Black Sabbath av Black Sabbath

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Black Sabbath
Studioalbum av Black Sabbath
Utgjeve 13. februar 1970
Innspelt November 1969
Trident Studios i London
Sjanger
Lengd 37:45
Selskap Vertigo Records
Produsent Rodger Bain
Kritikk
Black Sabbath-kronologi
Black Sabbath Paranoid
(1970)

Black Sabbath er debutalbumet til det britiske rockebandet Black Sabbath. Albumet nådde 8. plass på det britiske UK Album Chart, då det vart utgjeve 13. februar i Storbritannia. I Dei Amerikanske Sambandsstatane vart det ikkje utgjeve før mai. Black Sabbath er assosiert å vera éin av dei albuma som verkeleg skapte heavy metal-sjangeren.[2]

Innspeling og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

I november 1969 spelte Black Sabbath inn sin debutsingel "Evil Woman", som kom ut i januar, på same tid som dei miksa og gjorde ferdig dei resterande sju songane. Albumet kom ut månaden etter. Tony Iommi skildrar: «Me gjekk berre i studioet og spelte inn albumet på éin dag; me spelte livesettet* og det var det. Vi synest faktisk at ein heil dag var ganske lenge (...)»

Albumet var lansert og utgjeve 13. februar 1970, av Vertigo Records. Albumet nådde på åttandeplass på det britiske UK Album Chart. Albumet nådde på tjuetredjeplass av 200 på den amerikanske Billboard, etter at det vart utgjeve i juni gjennom Warner Bros Records. Dén plassen heldt Black Sabbath i eitt år, og selde éin million kopiar.

Ljodbilete og lyrikk[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart sett på som ganske mørkt på den tida, både musikalsk og lyrisk. Den fyrste songen på Black Sabbath er basert nesten utelukkande på sakte gitarspel og tunge slag på trommer. Lyrikken åt songen omhandlar ein svart skapning som bassist Geezer Butler hevdar å ha sett etter han vakna frå eit mareritt.

Teksten på "N.I.B." er skriven ut frå eit synspunkt på Lucifer. Mange har i lang tid at forkortinga stod for «Nativity in Black», men dette er ikkje faktisk tilfelle. Osbourne skreiv i sin sjølvbiografi at det var ein referanse til trommeslagar Bill Ward sitt flippskjegg som såg ut som ein penn.

Lyrikken til dei andre songane handlar om fabel- og overnaturlege historier. "Behind the Wall of Sleep" er frå novella Beyond the Wall of Sleep, medan trollmannen Gandalf frå Ringdrotten er inspirasjonskjelda til "The Wizard". Ozzy Osbourne spelar munnspel på den sistnemnde songen.

Songane "Warning" og "Evil Woman" er dei einaste bluesrocksongane på Black Sabbath, med tekstar om menneskelege relasjonar og forhold. Fyrstnemnde vart skriven og framført av Aynsley Dunbar's Retaliation, og "Evil Woman" vart fyrst skriven og framført av bandet Crow.

Arva til albumet[endre | endre wikiteksten]

Albumet har fleire gonger vorte kreditert som pioneren heavy metal, stoner rock, doom metal og goth-musikk. Black Sabbath viste at tyngre musikk gav utslag blant publikum, og fleire byrja å spela og vidareutvikla sjangaren. Sjølv om det fanst mange andre «tunge» album, er dei fleste hardrock- og metallband vorte mest inspirert av Black Sabbath og etterfylgjaren Paranoid. Trommeslagaren i Metallica, Lars Ulrich drog ein teori i eit intervju, der han meinte at: «Utan Black Sabbath ville eg enno vore ein avisgut – ikkje noko leven.» I 2003 vart albumet kreditert for det 241. beste albumet av Rolling Stones Magazine av totalt 500.

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Medan Black Sabbath fekk stor internasjonal suksess og no hylla som det fyrste tungmetall-albumet, vart det hamra og panorert av kritikk. Omtalen til Lester Bang – rockkritiker frå Rolling Stone Magazine – sagde: «Som Cream! Men endå verre». Robert Christgau, frå musikkmagasinet The Village Voice, skreiv at det var «den verste av motkultur på ein plasttallerk».

Med tida har tilråingane og omtalane vorte betre. Steve Huey, til dømes, skreiv for Allmusic at: «Sabbaths nedbremsing, med skummel gitarrock, vert lysnaren nesten i ein hallusinatorisk humør, og rangler i sin eigen omtumling, dopa tilstand av medvit». Det vert hald fram at albumet inneheld «massevis av metallklassikarar».

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Omslaget på Black Sabbath skil seg godt frå dei tre fylgjande albuma. Den visar ein svartkledd person utanfor Mapledurham vindmølle, som ligg langsmed Themsen ikkje langt frå Oxfordshire. Silhuetten av ein ramn er synleg i skogen på bakdekselet. Eit omvend kross, med eit dikt, var trykka på den opphavlege utgjevinga, etter ei avgjerd av Vertigo, Sabbath sitt britiske plateselskap. Truleg vart bandet opprørte og irriterte av dette, grunna at det gjekk rykte i media og blant folk flest om at dei vart satanistar og/eller okkultistar. På ei annan side står det i Osbourne sin sjølvbiografi I am Ozzy at ingen var forbanna eller sinte av inkluderinga av krossen.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar av Black Sabbath, utanom merknadane

Europeisk utgåve
# Tittel Lengd
1. «Black Sabbath»   6:16
2. «The Wizard»   4:24
3. «Behind the Wall of Sleep»   3:38
4. «N.I.B.»   6:06
5. «The Warning» (Cover av Crow) 3:25
6. «Sleeping Village»   3:46
7. «Warning»   10:32
Bonusspor frå 1996-reutgjevingen
# Tittel Lengd
8. «Wicked World»   4:47
Bonusspor frå 2009 Deluxe Edition; disc 2
# Tittel Lengd
1. «Wicked World» (B-side frå singel) 4:47
2. «Black Sabbath» (Mislukka studioopptak) 6:22
3. «Black Sabbath» (Instrumental) 6:13
4. «The Wizard» (Mislukka studioopptak) 4:46
5. «Behind the Wall of Sleep» (Mislukka studioopptak) 3:41
6. «N.I.B.» (Instrumental) 6:08
7. «Evil Woman» (Alternativ versjon) 3:47
8. «Sleeping Village» (Intro) 3:45
9. «Warning» (Del I) 6:58


Nordamerikansk utgåve
# Tittel Lengd
1. «Black Sabbath»   6:20
2. «The Wizard»   4:22
3. «Wasp/Behind the Wall of Sleep/Bassically/N.I.B.»   9:44
4. «Wicked World»   4:47
5. «A Bit of Finger/Sleeping Village/Warning»   14:15
Bonusspor frå 2004-reutgjevingen
# Tittel Lengd
6. «Evil Woman»   3:25

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Black Sabbath
Andre medverkande
  • Roger Bain – produsent
  • Tom Allom – teknikar
  • Barry Sheffield – teknikar
  • Marcus Keef – omslagsdesignar, fotograf

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Black Sabbath - Black Sabbath». Metal Storm. http://www.metalstorm.net/bands/album.php?album_id=268. Henta 2011-08-14. 
  2. Black Sabbath, The Rock and Roll Hall of Fame and Museum, Inc. 2007, 2007, http://www.rockhall.com/inductee/black-sabbath, henta 2011-08-21