Beryllium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
4 LitiumBerylliumBor


Be

Mg
Beryllium i periodesystemet
Generelle eigenskapar
Namn, kjemisk symbol,
atomnummer
Beryllium, Be, 4
Kjemisk serie Jordalkalimetall
Gruppe, periode, blokk 2, 2, s
Tettleik, hardleik 1850 kg/m3, 5,5 (ikkje SI)
Utsjånad Stålgrått
Beryllium
Atomeigenskapar
Atommasse 9,012182 u (ikkje SI)
Atomradius (berekna) 105 (112) pm
Kovalent radius 90 pm
Ioneradius 31 pm (ladning: +2)
van der Waals radius (?) pm
Elektronkonfigurasjon [He]2s2
Elektron per energinivå 2, 2
Oksidasjonstrinn (oksid) +2 (amfotært)
Krystallstruktur Heksagonal
Fysiske eigenskapar
Tilstandsform Fast stoff
Smeltepunkt 1560 K (1287°C)
Kokepunkt 2742 K (2469°C)
Molart volum 4,87 cm3/mol
Fordampingsvarme 297 kJ/mol
Smeltevarme 11,71 kJ/mol
Damptrykk 10 Pa ved 1608 K
Ljodfart 12870 m/s ved 25 °C
Diverse eigenskapar
Elektronegativitet 1,57 (Paulings skala)
Spesifikk varmekapasitet 1825 J/(kg·K)
Elektrisk konduktivitet 28,1 MS/m
Termisk konduktivitet 200 W/(m·K)
Ioniseringspotensial 899,5 kJ/mol
1757,1 kJ/mol
14849 kJ/mol
Mest stabile isotopar
Iso-
top
Naturleg
førekomst
Halverings-
tid
 (ikkje SI)
NM NE MeV
(ikkje SI)
NP
7Be (kunstig) 53,12 døgn ε
γ
(?)
0,556
7Li
9Be 100% (stabilt)
10Be (spor) 1,51 mill. år β 0,556 10B
SI-einingar og STP er brukt unntatt der det er avmerkt

Beryllium er eit grunnstoff med atomnummer 4 og kjemisk symbol Be. Beryllium er eit jordalkalimetall som er stålgrått, sterkt og lett, men skjørt. Samanlikna med dei andre jordalkalimetalla er det forholdvis sjeldant i jordskorpa. Edelsteinar som akvamarin og smaragd er beryllium-aluminium silikatar. På grunn av høg styrke og smeltepukt, vert beryllium brukt i fly og forsvarsindustrien, oftast i legeringar. Sidan beryllum har låg elektrontettleik og derfor slepp gjenom røntgenstrålar, blir beryllium brukt som vindauge i røntgenaparat. Beryllium virker som nøytronreflektor, og vert derfor nytta i kjernereaktorar og kjernevåpen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Berylliumsambindingar har vore kjent sidan antikken, i form av edelstainar som smaragd og akvamarin (som er mineralet beryll med ulike ureiningar), men det var ikkje kjent som eit grunnstoff før Louis-Nicolas Vauquelin studerte beryll i 1798. Metallet er kalla opp etter dette mineralet. Beryllium vart første gong framstilt i rein form i 1828 av Friedrich Wöhler og Antoine Bussy uavhengig av kvarandre.

Særskilde kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Beryllium er eitt av lettmetalla som har dei høgast smeltepunkt. I tillegg til å vera lett er det sprøtt. Det er i tillegg svært giftig og relativ sjeldant i jordskorpa. Det vert brukt berre i relativt liten grad. Mange berylliumsambindingar smakar søtt, men dei er giftige.

Fysiske kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Beryllium er svært hardt og uelastisk, om lag 50% mindre elastisk enn stål. Smeltepunktet er det høgste av alle lettmetall, 1287 °C.

Kjemiske kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Beryllium er eit jordalkalimetall, og i likskap med dei andre metalla i gruppa, dannar beryllium nesten utelukkande sambindingar der beryllium har oksidasjonstilstand Be(II).

Beryllium er mindre reaktivt enn dei andre alkalimetalla. I luft dannast eit lag av Berylliumoksid (BeO), som hindrar viaere oksidering. Dette laget gjer og at beryllium kan ripe glas. Oksidlaget gjer og at beryllium ikkje vert oppløyst i oksiderande syrer som salpertersyre, men vert oppløyst i saltsyre og ein del andre ikkjeoksiderande syrer.

Beryllium er mindre reaktivt enn ein dei andre jordalkalimetalla, og har eigenskapar som tyder på at det er tale om kovalente bindingar, eller ein har ionet (Be(H_2O)_4)^{2+}). Eit døme er at smelta berylliumfluorid(BeF_2) ikkje leier straum, slik ein skulle vente dersom det var eit ionesamband.

Framstilling[endre | endre wikiteksten]

Beryllium vart framstilt ved å varme opp med natrium-silisium heksafluorid (Na_2SiF_6) og beryll, som gir berylliumfluorid(BeF_2). Berylliumfluorid blir sidan redusert med magnesium til beryllium metall. Ein alternativ metode er elektrolyse av berylliumklorid (BeCl_2) i løyst opp i natriumklorid (NaCl).

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Beryllium vert mykje brukt i som forsterkande del i legeringar.

Grunnstoffet vert brukt som nøytronreflektor i kjernereaktorar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Louis Vauquelin oppdaga stoffet i 1798 som oksidet i beryll. Det vart isolert av to forskarar som arbeida uavhengig av kvarandre, Friedrich Wöhler og A. A. Bussy, i 1828. Dei brukte begge kalium som reagerte med berylliumklorid.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet beryllium kjem frå gresk beryllos (βήρυλλος), eit gresk ord av indisk opphav som viser til beryll - eit mineral som inneheld beryllium, eller ein grøn edelstein. Ordet briller har same opphav.

Stoffet har òg vore kjent under namnet glucinium. Dette kjem frå gresk glykys (γλυκυς), søtt, og vart brukt fordi salt laga med beryllium ofte er søte.

Førekomst[endre | endre wikiteksten]

Beryllium finst i mange mineral, mellom anna i beryll.

Isotopar[endre | endre wikiteksten]

Tryggleik[endre | endre wikiteksten]

Beryllium og berylliumsambindingar er giftige og kan vera kreftframkallande.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]