Anni-Frid Lyngstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anni-Frid Lyngstad

Anni-Frid Synni Reuss, kjend som Anni-Frid Lyngstad og Frida Lyngstad, (fødd Anni-Frid Synni Lyngstad15. november 1945 i Ballangen) er ein svensk songar, prinsesse av Reuss og grevinne av Plauen. Ho er dotter av tyske Alfred Haase og norske Synni Lyngstad. Anni-Frid voks opp i Torshälla i Sverige. Ho er mest kjend som medlem av musikkgruppa ABBA.

Bakgrunn og oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Far hennar var tysk soldat i Noreg under andre verdskrigen. Mor hennar flytta til Sverige rett etter krigen, men døydde få år etter. Anni-Frid voks opp hjå mormora i Sverige. Anni-Frid Lyngstad byrja å syngja allereie som barn. Det var mormora som oppmuntra henne til å syngja. Som 11-åring song ho for første gong på ei opa tilstelling. I 13-årsalderen song ho i ymse danseband. Ho måtte lyga på alderen, i og med at ho var tre år under den tilletne aldersgrensa. Anni-Frid byrja seinare å syngja i ei stor musikkgruppe, der det meste av songmaterialet grensa til jazz. Saman med Ragnar Fredriksson skipa ho gruppa Anni Frid Four. Ragnar og Anni-Frid vart eit par. Dei gifta seg i 1964 og fekk to barn.

I 1967 stilde ho opp i ein talentkonkuranse med låten «En ledig dag» og vann. Fyrstepremien var å få opptre i fjernsynsprogrammet Hylands hörna (i spesialsendinga i samband med omlegginga til høgrekøyring i Sverige). Same året slo ho gjennom og turnerte seinare med Charlie Norman, Lasse Berghagen og Lasse Lönndahl. En Ledig Dag vart også singeldebuten hennar hjå EMI. Anni-Frid medverka i den svenske finalen i Melodi Grand Prix 1969 med «Härlig är vår jord». Det enda med fjerdeplass.

Anni-Frid og Benny møttest då dei begge var ute og turnerte på ulike nattklubbar. Anni-Frid turnerte med pianisten Charlie Norman, og Benny med Hep Stars. Etter ei stund forlova dei seg og dei var gifte med einannan 1978-1981.

I 1976 hadde ho stor solosuksess på Svensktoppen med den svenskspråklege versjonen av ABBAs låt Fernando, og plata låg heile 10 veker på rad på fyrsteplassen.

Etter ABBA-tida har Anni-Frid Lyngstad gjeve ut soloplater som Something's Going On (1982), Shine (1984) og Djupa Andetag (1996). Den største suksessen var «I Know There's Something Going On» og duetten «Så länge vi har varann» som ho og Mauro Socco spelte inn.

Giftarmål[endre | endre wikiteksten]

Anni-Frid Lyngstad gifta seg den 3. april 1964 med Ragnar Fredriksson, som ho seinare vart skild frå.

Ho gifta seg den 6. oktober 1978 med Benny Andersson. Dei vart skilde i 1981.

Lyngstad er busett i Sveits. Den 26. august 1992 gifta ho seg med Ruzzo Reuss og fekk tittelen Prinzessin Reuss Gräfin von Plauen. Han døydde den 29. oktober 1999.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album:

  • Frida (1971)
  • Min egen stad (1972)
  • Frida ensam (1975)
  • Something's going on (1982)
  • Shine (1984)
  • Djupa andetag (1996)

Singlar:

  • En ledig dag (1967)
  • Din (1967)
  • Simsalabim (1968)
  • Mycket kär (1968)
  • Härlig är vår jord (1969)
  • Så synd du måste gå (1969)
  • Peter Pan (1969)
  • Där du går lämnar kärleken spår (1970)
  • En liten sång om kärlek (1971)
  • En kväll om sommarn (1971) - saman med Lars Berghagen
  • Min egen stad (1971)
  • Vi är alla barn i början (1972)
  • Man vill ju leva lite dessemellan (1972)
  • Fernando (1975)
  • I know there's something going on (1982)
  • To turn the stone (1983)
  • Here we'll stay (1983)
  • Time (1983) - saman med B.A. Robertson
  • Shine (1984)
  • Come to me (1984)
  • Så länge vi har varann (1987) - saman med Ratata
  • Änglamark (1992) (Artister för Miljö)
  • Även en blomma (1996)
  • Ögonen (1996)
  • Alla mina bästa år (1997) - saman med Marie Fredriksson