Sokndal kommune
| Sokndal kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1111 |
| Fylke | Rogaland |
| Adm.senter | Hauge i Dalane |
| Areal | 294 km² |
| Folkemengd | 3 267 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2011-) | Trond Arne Pedersen (KrF) |
| Målform | Nøytral |
| Nettstad | www.sokndal.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Sokndal kommune på Commons | |
Sokndal er ein kommune heilt sør i Rogaland fylke, i Dalane. Kommunen grensar mot Vest-Agder fylke. Kommunen grensar i vest mot Eigersund, i nord mot Lund, og i søraust mot Flekkefjord. Sokndal kommune er kjend for strandstaden Sogndalsstrand og Jøssingfjord. Jøssingfjord er opphav til omgrepet jøssing, som dukka opp i Noreg under andre verdskrigen.
Sokndal kommune er Noreg sin fyrste medlemskommune av rørsla Cittaslow. Rørsla legg vekt på at ein skal ta vare på lokale særdrag. Eit hovudmål er å betra livskvalitet og skapa identitet til kommunen og staden.
Hjørnesteinsføretaket er Titania A/S som hentar ut titanmalm frå eit dagbrot. Titania er ein av dei største produsentane i verda av ilmenitt (jerntitanoksid).
Folketalsutvikling [endre]
Folketalsutvikling for noverande Sokndal kommune frå 1900:
| 1900 [2] | 1.12.1920[3] | 1.12.1930[4] | 3.12.1946[4] | 1.1.1951[5] | 1.1.1961[5] | 1.1.1971[5] | 1.1.1981[5] | 1.1.1991[5] | 1.1.2001[5] | 1.1.2010[5] |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 2968ab | 2811ab | 2728ab | 3127ab | 3234a | 3578a | 3480 | 3440 | 3453 | 3354 | 3285 |
- a Talet omfattar eit område som var del av Sokndal kommune fram til 1947, då det vart overført til Eigersund kommune. Dette området hadde då 7 innbyggjarar.
- a Talet omfattar ikkje garden Tjørn, som var del av Eigersund kommune fram til 1967, då han vart overført til Sokndal kommune, med eit innbyggjartal på 10 personar.
Bakgrunnsstoff [endre]
Fotnotar [endre]
- ↑ Kjelde: SSB
- ↑ "Hjemmehørende folkemengde Rogaland 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 7. oktober 2010
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Folkemengd i Sokndal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
| Kommunar i Rogaland | ||
|---|---|---|
| Bjerkreim · Bokn · Eigersund · Finnøy · Forsand · Gjesdal · Haugesund · Hjelmeland · Hå · Karmøy · Klepp · Kvitsøy · Lund · Randaberg · Rennesøy · Sandnes · Sauda · Sokndal · Sola · Stavanger · Strand · Suldal · Time · Tysvær · Utsira · Vindafjord | ||