Eskil Pedersen
Eskil Pedersen (fødd 6. mars 1984 i Skien) er ein norsk politikar (Ap).
Han har vore leiar i Arbeidernes ungdomsfylking (AUF) siden 17. oktober 2010 og varamedlem av Oslo bystyre siden 2007. Han var leiar i AUF i Telemark frå 2001 til 2004, leiar i AUF i Oslo i 2006 og nestleiar i AUF frå 2006 til 2010. Pedersen var medlem av Telemark fylkesting frå 2003 til 2007 og var då medlem av hovudutvalget for kompetanse. Han har også vore styremedlem i Telemark Nei til EU, nestleiar i Skien AUF og politisk rådgjevar i AUF med ansvar for valgkamp og miljøpolitikk. Han er den fyrste opne homofile leiaren av AUF.
Pedersen har eit påbyrja bachelorstudium i statsvitenskap og emne i europeiske og amerikanske studie ved Universitetet i Oslo.
Under terroråtaka 22. juli 2011 var han blant dei fyrste som kom i tryggleik på Utøya.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Eskil Pedersen» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juli 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Eskil Pedersen» frå Wikipedia på svensk, den 27. juli 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Eskil Pedersen» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juli 2011.
| AUF-leiarar etter 1945 | |
|---|---|
| Trygve Bratteli (1945–46) · Rolf Åkervik (1946–49) · Frank Andersen (1949–52) · Ivar Mathisen (1952–55) · Reidar Hirsti (1955–58) · Bjartmar Gjerde (1958–61) · Reiulf Steen (1961–64) · Ola Teigen (1964–69) · Hans Raastad (1969–71) · Bjørn Tore Godal (1971–73) · Rune Gerhardsen (1973–75) · Sissel Rønbeck (1975–77) · Thorbjørn Jagland (1977–81) · Egil Knudsen (1981–85) · Jens Stoltenberg (1985–89) · Turid Birkeland (1989–92) · Trond Giske (1992–96) · Anniken Huitfeldt (1996–2000) · Eva Kristin Hansen (2000–02) · Gry Larsen (2002–06) · Martin Henriksen (2006–10) · Eskil Pedersen (2010–) |