Papa Westray

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Papa Westray
Geografi
Papa Westray is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 59°21′N 2°54′WKoordinatar: 59°21′N 2°54′W
Øygruppe Orknøyane
Areal 9,18 km²
Høgaste punkt North Hill (49 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Orknøyane
Største busetnad Backaskaill
Demografi
Folketal 65 (2001)
Folketettleik 7,1 /km²

Papa Westray, òg kalla berre Papay, er ei øy i Orknøyane i Skottland. I 2001 hadde øya 65 innbyggjarar, i dag 70.[1] Jordsmonnet er særs frodig,[2] og dette har i lange tider trekt til seg folk til øya.

Westray frå Papa Westray
Gardshuset på Knap of Howar.

Historiske attraksjonar på øya er mellom anna Holland House og det tilknytte folkemuseumet og steinaldergarden Knap of Howar.

Ho er den tiande største av Orknøyane med eit areal på om lag 9 km². Dette gjer ho òg til den nest minste av dei busette øyane.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Mange fuglar hekkar på øya, mellom anna isterne og tjuvjo. Det var ein av dei siste stadane der ein fann geirfugl før den siste vart drepen i 1813. Delar av øya inngår i eit fuglereservat.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gardsbruket Knap of Howar frå yngre steinalder er det eldste bevarte huset i Nord-Europa, datert til kring 3500 f.Kr..[2] Gardshuset består av to nært rektangulære steinrom, side om side, med ei dør i mellom, og med dører til utsida på vestsida.[2]

I følgje segnene skal den piktiske kong Nechtan på 700-talet ha prøvd å forføre ei ung kvinne kalla Triduana på øya. Kvinna reagerte med å grave ut augo sine. Ho vart seinare abbedisse i eit nonnekloster ved Restalrig, i dag ein del av Edinburgh og vart seinare kanonisert som St. Tredwell. Det står eit kapell tileigna henne på Papa Westray og dette vart ein pilegrimsstad for folk med augeplager.

På øya står òg ei soknekyrkje frå 1100-talet tileigna St. Boniface (nyleg restaurert) med norrøne runesteinar (truleg frå 1100-talet) på kyrkjegarden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Working Lunch, BBC Television
  2. 2,0 2,1 2,2 Keay, J. & Keay, J. (1994) Collins Encyclopaedia of Scotland. London. HarperCollins.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]