Vikøy kyrkje
Vikøy kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: kirkenorge.no | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Kvam | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Hardanger og Voss | ||
Sokn | Vikøy | ||
Fellesråd | Kvam | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Linstow | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1838 | ||
Tårn | I vest | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Døypefont | Frå 1912 i kleberstein | ||
Sitjeplassar | 300 | ||
Vikøy kyrkje 60°20′57″N 6°10′33″E / 60.34916667°N 6.17583333°E | |||
Wikimedia Commons: Vikøy kyrkje |
Vikøy kyrkje er ei langkyrkje frå 1838 i Kvam herad i Vestland fylke. Kyrkja er i bygd i tømmer og har 300 sitjeplassar.
Vikøy kyrkje er soknekyrkje i Vikøy sokn i Hardanger og Voss prosti. I tillegg til Vikøy-kyrkja høyrer Norheimsund kyrkje frå 1992 til soknet.
Bygget
[endre | endre wikiteksten]Eldste omtalen av kyrkja i Vikøy er frå 1316. Den gamle Vikøy stavkyrkje stod fram til rundt 1839, då ho blei erstatta av ei langkyrkje i seinempirestil teikna av Linstow, som òg hadde teikna Slottet i Oslo. Kyrkja er i dag måla kvit.
Innreiing
[endre | endre wikiteksten]Kyrkja har ein bibel frå 1589 og altartavle frå 1633, som syner krossfestinga av Jesus. Ein kalk frå 1614 som no er i St. Peters Church i London stammar òg frå Vikøy kyrkje.
Kyrkja har to kyrkjeklokker som blei laga av Prahl i Bergen i 1850. Orgelet i kyrkja er frå 1920 og blei laga av Olsen og Jørgensen i Oslo.
Kyrkjegarden
[endre | endre wikiteksten]Komponisten Geirr Tveitt er gravlagd på kyrkjegarden ved Vikøy kyrkje.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norges Kirker: «Vikøy kirke», på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning[daud lenkje]
- Om Vikøy på nettstaden til Kvam herad Arkivert 2007-07-28 ved Wayback Machine.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Fakta og bilete frå Kirker i Hordaland Fylke Arkivert 2007-09-18 ved Wayback Machine.
- Om Vikøy sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Arkivert 2009-03-22 ved Wayback Machine.
- Eldre fortografi av kyrkja på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket
- Oversyn over gravminne i Kvam herad på nettstaden disnorge.no
- Vikøy kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Vikøy kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.