Utsira kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsira kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1151
Fylke Rogaland
Adm.senter Utsira
Areal 6 km²
Folkemengd 219 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2007-) Jarle Nilsen (LL)
Målform Nøytral
Nettstad www.utsira.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1151.svg
Utsira kommune på Commons

Utsira er ein øykommune i Rogaland fylke. Utsira kommune er den norske kommunen med minst innbyggjartal.

Innhaldsliste

Namn og kommunevåpen [endre]

På gamalnorsk heitte øya Utsira berre Síri (nominativ) og Síra (genitiv). Fyrste stavinga «Ut», som kan samanliknast med Out Skerries på Shetland, vart lagt til på 1500- talet. Innbyggjarane kallar framleis øya for Sira og ein innbyggjar vert sjølv kalla «sirabu». Opphavet til namnet Sira er ein ikkje sikre på, men det kan tyda 'sterk straum'. Sira er au namnet på åna som skil Rogaland og Vest-Agder.

Kommunevåpenet i blått og sylv står for fyrlyset frå Utsira fyr slik det lyste tidlegare. Det blei utforma av John Digernes i 1982.[2]

Geografi [endre]

Utsira er 6,15 km² stor og ligg 15 km vest for Karmøy. Turen til og frå øya tek 75 minutt med ferje frå Haugesund. Øya har to ferjeleie, den mest brukte Nordevågen i nord og Sørevågen i sør.[3]

Sjå òg [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]

Fotnotar [endre]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.