspråkleg litteratur frå arabistar i Salamanca-skulen. Frå Egypt og Midtausten kom den vitskaplege, filosofiske og matematiske tenkinga til arabarane til det nordlege Italia. Frå Konstantinopel kom greske tekstar og forskarar til vesten etter at byen blei erobra av osmanske styrkar i 1453, og lærte italienarane å lesa dei i akademi i Firenze og Venezia. Humanistiske forskarar og lærarar søkte etter antikke manuskript i klosterbibliotek, og gjenoppdaga Tacitus og andre latinske forfattarar. Med gjenoppdaginga av Vitruvius blei dei arkitektoniske prinsippa frå antikken igjen studerte, og renessansekunstnarar blei oppmuntra av den humanistiske optimismen til å vera like framifrå og overgå meistrane til antikken.

Framgang på 1200-talet[endre | endre wikiteksten]

På 1200-talet opplevde Europa generelt ein økonomisk vekst. Handelsrutene til dei italienske statane, som var forbunde med dei etablerte middelhavshamnene og hansaforbundet i det nordlege Europa og Austersjøen, skapte ein nettverksøkonomi i Europa for første gong sidan 200-talet. Dei italienske bystatane ekspanderte kraftig i denne perioden og voks i makt til å blei de facto heilt uavhengige frå Det tysk-romerske riket. I løpet av denne perioden blei den moderne kommersielle infrastrukturen utvikla, med felles aksjeselskap, eit internasjonalt banksystem, ein systematisk utanlandsk valutamarknad, forsikring og regjeringsgjeld.[2] Firenze var senteret for denne økonomiske industrien, og gullflorin var den viktigaste valutaen for internasjonal handel.

Dette skapte ei ny styrande handelsklasse som vann posisjonar gjennom finansiell dugleik, tilpassa måla deira til den føydale, aristokratiske modellen som hadde dominert Europa i mellomalderen. Ei side ved mellomalderen i det nordlege Europa var framvoksteren av urbane samfunn som hadde rista av seg kontrollen til biskopar og lokal adel. I store delar av regionen var adelen betydeleg fattigare enn dei urbane patriarkane, i mellomalderøkonomien der den aukande inflasjonen etterlét jordbruksadelen utarma. Auken i handel i løpet av den tidlege renessansen forsterka desse motsetnadene. Tilbakegangen til føydalismen og framvoksteren av byane påverka kvarandre, eksempelvis førte etterspurnaden etter luksusgods til auke i handel, noko som førte til at eit stort tal handelsmenn blei rike, noko som igjen auka etterspurnaden etter fleire luksusvarer. Denne endringa gav òg handelsmennene bortimot fullstendig kontroll over styringa av dei italienske bystatane, noko som igjen fremja handel. Ein av dei viktigaste effektane av denne politiske kontrollen var tryggleik. Dei som var ekstremt rike i ein føydal stat gjekk i konstant fare for å koma i konflikt med monarken og få eigedomane og rikdommen sin konfiskert, noko som til dømes skjedde med Jacques Coeur (1395–1456) i Frankrike. Dei nordlege italienske statane heldt på mange av dei mellomalderske lovane som sterkt hemma handelen, slik som dei mot åger og forbodet mot å handla med ikkje-kristne. I dei italienske bystatane blei desse lovane oppheva eller omskrivne.

Kollaps på 1300-talet[endre | endre wikiteksten]

Sankt Frans-legenda, gjenferdet til Fra Agostino og til biskop Guido av Arezzo, Basilique Assise, av Giotto di Bondone (1267–1337).

På 1300-talet hende ei rekkje katastrofar som tok den europeiske økonomien inn i ein nedgangskonjunktur. Den varme perioden i mellomalderen ebba ut medan overgangen til den vesle istida byrja.[3] Endringa i klimaet fekk jordbruksproduksjonen til å gå mykje ned, noko som førte til hyppige hungersnauder, forverra av ein tidlegare rask vekst i folketalet. Hundreårskrigen mellom England og Frankrike fekk handelen i det nordlege Europa til å avgrensast eller bryta saman. Dette var særleg merkbart i 1345, då kong Edvard III av England nekta å betala gjelda si og såleis bidrog til at dei to største florentinske bankane som tilhøyrde familiane Bardi og Peruzzi, gjekk overende. I aust gjekk det også føre seg krig som stengte handelsrutene, i og med at Det osmanske riket byrja å ekspandera. Mest øydeleggjande var likevel svartedauden, som tynna ut folkesetnaden i dei tett folkesette byane i nordlege Italia, og pesten kom attende i intervall. Til dømes hadde Firenze ein folkesetnad før pesten på rundt 45 000, men denne minska gjennom dei neste 47 åra med mellom 25 og 50 %.[4] På gunn av dette følgde utbreidd uro, blant anna eit opprør blant tekstilarbeidarane i Firenze, ciompi, i 1378.

Det var i løpet av denne perioden av ustabilitet at dei første personlegdomane i renessansen levde, som Dante og Petrarca. Den første betydelege renessansekunsten viste seg i byrjinga av den første halvdelen av 1300-talet, mest merkbart i realismen til Giotto. Paradoksalt nok skulle nokre av dei ovannemnde katastrofane bidra til å etablera renessansen. Svartedauden fjerna ein tredjedel av folkesetnaden i Europa, og den nye, mindre folkesetnaden var rikare, betre næra, og hadde betydeleg meir økonomisk overskot til å bruka på luksusgode som kunst og arkitektur. Då pesten byrja å gå attende på byrjinga av 1400-talet starta den herja folkesetnaden i Europa å veksa igjen. Det nye behovet for produkt og tenester og den reduserte mengda menneske som kunne tilby dei, plasserte dei lågare klassene i ein betre posisjon. Dette bidrog òg til å danna ei veksande klasse av bankfolk, handelsmenn og dugelege kunstnarar og handverkarar. Redslane frå svartedauden og kyrkja si tilsynelatande udugelighet til å gje trøyst bidrog til ein nedgang i innverknaden til kyrkja, ei anna betydeleg drivkraft bak renessansen. I tillegg opna kollapsen av bankane Bardi og Peruzzi vegen for den eineståande veksten til Medici-familien i Firenze. Robert Sabatino Lopez har argumentert for at den økonomiske kollapsen i Europa var ein avgjerande bakgrunn for renessansen.[5] Ifølge dette synet ville forretningsfolk i ein meir velstående tidsalder hurtig ha reinvestert inntektene sine for å tena meir pengar i eit klima som favoriserte investeringar. Likevel fann dei rike i dei meir magre årane på 1300-talet få lovande investeringshøve for inntektene sine, og valde i staden å bruka dei på kunst og kultur.

Ein anna populær forklaring på den italienske renessansen er tesen som først blei fremja av historikaren Hans Baron[6], som hevda at den viktigaste drivkrafta for den tidlege renessansen var dei langvarige krigane mellom Firenze og Milano, Dei italienske krigane. På slutten av 1300-talet hadde Milano blitt eit sentralisert monarki under kontroll av Huset Visconti. Giangaleazzo Visconti, som styrte byen frå 1378 til 1402, var kjend og illgjeten for å vera talentrik, men grusam. Han byrja å byggja eit imperium i Nord-Italia. Han starta ei rekkje krigar med Firenze, gjekk stødig inn for å erobra nabostatar og overvinna dei ulike sammensluttingane leia av Firenze, som forgjeves freista å hindra framgangen hans. Dette kulminerte i kringsetjinga av Firenze i 1402, og då det såg ut som om byen ville falla, døydde Giangaleazzo Visconti, og riket hans fall med han.

Hans Baron sin tese hevdar at i løpet av desse lange krigane samla dei leiande figurane i Firenze folk, ved å framstella krigen som ein mellom den frie republikken og det despotiske monarkiet, mellom ideala til dei greske og romerske republikkar og dei til Romarriket og dei mellomalderske kongedøma. Baron hevdar at den leiande personlegdomen som utforma denne ideologien var Leonardo Bruni. Baron hevdar at denne krisetida i Firenze var den same perioden der dei betydelegaste renessansefigurane stod fram, slike som Ghiberti, Donatello, Masolino og Brunelleschi, og at dei alle var prega av den republikanske ideologien. Ifølgje Baron hadde desse og andre personar ein enorm innverknad på renessansen, ved å fremja republikanske idear.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Internasjonale samband[endre | endre wikiteksten]

Det skeive tårnet i Pisa.

Nordlege Italia var delt i fleire krigførande bystatar, der dei mektigaste var Milano, Firenze, Pisa, Genova, Ferrara, og Venezia. Underhøgmelomalderen var Nord-Italia ytterlegare splitta i ein langvarig krig for overhøgd mellom styrkane til pavedømet og det tysk-romerske riket. Kvar einskild by allierte seg med den eine eller den andre fraksjonen, samstundes som dei var splitta seg imellom mellom to krigførande grupper, ghibellinarane og guelfarane. Krigføringa mellom bystatane var vanleg, invasjonar frå utanfor Italia var avgrensa til dei periodevis tilbakevendende styrkane til det tysk-romerske riket. Politikken i renessansen utvikla seg frå denne bakgrunnen. Sidan 1200-talet hadde hæravdelinger hovudsakleg vore sett saman av leigesoldatar, velstående bystatar kunne stilla betydelege styrkar til trass for liten folkesetnad. I løpet av 1400-talet hadde dei mektigaste bystatane underlagt seg mindre naboar: Firenze tok Pisa i 1406, Venezia erobra Padova og Verona, medan hertugen av Milano underla seg ei rekkje nærliggande område, inkludert Pavia og Parma.

Den første delen av renessansen bestod av ein nær total krigstilstand på lands og til sjøs medan bystatane kjempa om overherredøme. På land blei desse krigane utkjempa hovudsakleg av leigesoldatar kjende som condottieri, bandar av soldatar frå heile Europa, men særleg tyskara og sveitsarar, under leiing av italienske offiserar. Leigesoldatane var ikkke villige til å risikera liva sine unødig, og krigføringa bestod stort sett av omleiringar og manøvreringar, stundom i nokre direkte slag. Leigesoldatenes hadde interesse av at begge sider forlenga konflikta slik at dei kunne ha «arbeid» lengst mogleg. Dei var også ein konstant trussel mot dei som leia dei, om dei ikkje blei betalt til rett tid og med avtalt sum kunne dei fort venda seg mot herrane sine. Det blei tydeleg at om ein bystat var fullstendig avhengig av leigesoldatar var fristinga stor for leigesoldatane til å ta sine eigne avgjerder, noko som skjedde ved visse høve.[7]

Til sjøs sende dei italienske bystatane mange flåtar i kamp. Dei mest betydelege stridande var Pisa, Genova, og Venezia, men etter ein lang konflikt var det Genova som makta å redusera Pisa. Venezia viste seg å vera ein mektigare fiende, og medan dei i byrjinga var relativt likestilte blei flåten til Genova utrader i slaget ved Chioggia ved munningen av den venetianske lagunen i 1380, og deretter var Venezia den dominerande faktoren til sjøs. Etterkvart som venetianske område rundt Egearhavet blei tapte, det eine etter det andre, til osmanarane og handelen i Svartehavet gjekk tapt, flytta Venezia interessene sine mot land då den venetianske renessansen tok til.

Til lands gjekk det tiår med kampar der Firenze og Milano kjempa seg fram som dei mektigaste partane, og til slutt klarte desse to bystatane setta motsetnadane til side og blei samde om ei fredsavtale i Lodi i 1454 som førte til ein relativ fred for området for første gong på tiår. Denne freden skulle halda seg i dei neste førti åra, og det udiskutable overherredømet til Venezia på havet førte òg med seg fred for resten av 1400-talet.

I løpet av 1400-talet hadde eventyrarar og handelsmenn som Niccolò Da Conti (1395–1469) reist så langt unna som til Søraust-Asia og attende, og teke med seg tilbake ny kunnskap om verda, eit forvarsel om ytterlegare europeiske sjøreiser og utforsking i åra som kom.

Firenze under Mediciane[endre | endre wikiteksten]

'Cosimo I de' Medici i rustning' av Agnolo Bronzino.

På slutten av 1300-talet hadde den leiande familien i Firenze vore Albizzi. Deira motstandarar og utfordrarar til makta var Mediciane, først under Giovanni de' Medici, deretter under sonen hans Cosimo. Mediciane kontrollerte Medici-banken, som den gongen var den største banken i Europa, og ei rekkje andre forretningsføretak i Firenze og andre stadar. I 1433 klarte Albizzi å få send Cosimo i utlegd, men året etter blei ein tilhengjar av familien vald til signoria, og Cosimo kunne venda attende. Mediciane fekk posisjonen som den leiande familien i Firenze, og heldt på han dei neste tretti åra. Firenze blei verande ein republikk fram til 1537, eit årstal som tradisjonelt markerer slutten på høgrenessansen i Firenze, men den republikanske styringa var fullt kontrollert av Mediciane og deira allierte i løpet av tida mellom 1494 og 1527. Cosimo og Lorenzo de' Medici heldt sjeldan eigne administrative posisjonar, men var i kraft av innverknaden sin dei udiskutable leiarane.

Cosimo dei' Medici var særs populær blant borgarane, hovudsakleg for å tryggja stabiliteten og framgangen til byen. Blant dei viktigaste prestasjonane hans var å forhandla fram ein fredsavtale ved Lodi med Francesco I Sforza som enda tiår med krigshandlingar med Milano og gav fred til det meste av nordlege Italia. Cosimo var òg ei viktig støtte for kunsten, både direkte og indirekte gjennom dømet han sette.

Cosimo blei etterfølgd av den sjukelege sonen sin Piero de' Medici, som døydde etter fem år som leiar av byen. I 1469 blei makta gjeven vidare til det 21 år gamle barnebarnet til Cosimo, Lorenzo de' Medici, som ein kom til å kalla «Lorenzo den praktfulle». Lorenzo var den første i sin familie som var blitt utdanna frå unge år i den humanistiske tradisjonen. I dag er han mest kjend som ein av dei viktigaste mesenane og vernarane av kunsten frå renessansen. Under Lorenzo blei Medici-styret formalisert med danninga av eit nytt «Rådet av dei sytti», som Lorenzo sjølv leidde. Dei republikanske institusjonane heldt fram, men hadde mista all makt. Lorenzo var mindre heldig i forretningslivet enn forfedrane sine, og det kommersielle riket til Mediciane eroderte sakte men sikkert. Lorenzo heldt fram alliansen med Milano medan tilhøvet til pavedømet surna. I 1478 hadde agentane til paven gått saman med Pazzi-familien i eit forsøk på å snikmyrda Lorenzo. Sjølv om samansverginga var mislukka blei den yngre broren til Lorenzo, Giuliano, drepen. Attentatforsøket førte til ein krig med pavedømet, og Lorenzo utnytta krigen til å rettferdiggjera ei ytterlegare sentralisering av makta i eigne hender.[8]

Spreiinga av renessansen[endre | endre wikiteksten]

Renessanseideala spreidde først seg frå Firenze til nærliggande bystatane i Toscana som Siena og Lucca. Den toskanske kulturen blei snart ein modell for heile Nord-Italia og det toskanske mangfaldige italienske språket blei dominerande i heile området, særleg i litteraturen. I 1447 kom Francesco I Sforza til makta i Milano og omforma raskt den framleis mellomalderske byen til eit betydeleg senter innan kunst og lærdom som trekte til seg blant andre Leon Battista Alberti. Venezia, ein av dei rikaste byane gjennom kontrollen han hadde over Middelhavet, blei eit anna senter for renessansekunst, særleg innan arkitektur. Mindre hoff støtta renessansen og førte han til mindre byar som utvikla si eiga karakteristiske kunst: Ferrara, Mantova (under Huset Gonzaga), Urbino (under Federico da Montefeltro), og i Napoli blei renessansen fremja under vern av Alfonso V av Aragona, som erobra byen i 1443 og oppmuntra kunstnarar som Francesco Laurana og Antonello da Messina, og forfattarar som poeten Jacopo Sannazaro og humanistiske lærde som Angelo Poliziano.

I 1377 vende pave Gregor XI tilbake til Roma, men byen som ein gong hadde vore keisarleg hovudstad blei verande fattig og stort sett i ruinar gjennom dei første åra av renessansen.[9] I perioden fram til 1417 (det store skismaet) var det uklart om paven sat i Avignon eller Roma, med rivalisering mellom pavar og såkalla motpavar. Pavedømet blei sameint igen ved kyrkjemøtet i Konstanz (1414–1418). Den store forvandlinga byrja likevel først under pave Nikolas V, som blei pontifeks i 1447. Han sette i gang ei dramatisk gjenoppbygging som til slutt fekk det meste av byen oppbygd og fornya. Den humanistiske lærde Aeneas Silvius Piccolomini blei seinare pave som Pius II i 1458. Då pavedømet kom under kontroll av rike og mektige familiar i Nord-Italia, som Medici og Borgia, kom renessansen til å dominera Vatikanet i ånd og filosofi. Pave Sixtus IV heldt fram arbeidet til Nikolas V, og er best kjend for å gje ordre til konstruksjonen av Det sixtinske kapellet, som er oppkalla etter han. Pavane blei i stadig større grad verdslege herskarar etterkvart som pavestatane blei smidde saman til ei sentralisert makt etter ei rekkje «krigarpavar».

Naturen til renessansen endra seg i slutten av 1400-talet. Renessanseidealet var blitt fullt godteke av dei herskande klassene og aristokratiet. Dei første renessansekunstnarane blei sett på som handverkarar som hadde liten prestisje eller heider. Mot slutten av renessansen hadde dei fremste av dei stor innverknad og blei rekna som meistrar og kunstnarar som kunne krevja store honorar. Ein blomstrande handel i renessansekunst utvikla seg, og medan dei leiande kunstnarane i den tidlegaste renessansen kom frå lågare klassar eller frå middelklassa kom dei no i aukande grad frå aristokratiet sjølv og blei sjølv ein del av aristokratiet.[9]

Vidfemnande utstrekking[endre | endre wikiteksten]

Leonardo da Vinci, et italiensk renessansemenneske.

Som kulturell rørsle rørte renessansen berre ein liten del av folkesetnaden. Nordlege Italia var det mest urbaniserte området i Europa, men tre fjerdedelar av folkesetnaden var framleis landlege bønder.[10] For denne delen av folkesetnaden var livet enno i det meste uendra frå mellomalderen.[11] Klassisk føydalisme hadde aldri vore utprega i Nord-Italia der bøndene hovudsakleg arbeidde på privateigde gardar eller som forpaktarar. Nokre forskarar har sett ei utvikling mot reføydalisme i den seine renessansen då den urbane eliten byrja å bli jordeigande aristokratar.[12]

I byane var situasjonen ganske annleis. Dei var dominerte av ein handelselite som var akkurat så eksklusiv som aristokratiet i eit kva som helst mellomaldersk kongedømme. Det var denne gruppa som hovudsakleg støtta, verna og var publikummet til renessansekulturen. Under seg hadde dei ein stor klasse av kunstnarar og laugorganiserte handverkarar som levde eit relativt komfortabelt liv og hadde betydeleg makt i dei republikanske regjeringane. Dette stod i skarp kontrast til resten av Europa, der kunstnarar stort sett kom frå dei lågare klassane. Desse folka var velutdanna, lese- og skrivekunnige, og bidrog til å utvikla renessansekulturen.[13] Den største gruppa av den fattige folkesetnaden i byane var delvis faglærte, arbeidslause og lausarbeidarar. Som bøndene hadde renessansen liten effekt på desse. Historikarane har debattert spørsmålet om kor lett det var å flytta seg mellom dei ulike samfunnsklassene i løpet av den italienske renessansen. Døme på individ som steig opp frå ein audmjuk bakgrunn kan finnast, men den britiske historikaren Peter Burke har i to betydelege forskingsarbeid på dette området funne at datamateriala ikkje overtydande kan demonstrera ei auke i sosial rørsle. Dei fleste historikarar meiner at det sannsynlegvis var ei høg sosial rørsle i den tidlege renessansen, men at ho gjekk gradvis over i løpet av 1400-talet.[14] Ulikskapar og klasseskilje i samfunnet var særs store. Ein overklasseperson hadde fleire hundre gonger meir i inntekt enn ein tenar eller arbeidar. Nokre historikarar meiner at den ulike fordelinga av rikdom var avgjerande for renessansen etter som kunsten blei støtta av dei særs rike.[15]

Renessansen var ikkje ein periode av stor sosial eller økonomisk endring, berre av kulturell og ideologisk utvikling. Han rørte berre ein liten del av folkesetnaden og i moderne tid har dette ført til at mange historikarar, særleg dei som var forankra i ein historisk materialisme, til å redusera tydinga til renessansen i historia. Desse historikarane tenderer til å nytta eit anna omgrep, «tidleg moderne tid» i staden for «renessanse». Innanfor kunsthistoria står derimot det sistnemnde omgrepet støtt.

Enden på den italienske renessansen[endre | endre wikiteksten]

Girolamo Savonarola portrettert av Fra Bartolommeo, ca. 1498.

Slutten av renessansen er like vanskeleg å tidfesta som byrjinga. Mange markerer den asketiske munken Girolamo Savonarola i Firenze som voks i makt i åra 1494–1498 som slutten på bløminga i byen; for andre er den triumferande tilbakekomsten til Mediciane byrjinga på den siste fasen i kunstartene som blir kalla for manierisme. Savonarola kom til makta på ei bølgje av utstrekt motreaksjonar mot sekulariseringa og nytinga innan renessansen. Det korte styret hans førte til at mange kunstverk blei øydelagte i det såkalla «bålet for forfenglegheita», italiensk Falò delle vanità, i sentrum av Firenze. Mediciane heldt fram motrørsla i kyrkja, no som storhertugar av Toscana. I 1542 blei Inkvisisjonen grunnlagd og nokre få år seinare blei Index Librorum Prohibitorum (Lista over Forbodne bøker) oppretta, og ei rekkje litterære renessanseverk blei forbodne.

Like viktig var slutten på stabilitet og fred med ei rekkje utanlandske invasjonar av Italia, kjende som «dei italienske krigane», som skulle halda fram i fleire tiår. Invasjonane byrja i 1494 med franske troppar som herja over det meste av Nord-Italia og gjorde slutt på sjølvstendet til mange av bystatane. Den største katastrofen skjedde den 6. mai 1527 då spanske og tyske soldatar herja og plyndra Roma. Det tydde òg slutten på pavedømmet som den største vernaren av renessansekunst og arkitektur.[9]

Medan den italienske renessansen bleikna og fordunsta overtok det øvrige Europa mange av ideala hans og overførte stilane.

Mange av dei største italienske kunstnarane valde å emigrera. Dei mest kjende var Leonardo da Vinci som reiste til Frankrike i 1516, men ei gruppe mindre viktige kunstnarar, som var blitt invitert for å omforma Château de Fontainebleau, skapte den såkalla Fontainebleau-skulen som smelta saman fransk kunst med den italienske renessansen. Frå Fontainebleau kom ein ny stil, omforma av manierismen, og som tok renessansen til Antwerpen og derfrå vidare til resten av nordlege Europa.

Spreiinga nordover var òg representativt for ein større tendens. Middelhavet var ikkje lenger den viktigaste handelsruta til Europa. I 1498 nådde Vasco da Gama India og frå då av gjekk dei viktigaste handelsrutene frå Orienten via atlanterhavshamnene Lisboa, Sevilla, Nantes, Bristol og London. Desse områda gjekk raskt frå Italia i rikdom og makt.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Litteratur og poesi[endre | endre wikiteksten]

Ei side frå Francesco Colonna si Hypnerotomachia Poliphili, trykka av Aldo Manuzio (Venezia, 1499).

Den litterære revolusjonen i Italia på 1200-talet bidrog til å reie grunnen for renessansen.[16] Før dette var ikkje italiensk eit språk ein nytta for å skriva litteratur i Italia, og det var først på 1200-talet at italienske forfattarar byrja å skriva på morsmålet framfor latin, fransk eller provençalsk. Ei betydeleg endring fann stad på 1250-talet då Dolce Stil Novo («Den søte, nye stilen», som framheva platonisk kjærleik framfor den høviske) blei reindyrka med poetar som gjekk føre som Guittone d'Arezzo og Guido Guinizelli. Spesielt i poesien hadde italiensk litteratur endra seg særs i tiåra før renessansen byrja.

Aldo Manuzio byrja å trykkja bøker i Venezia blei ei stadig aukande mengd litterære verk gjevne ut på italiensk, i tillegg til ei rad bøker på latin og gresk som stod for hovudstrøymingane i den italienske renessansen. Kjeldene til desse verka gjekk utover rammene til teologisk litteratur og søkte attende til den førkristne tida i Romarriket og den greske antikken. Dette tyder ikkje at det ikkje blei skrive og gjeve ut religiøse tekstar i denne perioden. Dante Alighieris sitt verk Den guddommelege komedien reflekterte eit karakteristisk mellomaldersk verdsbilete. Kristendomen blei verande ein betydeleg påverknad, emneområde og oppdragsgjevar for kunstnarar og forfattarar medan klassisismen kom i tillegg som ei anna hovudstrøyming.

I den tidlege italienske renessansen var det eit stort fokus på å omsetja og studera klassiske verk frå latin og gresk. Renessanseforfattarar var likevel ikkje tilfreds med å kvila på laurbæra til oldtidesforfattarane, og mange freista å integrera stilen og metodane til dei store forfattarane til antikken i sine eigne verk. Blant dei forfattarane som blei mest etterlikna var Cicero, Horatius, Sallustius og Vergilius. Blant grekarane las ein Aristoteles, Homer og Platon i original for første gong sidan 300-talet.

Renessanselitteraturen var òg betydeleg påverka av utviklinga innan vitskap og filosofi. Humanisten Francesco Petrarca, ein hovudperson blant dei lærde som gjekk føre, var òg ein dugeleg diktar som gav ut fleire viktige lyrikkverk. Han skreiv poesi på latin, blant anna Africa om andre punarkrigen og føretaka til Scipio Africanus. Her hylla han Roma i antikken. Han blir hugsa for det han skrev på morsmålet, særleg Canzoniere, ei samling kjærleikssonettar. Då Thomas Wyatt den eldre omsette desse (fritt) til engelsk etablerte han sonetten som lyrisk stil i England og sidan teken i bruk av William Shakespeare og talrike andre poetar.

Statue av Machiavelli i Uffizi.

Petrarca sin læresvein, Giovanni Boccaccio, blei ein betydeleg forfattar i eigen rett. Hovudverket hans er Dekameronen, ei samling på hundre forteljingar fortalde av ti forteljarar som hadde flykta til utkanten av Firenze for å sleppa unna pesten. Dekameronen spesielt og Boccaccio sine verk generelt var ein betydeleg inspirasjon for andre europeiske forfattarar i renessansen, blant anna Geoffrey Chaucer og seinare òg William Shakespeare.

I tillegg til kristendom, klassisk antikk og lærdom var den fjerde inspirasjonen i renessanselitteraturen politikk. Den politiske filosofen Niccolò Machiavelli skreiv kjende verk som Foredraga om Titus Livius, Florentinsk historie og endeleg Fyrsten. Sistnemnde er blitt velkjend i vestlege samfunn gjennom omgrepet «machiavellisk» som referanse til det realpolitiske synet som forfattaren fremja i boka. Likevel er det som vanlegvis blir kalla «machiavellisk» eit forenkla syn i lærebokform av dette verket heller enn eit korrekt omgrep for filosofien hans. I tillegg er det ikkje klart at Machiavelli sjølv fremja synet som har gjort han udøyeleg: hovudproblemet er dei openberre motseiingane mellom det monarkistiske synet fremja i Fyrsten og det republikanske synet fremja i Foredraga. Uansett, blant dei mange andre renessanseverk er Fyrsten blitt verande eit relevant og innverknadsrikt verk sjølv i dag.

Filosofi[endre | endre wikiteksten]

Petrarca, frå Syklusen av berømte menn og kvinner. ca. 1450. Frittståande fresko. 247 x 153 cm. Uffizi, Firenze. Kunstnar: Andrea di Bartolo di Bargilla (ca. 1423–1457)

Sjølv om den italienske renessansen ikkje gav opphav til nokon einskildståande ny filosofi, eller kan skilta med nokoleis likttenkande filosofar, kom det inn noko nytt i filosofien på denne tida. Dette nye fekk i ettertid samlenemninga humanisme. Omgrepa «renessanse» og «humanisme» blir av og til nytta om kvarandre, men kan med hell skiljast frå kvarandre slik: Ein kan vurdera «renessansen» som den historiske epoken som danna eit band mellom mellomalder og nytid, og «humanismen» som den danningsrørsla som voks fram i denne epoken. Talar ein om filosofien som prega italiensk renessanse, er det vel så mykje nye kulturelle aksentar det dreier seg om, ikkje så mykje heilt nye filosofiske byggverk. Dei verkeleg nye filosofiske impulsane skulle koma frå ikkje-italienske tenkjarar.

Noko som desidert melde seg i den nyvekka interessa for antikken sin visdom og kunst, og ønsket om å venda attende til dei gamle kjeldene («ad fontes»), var at oldtidsfilosofen Aristoteles fekk ei sterkare stilling. Ærefrykten for klassiske studium fremja eit aristotelisk og ptolemeisk syn på universet. Nokre humanistar la vekt på eit natursyn der naturen var rekna som eit levande åndeleg vesen som ikkje var styrt av lovar eller matematikk, medan andre derimot slett ikkje ville vera med eit slikt naturomgrep som kunne tendera mot panteisme. På same tid mista filosofien mykje av styrken som herskar av logikk, og såleis blei deduksjon sett på som underordna intuisjon og emosjon. Skolastikken, som hadde insistert på logisk konsekvent oppbygde resonnement og kategoriar, kanskje klårast illustrert av dominikanaren Thomas Aquinas sitt Summa, kom i ulage i og med system som framfor all nominalismen.

Pico della Mirandola. Av ein ukjend kunstnar, i Uffizi i Firenze.

Var dei nye filosofiske strøymingane med eller mot kyrkja? Det avheng av kva for enkeltstrømninger det er tale om. At det i store stykke var eit oppbrot, er klårt nok. Og sidan kyrkja i den føregåande perioden hadde vore så å seia eneforvaltar av all høgare vitskap og tenking, ved at universiteta var oppretta av kyrkja og forstod seg som medutforskarar saman med kyrkjeleiarar og embetsteologar av den naturlege og overnaturlege openberringa, var oppbrotet til renessansen òg tildels eit oppbrot mot dette. Men i og med at sentrale aktørar, både blant tenkjarane sjølv og blant dei som fremja og finansierte humanismen i tida, var pavar og andre kyrkjeleiarar, er det vanskeleg å teikna eintydige kontrastar. Tidene endra seg, og alle i tida, omfatta kyrkja, endra seg med dei.

Petrarca hadde vore ein eksponent for ei ny tilnærming. Han oppmuntra studiet av dei latinske klassikarane og frakta med seg sin kopi av Homer i eit von om å finna nokon som kunne læra han å lesa gresk. Eit vesentleg steg i den humanistiske utdanninga, målbore av lærde som Pico della Mirandola, var å jakta på tapte eller gløymde antikke manuskript som var kjent berre frå omtale. Pico della Mirandola utvikla eit eklektisk og esoterisk læresystem, som blant anna var prega av hans fascinasjon av kabbalisme. Sjølv om dettte kanskje mangla intern konsistens, kom Mirandola fram med mykje som stimulerte og skulle bli av varig verdi.

Desse forsøka var i stor grad støtta av rike italienske patrisiarar, handelsprinsar og despotar som brukte betydelege formuar på å byggja bibliotek. Å gjenoppdage fortida hadde blitt ein fornem mote og ein lidenskapeleg syssel for dei øvste samfunnsklassene. Eg går, sa Cyriacus av Ancona, eg går for å vekke dei daude!.[17] Den fremste av bibliotekbyggjarane var likevel ein kyrkjemann, renessansepaven og humanisten Nikolas V, mannen bak Vatikanbiblioteket.

Etterkvart som greske verk blei samla, manuskript funne, bibliotek og museum danna, kom tidsalderen til trykkeria til syne. Verka frå antikken blei omsette frå gresk og latin til moderne europeiske språk og blei lesne av eit mottakeleg publikum som beherska, som Shakespeare, «litt latin og mindre gresk»[b]

Vitskap[endre | endre wikiteksten]

Interessa for antikke tenkjarar, antikk kunst og litteratur auka mykje i den tidlege italienske renessansen, og detta gjekk på rekning av andre vitskapar. Likevel oppstod det noko seinare i renessansen ei tankeretning som søkte å samla all kunnskap, òg den naturvitskaplege. Denne retninga bidrog til at den naturvitskaplege forskinga igjen skaut fart.

Skulptur og måleri[endre | endre wikiteksten]

Ein forløpar for renessansemåleriet var Giotto og elevane hans, som braut med den bysantinske stivheiten og formalismen til gotikken. Giotto sin naturalisme, dei komplette tredimensjonale figuranehans som okkuperte eit logisk rom, og den humanistiske interessa hans i å uttrykkja individuell personlegdom, var delar som førte interessa for naturen og ikkje minst menneskekroppen i ein total fysisk røyndom tilbake til kunsten.[18]

Stormen (ca. 1508) av Giorgione.



Gallerie dell'Accademia, Venezia

Det italienske renessansemåleriet byrja på nytt i Firenze og Toscana med freskomåleria til Masaccio, deretter auka Piero della Francesca og Paolo Uccello realismen i verka sine ved å nytta den nye, revolusjonære teknikken med perspektiv og såleis gje tredimensjonal representasjon i todimensjonale kunstverk meir enn berre realisme, men gjera dei autentiske og røyndomsnære. Piero della Francesca skreiv avhandlingar om vitskapleg perspektiv.

Frambringinga av truverdige rom tillét kunstnarane å fokusera på nøyaktige attgjevingar av menneskekroppen og på naturalistiske landskap. Masaccio sine figurar hadde ein plastisitet som til då hadde vore ukjent. Samanlikna med flatheiten og planheiten i gotisk måleri var måleria hans revolusjonære. Tidlegare hadde figurar blitt framstilt i silhuett og utan djupne. Mot slutten av 1500-talet, særleg i Nord-Italia, byrja kunstnarane å bruka nye teknikkar der dei manipulerte lys og mørka slik som i mange av portretta til Tizian og utviklinga av sfumato og chiaroscuro hjå Leonardo då Vinci og Giorgione.

Perioden såg òg dei første verdslege, ikkje-religiøse måleria. Desse mytologiske emna var faktisk svært få, men gav opphav til ein debatt om renessansen sin verdslegheit hjå forskarar tidleg på 1900-talet. Botticelli var ein av dei mange målarane som laga verdslege verk som enno er rekna som viktige, men han var sjølv djupt religiøs og ein tilhengar av den religiøse moralisten Girolamo Savonarola, og Botticelli måla òg talrike tradisjonelle religiøse måleri.

Innanfor skulptur var det Donatello sine studiar av klassisk skulptur som førte til utviklinga hans av klassiske positurar, slikt som contrapposto-posituren, og i emne som den andre statuen hans av David, den første frittståande nakenakten i bronse som var blitt skapt i Europa sidan den romerske keisartida. Donatello sine framstillingar av basreliff, stiacchiato, ei anna nyskaping som fekk stor utbreiing i renessansen, ved å variera djupna i relieffet for å illudera inntrykk av framgrunn, middels avstand og bakgrunn. Den kunstnariske utvikklinga til Donatell hadde stor innverknad på alle som følgde han, og kanskje den største av dei alle var Michelangelo, som òg laga ein mannleg nakenakt med sin David frå 1500. Michelangelo sin davidstudie er meir naturalistisk enn den til Donatello, og har ein større emosjonell intensitet. Begge statuane står i contrapposto ved at dei kviler vekta på den eine foten.

Nattverden av Leonardo då Vinci

Denne perioden, kjent som høgrenessansen, representerte ein kulminasjon av dei siktemåla som var sett frå den tidlegare perioden, det vil seia ein nøyaktig representasjon av figurane i eit rom attgjeve med påliteleg rørsle og i ein passande sømeleg stil. Dei mest kjende målarane frå denne tida er Leonardo da Vinci, Raphael og Michelangelo Buonarroti. Deres bilete er blant dei meste kjende kunstverka i verda. Leonardos Nattverden, Raphaels Skulen i Athen, og Michelangelo sine tak- og veggmåleri i Det sixtinske kapellet er dei ypperste verka frå denne perioden.

Måleriet frå høgrenessansens utvikla seg til manierismen, særleg i Firenze. Manieristkunstnarar som medvite gjorde opprør mot prinsipp frå høgrenessansen tenderte til å representera langstrekte figurar i ulogiske rom. Moderne forsking har anerkjent evna til manieristkunsten til å få fram ei sterk, ofte religiøs, stemning der kunstnarar frå høgrenessansen ikkje makta gjera det. Nokre av dei viktigaste kunstnarane i denne perioden er Pontormo, Bronzino, Rosso Fiorentino, Parmigianino og Raphael sin elev Giulio Romano.

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Renessansen i arkitektur blei introdusert i Italia med eit revolusjonært, men ufullstendig monument i Rimini av Leone Battista Alberti, men stilen blei utvikla i Firenze. Nokre av dei tidlegaste bygningane som viste dei karakteristiske trekka til renessansen var Filippo Brunelleschi sitt Ospedale degli Innocenti, «Hittebarnsherberge» (oppført 1421-1444) , som blir rekna som det første renessansebygget. Deretter følgde San Lorenzo-kyrkja og Pazzi-kapellet. Sistnemnde vesle kapell, bygd mellom 1430 og 1444, hadde eit særskild trekk i fasaden der dei to sidefelta i portikoen er sameint i ei sentral boge.

Peterskyrkja, fullført i 1590, bli teikna av Michelangelo Buonarroti, arkitekt, kunstmalar og poet.

Brunelleschi, den første store renessansearkitekten, gjorde omfattande studium av den klassiske antikken i Roma der han utledidde den grunnleggjande geometrien bak, særleg systemet med for arkitektonisk orden som med søyleordenane. Gjenoppdaginga av den klassiske antikken kan best illustrerast ved Palazzo Rucellai. Her følgjer søylene overlagringa (italiensk superponere) i klassisk orden med doriske søyler i første etasje, joniske søyler i andre etasje (piano nobile) og korintiske søyler i den øvste etasjen. Valet av orden avgjorde kva for proporsjonar bygningen måtte stemma overeins med.

Cappella Pazzi

Interiøret til Santo Spirito uttrykte ein ny sans for lys, klarheit og rommelegheit som er typisk for den tidlege italienske renessanse. Denne arkitekturen reflekterte filosofien til humanismen, opplystheit og klarheit i motsetnad til mørket og åndelegheiten frå mellomalderen. Som ved Palazzo Rucellai var det dei kostbare byhusa som tilhøyrde rike adelsmenn og kjøpmenn som var oppdragsgjevarar, og renessansearkitekturen i Italia blei verande eit eksklusivt overklasseprodukt, brukt bortimot utelukkande i dei store byane og nesten berre for palass og kyrkjer.

Renessansen var framfor alt rasjonell og geometrisk. Idealet var ein bygning der alle aksane, horisontale som vertikale, var symmetriske. Kuppelen var eit dominerande trekk på nesten alle renessansekyrkjene. Førebiletet var Pantheon, men renessansearkitektane føretrekte eit dobbelt lag av murstein og eit karakteristisk trekk var ribbene, halvbogene av stein, som skilde dei ulike seksjonane. Desse er særleg merkbare på Brunelleschi sin Duomo eller domkyrkje i Firenze, eller Santa Maria del Fiore. I Mantova førte Leone Battista Alberti inn den «nye antikke stilen», men hovudverket i stilen, Sant'Andrea, blei først byrja i 1472, etter at han sjølv var død.

Høgrenessansen, som er siste delen av perioden, blei introdusert i Roma med Donato Bramante si kyrkje San Pietro in Montorio i 1502 og den opphavleg planlagde Peterskyrkja (1506) som var det største arkitektoppdraget i tidsepoken, påverka av nær alle dei større renessansekunstnarane, mellom anna Michelangelo og Giacomo della Porta. Byrjinga på seinrenessansen i 1550 var markert av utviklinga av ein ny søyleorden ved Andrea Palladio. Kolossale søyler som var to eller fleire etasjar høge dekorerte fasadane.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Det var ein eksplosjon av musikalsk aktivitet i Italia på 1300-talet som korresponderte i omfang og nyvinning med andre samtidige kunstarter. Sjølv om musikkvitskapen vanlegvis grupperer musikken på trecento (1300-talet) med den tilsvarande frå slutten av mellomalderen hadde han likevel eigenskapar som var parallelle med den tidlege renessansen: ei aukande vekt på verdslege kjelder, stilar og former; ei kulturell spreiing som gjekk frå institusjonane til kyrkja over til aristokratiet, og sjølv til folk flest i ulike samfunnsklasser; og ei rask utvikling av nye teknikkar. Dei vesentlege formene var trecento-madrigal, caccia og ballata. Samla er dei musikalske stilane frå denne tida nokre gonger karakteriserte som «italiensk ars nova».

Giovanni Pierluigi da Palestrina.

Frå tidleg på 1400-talet til midten av 1500-talet var sentrumet for nyskapande kyrkjemusikk i Nederlanda, og ei rekkje talentfulle komponistar kom derfrå til Italia. Mange av dei song anten i koret til paven i Roma eller kora i dei talrike kapella til aristokratiet i Roma, Firenze, Milano, Ferrara og andre stader; og dei tok med seg den polyfoniske stilen og påverka mange innfødde italienske komponistar i løpet av opphaldet.

Dei dominerande formene i kyrkjemusikken i denne perioden var messe og motett (fleirstemmig kyrkjesong). Den best kjende komponisten av kyrkjemusikk på 1500-talet i Italia var Palestrina, det mest prominente medlemmet av Den romanske skulen som hadde ein stil som var glatt og jamn, emosjonell og fleirstemt, og som definerte lyden for 1500-talet, i det minste ifølgje musikkteoretikarar på 1800- og 1900-talet. Andre italienske komponistar på slutten av 1500-talet fokuserte på å komponera madrigalar, den mest populære verdslege musikkforma, og i bortimot eit hundre år blei tilsvarande verdslege stykke for fleirsong spreidde over heile Europa. Viktige madrigalkomponistar var Jacques Arcadelt i byrjinga av perioden, Cipriano de Rore i midten av hundreåret og Luca Marenzio, Philipp de Monte, Carlo Gesualdo og Claudio Monteverdi mot slutten av perioden.

Italia var òg eit sentrum for nyvinningar innanfor instrumentalmusikk. Ved byrjinga av 1500-talet var tangentimprovisasjon høgt verdsett, og talrike komponistar av virtuoso tangentmusikk stod fram. Mange kjende instrument blei funne opp og perfeksjonerte i Italia i seinrenessansen, blant anna fiolinen, som i sine tidlegaste utgåver kom i bruk på 1550-talet.

Ved slutten av 1500-talet var Italia det musikalske sentrumet av Europa. Bortimot alt av innovasjon som definerte overgangen til barokkepoken hadde opphav i nordlege Italia i løpet av dei siste tiåra av hundreåret. Frå Venezia med sine fleirstemte produksjonar, den såkalla venetianske skulen, og den assosierte instrumentalmusikken, flytta seg nordover og inn i Tyskland; i Firenze blei den florentinske Camerata utvikla til ein sørgesong, ein betydeleg forløpar til opera som i seg sjølv byrja rundt 1600, og den avantgardistiske, manieristiske stilen til Ferrara-skulen migrerte til Napoli og andre stadar via musikken til Carlo Gesualdo, kom til bli siste utgåve av den flerstemte vokalmusikken til renessansen.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. spansk og portugisisk for «gjenerobring»
  2. Sitatet er frå eit dikt av Ben Johnson: To the Memory of My Beloved Master William Shakespeare (Til minne om min avhaldne meister William Shakespeare): «And though thou hadst small Latin and less Greek».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. De Lamar Jensen, Renaissance Europe. Side 95
  2. Peter Burke: The Italian Renaissance: Culture and Society in Italy. Side 232
  3. Andrew B. Appleby «Epidemics and Famine in the Little Ice Age». Journal of Interdisciplinary History. Vol. 10 No. 4.
  4. Olea, Ricardo A, Christakos, George, «Duration of Urban Mortality for the 14th-Century Black Death Epidemic» Arkivert 2007-12-04 ved Wayback Machine., Human Biology, Juni 2005. Befolkningsnivået i Firenze er kontroversielt, se også Ziegler (1969, sidene. 51-52), Chandler 1987, sidene 16-18, og Gottfried 1983, side 46.
  5. Robert Sabatino Lopez. «Hard Times and Investment in Culture».
  6. Hans Baron. The Crisis of the Early Italian Renaissance
  7. Jensen, side 64
  8. Jensen side 80
  9. 9,0 9,1 9,2 Burke. Side 271
  10. Burke side 256
  11. Jensen. Side 105
  12. Burke. Side 246
  13. Jensen. Side 104
  14. Burke. Side 255
  15. Brian S. Pullan History of Early Renaissance Italy.
  16. 13th and 14th Centuries: Italian Literature, arkivert frå originalen 4. januar 2008, henta 20. juli 2020 
  17. Jean Pierre Abel Remusat i Encyclopedia Britannica, 1911
  18. Schaeffner, Claude (red.): Renässansens måleri, bind I, Bokfrämjandet. Side 7, 12.
Litteratur
  • Baron, Hans: The Crisis of the Early Italian Renaissance: Civic Humanism and Republican Liberty in an Age of Classicism and Tyranny. Princeton: Princeton University Press, 1966.
  • Burckhardt, Jacob: The Civilization of the Renaissance in Italy, omsett S.G.C Middlemore, 1878
  • Burke, Peter: The Italian Renaissance: Culture and Society in Italy Princeton: Princeton University Press, 1999.
  • Hagopian, Viola L.: «Italy», in The New Grove Dictionary of Music and Musicians, ed. Stanley Sadie. 20 vol. London, Macmillan Publishers Ltd., 1980. ISBN
  • Hay, Denys: The Italian Renaissance in Its Historical Background. Cambridge: Cambridge University Press, 1977.
  • Jensen, De Lamar: Renaissance Europe, 1992
  • Lopez, Robert Sabatino: The Three Ages of the Italian Renaissance. Charlottesville: University Press of Virginia, 1970.
  • Pullan, Brian S.: History of Early Renaissance Italy. London: Lane, 1973.
  • Raffini, Christine: Marsilio Ficino, Pietro Bembo, Baldassare Castiglione: Philosophical, Aesthetic, and Political Approaches in Renaissance Platonism. Renaissance and Baroque Studies and Texts, v.21, Peter Lang Publishing, 1998. ISBN 0-8204-3023-4
  • Toman, Rolf, Høydalsnes, Eli (2007). Kunsten i den italienske renessansen : arkitektur, skulptur, maleri, tegning. Oslo: Spektrum. ISBN 978-82-7822-576-9. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]