Burray

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Burray
Geografi
Burray is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 58°51′4″ N 2°55′48″ WKoordinatar: 58°51′4″ N 2°55′48″ W
Øygruppe Orknøyane
Areal 9,03 km²
Høgaste punkt 80 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Orknøyane
Største busetnad Burray Village
Demografi
Folketal 357 (2001)
Folketettleik 39,5 /km²

Burray er ei øy i Orknøyane i Skottland. Ho ligg aust for Scapa Flow og er ei av ei rekkje øya knytte saman med Churchill Barriers.

Barrier 4, mellom øya og South Ronaldsay
Sauer på Burray

Geografi og geologi[endre | endre wikiteksten]

Burray ligg mellom Mainland og South Ronaldsay og er landfast til begge via Churchill Barriers. Barriers 1, 2 og 3 knyt Burray til Mainland via øyane Glimps Holm og Lamb Holm i Holm Sound i nordaust. Barrier 4 går til South Ronaldsay, over Water Sound. I vest ligg tidvassøya Hunda, som ho òg har vegsamband til. Lenger vest, over Scapa Flow, ligg øyane Flotta og Calf of Flotta, om lag 6 km unna.

I 2001 hadde Burray 357 innbyggjarar. Den største landsbyen er Burray Village, ein tidlegare fiskelandsby på sørvestsida. Andre busetnader på øya er Northtown, Southtown og Hillside.

Burray består av gammal raud sandstein frå devontida.[1]

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Det ligg eit fossilmuseum på Burray ved Viewforth.[2]

Øya har eit forholdsvis rikt fugleliv med mykje måse og spove.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Churchill Barrier 3, mellom Glimps Holm og Burray

14. oktober 1939 vart det britiske slagskipet HMS «Royal Oak» søkkt ved hamna i Scapa Flow av ein tysk ubåt. U-47 hadde kome inn i Scapa Flow gjennom Holm Sound, like nord for Burray, ein av fleire innløp til Scapa Flow i aust. Dei austlege innløpa var verna av søkkte skip, sperring og ubåtnett, men U-47 kom seg forbi blokkaden ved flo sjø om natta.

For å hindre fleire åtak gav Winston Churchill ordre om å byggje permanente barrierar. Arbeidet starta i mai 1940 og stod ferdig i september 1944, men vart ikkje offisielt opna før 12. mai 1945, fire dagar etter den andre verdskrigen var over.

På det meste deltok over 2000 mann samstundes i arbeidet, mellom desse 1300 italienske krigsfangar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
  2. «The Churchill barriers». Living in Orkney. http://www.simontreasure.name/about-orkney/orkney-birds/echnaloch-burray/burray-and-the-barriers/. Henta 7. mars 2010.