Eynhallow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eynhallow
Geografi
Eynhallow is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 59°8′ N 3°7′ WKoordinatar: 59°8′ N 3°7′ W
Øygruppe Orknøyane
Areal 0,75 km²
Høgaste punkt 30 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Orknøyane
Demografi
Folketal 0

Eynhallow (norrønt Eyinhelga) er ei lita folketom øy i Orknøyane nord for Skottland.

Eynhallow i 1980

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Eynhallow ligg i Eynhallow Sound mellom Mainland og Rousay. Ho er 75 hektar stor.

Det kan vere vanskeleg å gå i land på øya fordi tidvasstraumane i sunda rundt øya er sterke.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hovudattraksjonen på øya er ei kyrkje frå 1100-talet eller tidlegare, som kan ha vore ein del av eit kloster.[2] Staden vert vedlikeheldt av Historic Scotland.

I 1841 hadde øya 26 innbyggjarar..[2] Ho har vore busett sidan Highland clearances, der landeigarane jaga leiglendingane bort i 1851. Øya er i dag eit fuglereservat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Eynhallow». Around Rousay. http://www.aroundrousay.co.uk/eynhallow.shtml. Henta 12. mars 2010. 
  2. 2,0 2,1 «Overview of Eynhallow». Gazetteer for Scotland. http://www.geo.ed.ac.uk/scotgaz/features/featurefirst1727.html. Henta 12. mars 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]