52 Europa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
52 Europa
Oppdaging A
Oppdaga av H. Goldschmidt
Oppdaga dato 4. februar 1858
Alternative namn B
Kategori Hovudbeltet
BaneelementC JPL
Epoke 26. november 2005 (JD 2453700,5)
Aphel (Q) 511,201 mill. km (3,417 AE)
Perihel (q) 416,621 mill. km (2,785 AE)
Stor halvakse (a) 463,911 Gm (3,101 AE)
Eksentrisitet (e) 0,102
Omløpsperiode (P) 1994,629 d (5,46 år)
Gjennomsnittleg banefart 16,87 km/s
Gjennomsnittleg anomali (M) 70,730°
Banehelling (i) 7,466°
Lengda til oppstigande knute ) 128,992°
Perihelargument (ω) 343,553°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar 360×315×240 km[1][2]
Masse 5,2±1,8×10×1019 kg[3]
Tettleik 3,6±1,2 g/cm³
Overflategravitasjon ~0,11 m/s²
Unnsleppingsfart ~0,20 km/s
Rotasjonsperiode 0,2347 d [4]
Albedo 0,058 [1]
Spektralklasse C
Absolutt storleiksklasse: 6,31
Overflatetemperatur: ~173 K
maks: 258K (-15 °C)[5]
Må ikkje forvekslast med jupitermånen Europa.

52 Europa er ein stor hovudbelteasteroide. Den har ein diameter på 289 km og vart oppdaga 4. februar 1858 av H. Goldschmidt. Den er namnsett etter den fønikiske kvinna Europa, ei av Zevs' erobringar i gresk mytologi. Europa er den sjuande største asteroiden rangert etter volum, og den sjette største rangert etter masse (etter Ceres, Vesta, Pallas, Hygiea og Interamnia) med litt under 2 % av den totale massen i asteroidebeltet.

Han er ein veldig mørk og karbonrik C-type-asteroide; den fjerde største av typen. Banen ligg nær Hygiea-familen, men den er ikkje eit medlem. Spektroskopiske studier har funne bevis for olivin og pyroksen på overflata[5], og det er indikasjonar på at det kan vera regionale forskjellar på samansetninga av overflata. [6]

Det har blitt funne ut at den kataklysmiske variabelen CV Aquarii funne i 1934 var ein feilidentifisering av 52 Europa. [7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Data frå The Supplemental IRAS Minor Planet Survey
  2. T. Michałowski et al Photometry and models of selected main belt asteroids I. 52 Europa, 115 Thyra, and 382 Dodona, Astronomy & Astrophysics, Vol. 416, s. 353 (2004)
  3. G. Michalak Determination of asteroid masses II. (6) Hebe, (10) Hygiea, (15) Eunomia, (52) Europa, (88) Thisbe, (444) Gyptis, (511) Davida and (704) Interamnia, Astronomy & Astrophysics, Vol. 374, s. 703 (2001)
  4. PDS-lyskurvedata
  5. 5,0 5,1 E. Dotto et al ISO results on bright Main Belt asteroids: PHT–S observations, Astronomy & Astrophysics, Vol. 358, s. 1133 (2000).
  6. S.R. Sawyer A High-Resolution CCD Spectroscopic Survey of Low-Albedo Main Belt Asteroids, PhD thesis, The University of Texas (1991).
  7. P. Schmeer og M.L. Hazen CV Aquarii identified with (52) Europa, Journal of the American Association of Variable Star Observers, Vol. 28, s. 103 (2000)
Smålekamar i solsystemet