Let’s Spend the Night Together

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
«Let’s Spend the Night Together»
Singel av The Rolling Stones
frå albumet Between the Buttons (amerikansk utgåve)
A-side «Ruby Tuesday»
(dobbel A-side)
Utgjeve 13. januar 1967
Innspelt 3.–11. august og 8.–26. november 1966
Sjanger Rock and roll
Lengd 3:36
Selskap Decca F.12546 (UK)
London 45.904 (US)
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent Andrew Loog Oldham
The Rolling Stones-kronologi
«Have You Seen Your Mother, Baby, Standing in the Shadow?»
(1966)
«Let’s Spend the Night Together» «We Love You»/«Dandelion»
(1967)


«Let’s Spend the Night Together» er ein song av The Rolling Stones frå 1967, skriven av Mick Jagger og Keith Richards. Han har vorte spelt av mange andre artistar, mest kjend David Bowie i 1973.[1]

Songen vart gjeven ut på singel i januar 1967 og nådde tredjeplassen på singellista i Storbritannia. I USA vart han òg gjeven ut på den amerikanske utgåva av albumet Between the Buttons. På grunn av den då kontroversielle teksten (som omhandla eit forslag om kjønsleg omgang), valde dei fleste radiostasjonane i staden å spele baksida av singelen, «Ruby Tuesday».[1] Dei to songane gjekk begge inn på den amerikanske Billboard Hot 100, «Let’s Spend the Night Together» stoppa på 55. plass, medan «Ruby Tuesday» gjekk til førsteplassen. Både «Ruby Tuesday» og «Let’s Spend the Night Together» hadde med Jack Nitzsche på piano.

Songen vart sensurert då Rolling Stones framførte han på The Ed Sullivan Show i USA. Først vart dei nekta å spele songen i det heile, og Sullivan sjølv sa til Jagger at «anten går songen, eller så går du».[2] Eit kompromiss vart at dei endra teksten til «let’s spend some time together» (i staden for «let’s spend the night together»). Jagger gjekk med på å endre teksten, men himla med augene kvar gong han song denne linja. I april 2006, under den første konserten deira i Kina, nekta styresmaktene bandet å spele songen på grunn av den «antydande teksten».[3]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1967) Plassering
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[5] 3
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[6] 7
Tyskland (Media Control AG)[7] 1
Irland (IRMA)[8] 14
Noreg (VG-lista)[9] 2
UK Singles (Official Charts Company)[10] 3
US Billboard Hot 100[11] 55

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

«Let’s Spend the Night Together» vart gjeven ut på følgjande studioalbum:

  • Between the Buttons (1967) (USA)
  • Flowers (1967)
  • Through the Past, Darkly (Big Hits Vol. 2) (1969)
  • Hot Rocks 1964-1971 (1972)
  • Rolled Gold: The Very Best of the Rolling Stones (1975)
  • Singles Collection: The London Years (1989)
  • Forty Licks (2002)
  • Singles 1965-1967 (2004)

Ein konsertversjon finst på Still Life (American Concert 1981) (1982).

David Bowie-utgåva[endre | endre wikiteksten]

«Let’s Spend the Night Together»
Singel av David Bowie
frå albumet Aladdin Sane
B-side «Lady Grinning Soul»
Utgjeve Juli 1973
Innspelt Trident Studios, London
9. desember 1972
24. januar 1973
Sjanger Glamrock
Lengd 3:03
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent Ken Scott, David Bowie
David Bowie-kronologi
«Time»
(1973)
«Let’s Spend the Night Together» «Life on Mars?»
(1973)


David Bowie spelte inn ei glamrock-utgåve av «Let’s Spend the Night Together» for albumet Aladdin Sane, som kom ut i april 1973. Han vart òg gjeven ut som singel i USA og Europa, men gjekk ikkje inn på singellistene.

Bowie si utgåve inkluderte ein pulserande synthesizer-effekt og han hadde lagt til eit eige vers mot slutten:

They said we were too young
Our kind of love was no fun
But our love comes from above
Let’s make... love

Forfattar Nicholas Pegg skildrar innspelinga som «raskare og råare» enn Stones-utgåva,[12] medan NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray skriv at Bowie klarte det kunststykket å slå the Stones med ein av deira eigne songar.[13]

Ei utgåve av songen finst òg på konsertalbumet Ziggy Stardust - The Motion Picture, spelt inn på Hammersmith Odeon i London i juli 1973.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen er òg spelt inn av

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Melding på Allmusic
  2. Christopher Sandford (1993, 1999). Mick Jagger: Primitive Cool: p.97
  3. BBC News (7. april 2006). «Stones tracks censored in China». bbc.co.uk.  Sjekk datoverdiar i |dato= (hjelp)
  4. «Official Website». The Rolling Stones. http://www.rollingstones.com/. Henta 26. mars 2018. 
  5. "The Rolling Stones – Let's Spend the Night Together – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 17. juni 2016.
  6. "Ultratop.be – The Rolling Stones – Let's Spend the Night Together" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 17. juni 2016.
  7. "The Rolling Stones - Let's Spend the Night Together". Charts.de. Media Control. Henta 17. juni 2016.
  8. "The Irish Charts – Search Results – Let's Spend the Night Together". Irish Singles Chart. Retrieved 18. juni 2016.
  9. "Norwegiancharts.com – The Rolling Stones – Let's Spend the Night Together". VG-lista. Hung Medien. Henta 17. juni 2016.
  10. "Chart Stats – Rolling Stones – Let's Spend the Night Together" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 17. juni 2016.
  11. "Rolling Stones?f=379&g=Singles The Rolling Stones Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Rolling Stones. Prometheus Global Media. Henta 17. juni 2016.
  12. Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: pp.124-125
  13. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s. 55

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]