Etnedal kommune
| Etnedal kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 0541 |
| Fylke | Oppland |
| Adm.senter | Bruflat |
| Areal | 458 km² |
| Folkemengd | 1 405 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2007-2011) | Jan Arild Berg (Sp) |
| Målform | Nøytral |
| Nettstad | www.etnedal.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Etnedal kommune på Commons | |
Etnedal kommune ligg i Oppland fylke og grensar i aust mot Nordre Land, i sør mot Sør-Aurdal, og i vest og nord mot Nord-Aurdal.
Kommunen er den austlegaste i landskapet Valdres og blei oppretta 1894 ved at Bruflat sokn frå Sør-Aurdal og Nord-Etnedal sokn frå Nord-Aurdal blei slegne saman til den nye Etnedal kommune.
Innhaldsliste |
Geografi [endre]
Elva Etna renn frå innsjøen Steinsetfjorden vest i kommunen, forbi Bruflat, før den passerer Lunde bru, Høljarast bru og helleristingane ved Møllerstufossen og renn ut i Randsfjorden. Elva er ikkje regulert.
Næringsliv [endre]
Hovudnæringane i kommunen er husdyrhald og skogbruk, men det er også aktivitet innanfor industri og turisme.
Tusenårsstad [endre]
Kommunens tusenårsstad er kommunesenteret Bruflat. Her er det laga ein park ved omsorgsbustadene, og kommunen skal etterkvart forsøke å få oppført eit lite bygdetun med gamle hus for aktivitetar.
Ting å sjå [endre]
- Lunde bru, som er attgjeven på kommunevåpenet. Den er Nord-Europas lengste steinkvelvsbru, og blei bygd i 1829 som ein del av den gamle kongevegen til Bergen. I 1992 blei ein del av denne vegen oppussa og er nå i bruk som naturstig og turveg.
- Høljarast bru, krigsminnesmerke.
Bakgrunnsstoff [endre]
Fotnotar [endre]
| Kommunar i Oppland | ||
|---|---|---|
| Dovre · Etnedal · Gausdal · Gjøvik · Gran · Jevnaker · Lesja · Lillehammer · Lom · Lunner · Nord-Aurdal · Nord-Fron · Nordre Land · Ringebu · Sel · Skjåk · Søndre Land · Sør-Aurdal · Sør-Fron · Vang · Vestre Slidre · Vestre Toten · Vågå · Østre Toten · Øyer · Øystre Slidre | ||