Kvitsøy kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kvitsøy kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1144
Fylke Rogaland
Adm.senter Ystabøhamn
Areal 5 km²
Folkemengd 528 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Mirjam Ydstebø (LL)
Målform Nøytral
Nettstad www.kvitsoy.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1144.svg
Kvitsøy kommune på Commons

Kvitsøy er ein kommune, eit kyrkjesokn og ei øygruppe utanfor Stavanger i Rogaland fylke.

Dei 365 øyar, holmar og skjer er til saman 5,73 kvadratkilometer. Kommunen vert omgjeve av dei ytre delane av Boknafjorden. Mot nord ligg Karmøy og Bokn, mot aust Rennesøy og Randaberg.

Fire av øyane har fastbuande, opphavleg var her seks gardar med krøtter. Det finst to større busetnader, og dei ligg ved tidlegare fiskehamner: Ystabøhamn i vest og Leiasundet i aust.

Bustadhus ved Ydstebøhamn. (Foto: Roar Johansen)

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kvitsøy ligg midt i skipsleia og ho var tidleg ein viktig møteplass. Erling Skjalgsson og Olav Haraldsson hadde fredsmøte her i 1016 og gjorde semje om fred. Eit anna fredsmøte hende i 1208baglerkongen Filippus Simonsson og birkebeinarleiaren Inge Bårdsson gjorde «kvitsøysemja» om kven som skulle styre i Vika.

Den første kyrkja, St Clemens-kyrkja vart truleg bygd samstundes med Stavanger domkyrkje. I dag er kyrkjeruinane ein låg haug ved Leiasund rett nord for steinkrossen på Krossøy. Ei ny kyrkje i tømmer, Kvitsøy kyrkje vart bygd i 1620.

Kvitsøy sokn er såleis eldgammal, men den vart eigen kommune først i 1923.[2]

I kommunen kom det ein stor radiosendar i 1982, eit sendeanlegg for sendingar på kortbølgje- og mellombølgje. Radiosendaren vart omtala som "Kvitsøysendaren" eller som "Kvitsøy kringkastar", men er allereie historie ettersom kortbølgje- og mellombølgjesendarane var lagt ned i 2004 høvesvis 2006.

Sendaren er ikkje lagt ned heilt. Det er fortsatt litt drift via sendaren, men i betydeleg mindre grad enn tidlegare.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var fangst av sild, mort og hummar viktige levevegar. Hummarfisket hadde stor verdi frå starten på 1800-talet til ca 1955. I dag er mange tilsette i småindustri, på Kvitsøy trafikksentral og i kommunen. Trafikksentralen kom i 2003, erstattar lósstasjonen og syter for trykkleik på havet frå Ryvarden til Jærens rev.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Steinkross i storleik 3,90 * 1,87 meter, navigasjonsmerke og kristent symbol reist mellom 800 - 1050 e.Kr. (Foto: Roar Johansen)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]