Biel internasjonale sjakkfestival

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Biel internasjonale sjakkfestival er ei årleg sjakkturnering som har blitt arrangert i Biel i Sveits sidan 1968. Sjakkfestivalen har sjakkturneringar for sjakkspelarar på alle nivå. Sidan 1977 har hovudturneringa vore ei stormeister-turnering, med oftast svært sterk deltaking. Tre gongar har hovudturneringa vore intersoneturnering, i 1976, 1985 og 1993.

Magnus Carlsen fekk sin første siger i ei stor internasjonal turnering i hovudturneringa i Biel i 2007. Han deltok første gong i 2005, 14 år gammal, og kom greit frå det med 4 poeng på 10 rundar. Han blei deretter nr 2 i 2006, nr 1 i 2007, og nr 3 i 2008. Han deltok ikkje i 2009 og 2010, men vann turneringa i juli 2011.

Vinnarar av hovudturneringa[endre | endre wikiteksten]

År Vinnar Nasjon
1968 Edwin Bhend Flag of Switzerland.svg Sveits
1969 Jan Timman Flag of the Netherlands.svg Nederland
1970 Predrag Ostojic Flag of SFR Yugoslavia.svg Jugoslavia
1971 Stanimir Nikolic Flag of SFR Yugoslavia.svg Jugoslavia
1972 Milan Vukic Flag of SFR Yugoslavia.svg Jugoslavia
1973 Milan Vukic og Janos Flesch Flag of SFR Yugoslavia.svg Jugoslavia, Flag of Hungary.svg Ungarn
1974 Bela Soos Flag of Romania.svg Romania
1975 Miso Cebalo, John Pigott og David Parr Flag of SFR Yugoslavia.svg Jugoslavia, Flag of Australia.svg Australia, Flag of Australia.svg Australia
1976 Bent Larsen (Intersoneturnering) Flag of Denmark.svg Danmark
1977 Anthony Miles Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
1978 Bent Larsen Flag of Denmark.svg Danmark
1979 Viktor Korchnoi Flag of Switzerland.svg Sveits
1980 Yehuda Grünfeld Flag of Israel.svg Israel
1981 Eric Lobron og Vlastimil Hort Flag of Germany.svg Vest-Tyskland, Flag of Czechoslovakia.svg Tsjekkoslovakia
1982 John Nunn og Florin Gheorghiu Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia, Flag of Romania.svg Romania
1983 Anthony Miles og John Nunn Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia, Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
1984 Vlastimil Hort og Robert Hübner Flag of Germany.svg Vest-Tyskland, Flag of Germany.svg Vest-Tyskland
1985 Rafael Vaganian (Intersoneturnering) Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen
1986 Lev Polugaevskij og Eric Lobron Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen, Flag of Germany.svg Vest-Tyskland
1987 Boris Gulko Flag of the United States.svg USA
1988 Ivan Sokolov og Boris Gulko Flag of SFR Yugoslavia.svg Jugoslavia, Flag of the United States.svg USA
1989 Vassilij Ivanchuk Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen
1990 Anatolij Karpov Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen
1991 Alexei Shirov Flag of Latvia.svg Latvia
1992 Anatolij Karpov Flag of Russia.svg Russland
1993 Boris Gelfand (Intersoneturnering) Flag of Belarus.svg Kviterussland
1994 Viktor Gavrikov Flag of Switzerland.svg Sveits
1995 Alexei Dreev Flag of Russia.svg Russland
1996 Anatolij Karpov Flag of Russia.svg Russland
1997 Viswanathan Anand Flag of India.svg India
1998 Mladen Palac Flag of Croatia.svg Kroatia
1999 Jeroen Piket Flag of the Netherlands.svg Nederland
2000 Peter Svidler Flag of Russia.svg Russland
2001 Viktor Korchnoi Flag of Switzerland.svg Sveits
2002 Ilya Smirin Flag of Israel.svg Israel
2003 Alexander Morozevitsj Flag of Russia.svg Russland
2004 Alexander Morozevitsj Flag of Russia.svg Russland
2005 Boris Gelfand og Andrei Volokitin Flag of Israel.svg Israel, Flag of Ukraine.svg Ukraina
2006 Alexander Morozevitsj Flag of Russia.svg Russland
2007 Magnus Carlsen Flag of Norway.svg Noreg
2008 Evgenij Alekseev Flag of Russia.svg Russland
2009 Maxime Vachier-Lagrave Flag of France.svg Frankrike
2010 Fabiano Caruana Flag of Italy.svg Italia
2011 Magnus Carlsen Flag of Norway.svg Noreg

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Heimesida til Biel internasjonale sjakkfestival

Kjelder[endre | endre wikiteksten]