Bokn kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bokn kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1145
Fylke Rogaland
Adm.senter Føresvik
Areal 47 km²
Folkemengd 865 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2007-) Kyrre Lindanger (Ap)
Målform Nynorsk
Nettstad www.bokn.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1145.svg
Bokn kommune på Commons

Bokn kommune ligg i Rogaland fylke i regionen Haugalandet og grensar i aust til Finnøy, i sør til Rennesøy og Kvitsøy, i nord til Tysvær og i vest til Karmøy. Kommunen vert utgjort av tre øyar der det bur folk, og i tillegg 123 småøyar og holmar. På øya Vestre Bokn bur det mest folk, og nokre mindre på øyane Austre Bokn og Ognøy.

Kommunesenteret er Føresvik.

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Mot Føresvik

Av næringsvegar har kommunen ein del jordbruk, men har òg viktige føretak som Bokn Plast og fiskemottak.

Bokn har eige bibliotek og matvarebutikkar. Kommunen har éin skule, Bokn skule, som er både barne- og ungdomsskule med om lag 120 elevar. Tilknytta skulen finn ein òg Bokn barnehage.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Bokn har brusamband mot resten av Haugalandet og nord-Rogaland og ferjesamband mot sør over Boknafjorden. Sambandet er ein del av Europaveg 39, ein del av hovudvegen mellom Bergen og Stavanger.

Høgaste punkt er Boknafjellet 294 moh på Vestre Bokn. Fjelltoppen har vore lett å kjenna att og orientera seg etter på sjøen. Namnet Bokn skal tyda seglingsmerke.

Kommuneblom og -våpen[endre | endre wikiteksten]

Kommuneblomen til Bokn er kusymra, som lokalt gjerne blir kalla kusom. Blomen vart kåra i ei avstemming.

Kommunevåpenet vert skildra som «Varde i sølv på blå botn». Blåfargen symboliserer at kommunen er ein øykommune med hav kring. Sølvfargen symboliserer rikdomane i havet. Varden symboliserer øyane slik ein kan sjå dei på litt avstand.

Kjente folk frå Bokn[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]