Wyre i Orknøyane
| Wyre | |
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Atlanterhavet |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Øygruppe | Orknøyane |
| Areal | 3,11 km² |
| Høgaste punkt | 32 moh. |
| Administrasjon | |
| Land | Skottland |
| Region | Orknøyane |
| Demografi | |
| Folketal | 18 (2001) |
| Folketettleik | 5,8 /km² |
Wyre, òg tidlegare skrive Weir, er ei øy i Orknøyane i Skottland, søraust for Rousay. Ho har eit areal på 3,11 kvadratkilometer og det høgaste punktet ligg 32 meter over havet.
Det går båt frå øya til Tingwall på Mainland, Egilsay og Rousay.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Det finst to historiske monument på øya, Cubbie Roo's Castle og St Mary's Chapel.
Biskop Bjarni voks opp på Wyre og var son av Kolbein Hruga. Han dikta mellom anna Jómsvíkingadrápa og spelte ei viktig rolle i kanoniseringa av Ragnvald jarl.[1]
Diktaren Edwin Muir (1887-1959), kjend frå den skotske renessansen voks opp på Wyre. I sjølvbiografien sin skriv han om seg sjølv: «Eg er ein orknøymann, ein god skandinav».[2]
Cubbie Roo's Castle [endre]
Cubbie Roo's Castle vart bygt kring 1150 og er eit av dei eldste slotta i Skottland, mellom anna nemnt i Orkneyinga Saga. Det har fått namn etter Kolbein Hruga som skal ha budd der.[2]
I Håkonssoga vert det nemnt at etter at den siste norrøne jarlen på Orknøyane, Jakob jarl, vart myrda i Thurso, flykta drapsmennene hans til Wyre. Dei søkte tilflukt i dette slottet, som var så sterkt at forfylgjarane deira måtte inngå ein avtale med dei for å få dei ut derfrå..[2]
St Mary's Chapel [endre]
Midt på øya står eit taklaust, men stort sett komplett, kapell frå 1100-talet, St Mary's Chapel. Det har romansk arkitektur, som syner at nordmennene, som var mest kjend for vikingtokta sine, òg hadde kulturell påverknad frå andre stader av verda. Kapellet er delvis restaurert.[2]
Geografi [endre]
Som det meste av Orknøyane består Wyre av gammal raud sandstein frå devontida.[2]
Øya er lågtliggande og er forma som ein likebeint trekant på sidene. Mellom øya og Rousay ligg Wyre Sound.
Rousay ligg i nord, Gairsay i sør, Mainland i sørvest og Shapinsay i søraust.
Dyreliv [endre]
Wyre er kjend for gråsel og kobbe og har eit rikt fugleliv.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Wyre, Orkney» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff [endre]
|
|
|
|---|---|
| Øyar i Orknøyane | |
| Busette øyar | Mainland · Auskerry · Burray · Eday · Egilsay · Flotta · Gairsay · Graemsay · Hoy · North Ronaldsay · Papa Stronsay · Papa Westray · Rousay · Sanday · Shapinsay · South Ronaldsay · South Walls · Stronsay · Westray · Wyre |
| Andre øyar | Eynhallow · Helliar Holm · Lamb Holm · Switha · Swona |
| Byar og landsbyar | Kirkwall · Balfour · Finstown · Houton · Longhope · Lyness · Stromness · Whitehall |